605 Nature & Outdoor Studies, 1 year programme
Introduction
Target Group and Admission Requirements
Studiet passar for studentar med interesse for natur og friluftsliv, og kan gå inn som del av bachelorstudium, for eksempel saman med studier retta mot arbeid med forvaltning og formidling om miljø og naturopplevingar.
Opptakskrav er generell studiekompetanse. Det blir ikkje stilt spesielle krav om realfagsemne frå vidaregåande skole.
Aim of the Programme
Studiet er ei tverrfaglig utdanning som tar sikte på å formidle forståing for naturgrunnlaget for friluftsliv og mennesket sin plass i naturen. Det blir lagt vekt på at kunnskap om levande organismnar og prosessar i naturen skal aue opplevinga av og interessa for å ferdast i naturen og vidare å kunne formidle dette til andre. Studiet er ei tverrfagleg utdanning som skal gi studentane grunnlag for aktivt og realistisk samfunnsengasjement innan det aktuelle fagområdet, og formidle ulike verdisyn i samband med dette. Studiet skal vidare danne fagleg grunnlag for vidare studium på bachelornivå og mastergradsnivå.
Further Education opportunities
Studiet kan gå inn som del av dei 3-årige bachelorstudia. Med fullført årsstudium i natur og frilfutsliv kan du få overgang til bachelorstudia i naturforvaltning og i helse- og miljøvern og søkje deg vidare på bachelorstudiet i natur og friluftsliv
Curriculum and structure
Teaching and Learning Methods
Studentane blir følgt opp under heile studieløpet med arbeids- og læringsformer som inkluderer felt-og laboratorieundervisning med rapportskriving, prosjekt, seminaroppgåver, gruppe- og seminarundervisning, forelesingar osv. Det er lagt vekt på praktiske prosjekt i læringsprosessen. Dei ulike arbeids- og læringsformene er omtalt i dei enkelte emneomtalane.
Gyldig fråvær (sjukemelding) inntil 20% frå ein obligatorisk del av eit emne vil bli akseptert. Ved fråvær større enn 20% vil ikkje studenten få godkjent denne delen av emnet. Studenten vil i så fall ikkje ha krav på fortrinnsrett til plass på felt/labkurset neste gongen det blir sett opp.
Theory and Practical Training
Assessment Methods
I dei fleste emna vil det vere både undervegsvurdering og sluttvurdering.
I mange emne vil seminaroppgåver og liknande vere del av vurderinga. Aktuelle vurderingsformer går fram av emneomtalane.
Minor adjustments may occur during the academic year, subject to the decision of the Dean
Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <gunhild.haugenSPAMFILTER@hit.no>, last modified - 04/01/2006