Text, communication and culture, bachelor

Target Group and Admission Requirements

Opptakskrav er generell studiekompetanse.

Målgruppe er søkjarar som ønskjer å arbeide med tekst, anten det er snakk om eiga skriving eller konsulentarbeid, kulturjournalistikk eller kulturformidling generelt. Kvart av studieåra er ei avslutta eining, det vil derfor vere mogleg å søkje opptak til andre og tredje året på grunnlag av annan relevant utdanning.

Aim of the Programme

Mål for studieprogrammet er å kvalifisere for konsulentarbeid, kulturjournalistikk, kulturformidling og undervisning. Studiet skal gi eit godt grunnlag for å undervise i humanistiske fag etter læreplanen ”Kunnskapsløftet”. Både engelsk, norsk og historie er fag som fordrar kommunikasjons- og kulturperspektiv etter den nye læreplanen, og fordjupinga i studiet let seg lett kombinere med desse faga. Fordjupinga gir undervisingskompetanse i studieretningsfaget ”Kommunikasjon og kultur” i vidaregåande skole. Studiet skal og gi grunnlag for mastergrad i kulturstudiar, tekstvitskap og tilsvarande studiar.

Nokre av emna vil bli undervist på engelsk, og det er eit mål at studentane også skal øve opp evne til god skriftleg og munnleg kommunikasjon på engelsk. To av eksamensemna har derfor både ein norsk og engelsk variant.

Further Education opportunities

Studiet kan danne grunnlag for mastergrad i kulturstudiar, tekstvitskap og tilsvarande studiar. Einskilde emne kan inngå i andre bachelorstudiar. Fleire av emna vil kunne passe godt som etter- og vidareutdanning for lærarar i alle skoleslag, til dømes Tekst, bilde, lyd – på skjerm.

Studiet er lagt opp slik at eitt semester kan bytast ut med studiar ved ein utanlandsk samarbeidsinstitusjon. Studiet vil vere ein del av Norplusnettverket som tilbyr kulturutdanning i Århus og Odense i Danmark , i Ørebro og Södertälje i Sverige og i Åbo og Helsinki i Finland og Reykjavik på Island. I tillegg er det god kontakt med Syddansk Universitet for fagområdet idèhistorie.

Instituttet har samarbeidsavtale med Franklin College, USA der studentane kan velje inntil eitt års studium i anten drama/teater, journalistikk eller leiing. Vi har og avtaler med Luther College, Decorah, Iowa, St.Olaf College, Northfield,Minnesota og Augustana College, Sioux Falls, South Dakota i USA og Augustana Faculty, UA, Camrose i Canada

Curriculum and structure

Tekst, kommunikasjon og kultur er eit treårig studium. Tekst forstått som kommunikasjon er det samlande emnet for studiet. Tekstomgrepet omfattar både munnlege, skriftlege og samansette tekstar (det vil seie tekstar som inkluderer bilde, musikk og grafikk. Hovudområdet (fordjupinga) omfattar studiet av korleis tekstar er bygd opp og kva normer som gjeld for tekstskaping og tekstforståing, anten det er snakk om vitskaplege avhandlingar eller sms, romanar eller blogg, folkedikting, lesebøker eller religiøse tekstar. Sjangerlære, tekstanalyse, tekstproduksjon og teksthistorie inngår i hovudområdet. Historiske, sosiale og kulturelle tilhøve viser seg i tekstar, og dette studiet handlar om korleis tekstar er med på å skape, oppretthalde eller utfordre desse tilhøva. Dessutan omfattar hovudområdet praktiske kurs i skriftleg og munnleg formidling.

Første studieår blir kalla Tekst og kultur og inneheld førebuande kurs i filosofi, innføring i tekst- og kulturteori, tekst- og kulturanalyse og skriftleg og munnleg formidling på engelsk og norsk.

Andre studieår handlar om Kultur, språk og makt. Her er temaene kulturanalyse, modernitet og postmodernitet. Emna skal gi innsikt i sentrale tankar og tekstar som har prega vestleg kultur dei siste to hundre åra. I vårsemesteret kan studentane velje mellom to løp. Det eine er kalla Tekst, lyd og bilde – på skjerm, dette handlar om digital kultur, digitale verktøy og analyse og produksjon av skjermtekster. Den andre valretningen er kalla Norsk språk og kultur, og tar opp språk og makt og historiske og sosiale implikasjonar ved språk og tekst, skrift og tale, normer og normsetting.

Haustsemesteret tredje studieår har overskrifta Culture and Dialog og her vil både undervisning og eksamen vere på engelsk.. Temaene vil vere interkulturell kommunikasjon, fleirkulturell forståing og religion og konflikt. I dette semesteret blir det lagt inn ein studietur til eit passande område i utlandet på 1-2 veker. Dette semesteret kan vere eit aktuelt tilbod for utanlandske studentar ved høgskolen. Studentar ved studiet som ønskjer eit utvekslingssemester, blir rådd til å gjere det i dette semesteret. Sjette og siste semester har nemninga Forsking og formidling og vil innehalde feltarbeid, skrivekurs (på engelsk eller norsk) og ei bacheloroppgåve.

Hovudområdet eller fordjupinga må være på minst 80 studiepoeng. Emne som reknast til fordjupinga er merkt med stjerne i den skjematiske oversikta over studieplanen. Planen har 12 emne merkt med stjerne.

Teaching and Learning Methods

Undervisninga har til vanleg form av forelesingar og seminar med høg grad av studentaktivitet. Det vil bli lagt stor vekt på skriftlege innleveringar og munnlege framføringar. Studentane skal vere opponentar på oppgåvene til kvarandre. Ein nyttar Classfronter som supplement til ordinære undervisingsformer. I fleire emne vil det vere krav om minst 60% frammøte til undervisninga. I einskilde emne kan undervisninga bli organisert som samlingar over to dagar.
Sjå elles omtale under dei einskilde emna.

Ein tek sikte på ei vekes utanlandsekskursjon i tredje studieår.

Assessment Methods

Individuelle skriftlege eksamenar med bokstavkarakterar, der A til E er stått, og F er ikkje stått. Delprøver kan inngå i sluttkarakteren i dei einskilde emna.

Innleveringar av skriftlege arbeid og munnlege presentasjonar.
Alle deleksamenar og obligatoriske oppgåver må vere stått for å få stått i heile emnet.

Sjå under dei einskilde emna den eksamensforma som gjeld.


Minor adjustments may occur during the academic year, subject to the decision of the Dean

Publisert av / forfatter Mette Venheim <mette.venheimSPAMFILTER@hit.no>, last modified Espen Johansen - 27/12/2007