303 Kulturformidling og leiing, deltidsstudium
Målgruppe og opptakskrav
Opptaksgrunnlaget er generell studiekompetanse, med dei unnatak og overgangsordningar som følgjer av regelverket. Ein kan gjennomføre ein eller fleire modular. Det vil bli skrive ut karakterbevis for dei einskilde modulane.
Mål for studieprogrammet
Studietilboda har to målsetjingar. Det tek sikte på å gi studentane ei heilskapleg forståing for det rom og dei vilkår kulturlivet har i samfunnet, og gi kompetanse i emna kulturformidling/ kulturadministrasjon/ kultur og leiing. Studia rettar seg mot tilsette i den kommunale og fylkeskommunale kultursektoren, mot private og offentlege musikk- og kulturinstitusjonar og -organisasjonar og mot arrangørar. Studia vil også vera relevante for dei med kunstnarleg og/eller pedagogisk bakgrunn og for dei som arbeider med informasjon og formidling generelt.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Ny fagblokk
|
Arbeids- og læringsformer
Oppbygging, undervisnings- og læringsformer
Studia er lagt opp slik at det skal vere mogleg å kombinere studiet med fulltidsarbeid. Studia er basert på ein kombinasjon av undervisning, veiledning, sjølvstudium og løysing av oppgåver. Kjernen i undervisninga er to vekesamlingar pr. semester med to introduksjonsdagar i det første semester knytt til første samling. Det nettbaserte undervisingssystemet ClassFronter vil vere eit vesentleg hjelpemiddel i undervisinga, og utanom samlingane vil det vere kontakten mellom kursleiing, førelesarar og deltakarar. Det er derfor ein føresetnad at studentane har tilgang til Internett og e-post.
Pensum
Pensum er 5000 sider hvorav 1400 sider ersjølvvaldpensum knyttet til oppgaveskrivingen fordelt på bolk I og II.
Vurderingsformer
Skriftlig gruppeoppgåve (haustsemester) som tel 40 % av samla karakter og ei skriftlig individuell oppgåve (vårsemester) som tel 60 %. Ein nyttar bokstavkarakterar, der A til E er bestått, og F er ikkje bestått. Båe oppgåvene må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Ralph Ingemar Stålberg <Ralph.StalbergSPAMFILTER@hit.no> - 19.09.2006