Vevpublisering 3308
Læringsmål
Studentane skal, gjennom teoretisk pensum og praktiske øvingar, få kjennskap til korleis nettet er bygd opp, korleis det fungerar og kva det kan nyttast til. Studentane skal opparbeide seg dugleik til å kunne bidra aktivt med informasjon på internett.
Innhold
Internetts oppbygging og virkemåte. HTML-standarden og litt om andre dokumentstandardar som er relevante for web. Utvikling av statiske vevdokument med stilreglar. Innføring i kva som er god vevdesign. Bruk av lyd, bilde og video på veven. Praktiske øvingar i bruk av internett og utvikling av vevsider ved hjelp av egna utviklingsprogramvare.
Organisering
3 timers forelesingar med øvingar og rettleiing pr veke i vårsemesteret.
Vurderingsformer
4 timars slutteksamen. Det blir gitt obligatoriske oppgåver som skal vere innleverte og godkjende før ein kan gå opp til slutteksamen. Graderte karakterar.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Ralph Ingemar Stålberg <Ralph.StalbergSPAMFILTER@hit.no> - 22.11.2006