448 Helse- og miljøvern, Bachelorstudium

Innledning

Målgruppe og opptakskrav

Studiet passar for studentar som vil kvalifisere seg for arbeidsoppgåver innan miljøretta helsevern, internkontroll, matkontroll og liknande.

Opptakskrav er generell studiekompetanse/realkompetanse. I tillegg til generell studiekompetanse/realkompetanse er det frå hausten 2005 krav om 2MX eller 2MY eller 3MZ og i tillegg 3MX eller 3FY eller 3KJ eller 3BI eller kombinasjonen 2KJ+3BT eller 2BI+3BT. HiT godkjenner 3NA.

Dersom du bare har generell studiekompetase, kan du først søkje om opptak til årsstudiet i natur og friluftsliv og derifrå få overgang til bachelorstudiet i helse- og miljøvern.

Mål for studieprogrammet

Studiet gir tverrfagleg utdanning innan natur- helse- og miljøvernfag. Studentane skal få kunnskap om korleis ulike forhold i miljøet påverkar helsa til menneske. Studiet skal leggje grunnlag for eit aktivt og realistisk samfunnsengasjement innan det aktuelle fagområdet, og formidle ulike verdisyn i samband med dette.

Videre studiemuligheter

Studiet gir grunnlag for opptak på 2- årig mastergradsstudium i natur-, helse- og miljøvern

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


3-årig bachelor i helse- og miljøvern
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
4006 Menneske og miljø 10,00 O 10          
4007 Biologi og miljø 20,00 O 10 10        
4008 Friluftsliv, jakt og fiske 10,00 O 10          
4009 Naturgrunnlag og landskap 10,00 O   10        
4010 Menneske og natursyn 10,00 O   10        
4100 Matematikk for økologar 10,00 O     10      
4101 Generell kjemi 10,00 O     10      
4102 Arealforvaltning og kommunal planlegging 10,00 O     10      
5550 Statistikk I 5,00 O       5    
4103 Kjemi i levande organismar 5,00 O       5    
4104 Vannressurser, (limnologi og
hydrogeologi)
20,00 O       20    
4256 Vannforsyning, avløp og avfall 10,00 O         10  
4206 Vegetasjonsøkologi 10,00 V         10  
4207 Ferskvannsfiske og
vannressursforvaltning
10,00 V         10  
2150 Praktisk norsk i forvaltninga 5,00 V         5  
5551 Statistikk II 5,00 V         5  
4259 Støy og lufthygiene 10,00 O         10  
4255 Mikrobiologi 10,00 O           10
4257 HMS, Internkontroll, helse- og
miljøforvaltning
10,00 O           10
5702 Geografisk analyse 10,00 O           10
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne


Valemne
Bachelorstudiet har 10 studiepoeng med valemne i haustsemesteret siste studieår (5. semester). I emnetabellen er det ført inn eksempel på valemne som er relevante for studiet. Emna 4206 Vegetasjonsøkologi og 4207 Ferskvannsfiske og vannressursforvaltning er obligatoriske på bachelorstudiet i naturforvaltning. Kvart studieår blir det normalt valt ut eitt valemnealternativ ut ifrå studentane sine ønskje og ut ifrå kva som er fagleg og økonomisk mogleg.
Studentar som planlegg å gå vidare til mastergradsstudiet, blir oppfordra til å ta 5551 Statistikk II. I prinsippet kan eit kvart valemne som er fagleg relevant for studiet, bli godkjent. Det må da avklarast med instituttet på førehand.

Atterhald
På grunn av at studiet står framfor omfattande studieplanendringar, tar ein atterhald om at studieplanen og emnetilbodet i 2. og 3. studieår kan bli vesentleg forandra. For at eit valemne skal bli halde, må det normalt vere minst 5 deltakarar. Generelt sett må ein ta atterhald om at enkelte emne i tredje studieår kan bli endra eller gå heilt ut dersom faglege, personellmessige eller andre forhold ved høgskolen gjer dette nødvendig. Enkelte emne vil bli undervist på engelsk dersom det er ein eller fleire engelskspråklege studentar som følgjer undervisningen.

Arbeids- og læringsformer

Studentane blir følgt opp under heile studieløpet med arbeids- og undervisningsformer som inkluderer felt- og laboratorieundervisning med rapportskriving, prosjekt, seminaroppgåver, gruppe- og seminarundervisning, forelesingar osv. Det er lagt vekt på praktiske prosjekt i læringsprosessen. Dei ulike arbeids- og undervisningsformene er omtalt i dei enkelte emneomtalane.

Gyldig fråvær (sjukemelding) inntil 20% frå ein obligatorisk del av eit emne vil bli akseptert. Ved fråvær større enn 20% vil ikkje studenten få godkjent denne delen av emnet. Studenten vil i så fall ikkje ha krav på fortrinnsrett til plass på felt/labkurset neste gongen det vert sett opp.

Forholdet mellom teori/praksis

Vurderingsformer

I dei fleste emna vil det vere både undervegs- og sluttvurdering.
I mange emne vil seminaroppgåver og liknande vere del av vurderinga. Aktuelle vurderingsformer går fram av emneomtalane.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av  - 20.02.2006