Social and Regional Accents of English 2025
Course Objectives
Målet med studiet er
1. å gi ei innføring i regional og sosial variasjon i engelsk uttale;
2. å sjå på problem i samband med undersøking og beskriving av språkvariasjonar;
3. å studere eksempel frå einskilde uttalevariantar av engelsk frå Storbritannia og Nord-Amerika i detalj.
Course Description
Som bakgrunn for kurset vil vi sjå på utviklinga av lydsystemet i engelsk, og kva for endringar som skjedde/ikkje skjedde i ein del område. Det vil og bli sett på nokre relevante aspekt innan britiske og amerikanske kulturkunnskapsemne. Den største delen av kurset vil likevel bli studiet av einskilde sosiale og regionale uttalevariantar.
All undervisning og studentaktivitet går føre seg på engelsk
Learning Methods
Forelesingar og seminar inntil 3 t/v.
Assessment Methods
Undervegsvurdering som tel 40% av samla karakter. Skriftleg sluttprøve tel 60%. Både undervegsvurdering og sluttprøve må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.
Minor adjustments may occur during the academic year, subject to the decision of the Dean
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 14/02/2007