666 1-årig studium i natur- og miljøvern

Målgruppe og opptakskrav

Studiet passar for studentar med interesse for naturen rundt oss, og kan gå inn som del av bachelorstudium, for eksempel studier retta mot arbeid med miljøspørsmål.
Opptakskrav er generell studiekompetanse/realkompetanse. I tillegg til generell studiekompetanse/realkompetanse er det frå hausten 2005 krav om 2MX eller 2MY eller 3MZ og i tillegg 3MX eller 3FY eller 3KJ eller 3BI.

Mål for studieprogrammet

Det 1-årige studiet tek sikte på å gi studentane ein fagleg basis i natur- og miljøvernfag som kan nyttast vidare i studium ved universitet og høgskolar eller som kan kombinerast med tidlegare utdanningar. Grunnstudiet er sett saman av grunnleggjande naturfaglege emne og fag som tek opp og diskuterar aktuelle miljøproblem i samfunnet vårt.
Studiet er ei tverrfagleg utdanning som skal gi studentane grunnlag for aktivt og realistisk samfunnsengasjement innan det aktuelle fagområdet, og formidle ulike verdisyn i samband med dette.

Videre studiemuligheter

Studiet kan gå inn som del av dei 3-årige bachelorstudia på instituttet.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Årsstudium i natur- og miljøvern
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
4002 Naturgeografi 20,00 O 5 15
4005 Biologi og miljø 20,00 O 20  
5618 Informasjonsbehandling 5,00 O 5  
4004 Menneske, miljø og utvikling 15,00 O   15
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Arbeids- og læringsformer

Studentane blir fulgt opp under heile studieløpet med arbeids- og læringsformer som inkluderer felt-og laboratorieundervisning med rapportskriving, prosjekt, seminaroppgåver, gruppe- og seminarundervisning, forelesingar osv. Det er lagt vekt på praktiske prosjekt i læringsprosessen. Dei ulike arbeids- og læringsformene er omtalt i dei enkelte emneomtalene.

Gyldig fråvær (sjukemelding) inntil 20% frå ein obligatorisk del av eit emne vil bli akseptert. Ved fråvær større enn 20% vil ikkje studenten få godkjent denne delen av emnet. Studenten vil i så fall ikkje ha krav på fortrinnsrett til plass på felt/labkurset neste gongen det blir sett opp.

Vurderingsformer

I dei fleste emna vil det vere både undervegsvurdering og sluttvurdering.
I mange emne vil seminaroppgåver og liknande vere del av vurderinga. Aktuelle vurderingsformer går fram av emneomtalene.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <gunhild.haugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av  - 31.05.2005