388 Naturforvaltning, Bachelorstudium

Innledning

Målgruppe og opptakskrav

Studiet passar for studentar med interesse for arbeidsoppgåver med vern av naturområde, biologisk mangfald, berekraftig forvaltning av naturressursane og arealforvaltning og planlegging.
Opptakskrav er generell studiekompetanse/realkompetanse. I tillegg til generell studiekompetanse/realkompetanse er det frå hausten 2005 krav om 2MX eller 2MY eller 3MZ og i tillegg 3MX eller 3FY eller 3KJ eller 3BI eller kombinasjonen 2KJ+3BT eller 2BI+3BT. HiT godkjenner også 3NA.

Har du bare generell studiekompetanse, kan du først søkje på årsstudiet i natur og friluftsliv og derifrå få overgang til bachelorstudiet i naturforvaltning.

Mål for studieprogrammet

Studiet gir tverrfagleg utdanning innan natur-, helse og miljøvernfag. Ved sida av å formidle kunnskapar, skal studiet utvikle studentane si forståing av forholdet mellom levande organismar og miljøforholda med spesiell vekt på mennesket sin plass i naturen. Studiet skal leggje grunnlag for eit aktivt og realistisk samfunnsengasjement innan det aktuelle fagområdet og formidle ulike verdisyn i samband med dette. Ein lærer korleis ulike landskap og verneområde i Noreg skal handterast i samsvar med lovverket, og kva forhold t.d. planter, fisk og vilt må ha for at det skal bli ein god balanse i naturen. Studiet skal setje studentane i stand til å handtere verdilada og kontroversielle spørsmål knytt til bruk og forvaltning av naturressursar.

Videre studiemuligheter

Studiet gir grunnlag for opptak på 2- årig masterstudium i natur-, helse- og miljøvern.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning



Valemne
Bachelorstudiet har 10 studiepoeng med valemne i haustsemesteret siste studieår (5. semester). I emnetabellen er det ført inn eksempel på valemne som er relevante for studiet. Emna 4255 Mikrobiologi og 4256 Vannforsyning, avløp og avfall er obligatoriske på bachelorstudiet i helse- og miljøvern. Kvart studieår blir det normalt valt ut eitt valemnealternativ ut ifrå studentane sine ønskjer og ut ifra kva som er fagleg og økonomisk mogleg.
Studentar som planlegg å gå vidare til mastergradsstudiet, blir oppfordra til å ta 5551 Statistikk II. I prinsippet kan eit kvart valemne som er fagleg relevant for studiet, bli godkjent. Det må da avklarast med instituttet på førehand.

Atterhald
På grunn av at studiet står framfor omfattande studieplanendringar, tar ein atterhald om at studieplanen og emnetilbodet i 2. og 3. studieår kan bli vesentleg forandra*. For at eit valemne skal bli halde, må det normalt vere minst 5 deltakarar. Generelt sett må ein ta atterhald om at enkelte emne i tredje studieår kan bli endra eller gå heilt ut dersom faglege, personellmessige eller andre forhold ved høgskolen gjer dette nødvendig. Enkelte emne vil bli undervist på engelsk dersom det er ein eller fleire engelskspråklege studentar som følgjer undervisningen.

* Studentane som byrja på dette studiet studieåret 06/07 vart overført til Bachelor i Økologi og naturressursar H07 og følger studieprogramutgåva "Studier med oppstart 2007/2008 - Bachelor i Økologi og naturressursar".


3-årig bachelor i naturforvaltning
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
4006 Menneske og miljø 10,00 O 10          
4007 Biologi og miljø 20,00 O 10 10        
4008 Friluftsliv, jakt og fiske 10,00 O 10          
4010 Menneske og natursyn 10,00 O   10        
4009 Naturgrunnlag og landskap 10,00 O   10        
4100 Matematikk for økologar 10,00 O     10      
4101 Generell kjemi 10,00 O     10      
4102 Arealforvaltning og kommunal planlegging 10,00 O     10      
5550 Statistikk I 5,00 O       5    
4103 Kjemi i levande organismar 5,00 O       5    
4104 Vannressurser, (limnologi og
hydrogeologi)
20,00 O       20    
4206 Vegetasjonsøkologi 10,00 O         10  
4207 Ferskvannsfiske og
vannressursforvaltning
10,00 O         10  
4255 Mikrobiologi 10,00 V           10
4256 Vannforsyning, avløp og avfall 10,00 V         10  
2150 Praktisk norsk i forvaltninga 5,00 V         5  
5551 Statistikk II 5,00 V         5  
4208 Viltøkologi og viltforvaltning 10,00 O           10
4205 Bevaringsbiologi 10,00 O           10
5702 Geografisk analyse 10,00 O           10
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Arbeids- og læringsformer

Studentane blir følgt opp under heile studieløpet med arbeids- og undervisningsformer som inkluderer felt- og laboratorieundervisning med rapportskriving, prosjekt, seminaroppgåver, gruppe- og seminarundervisning, forelesingar osv. Det er lagt vekt på praktiske prosjekt i læringsprosessen. Dei ulike arbeids- og undervisningsformene er omtalt i dei enkelte emneomtalane.

Gyldig fråvær (sjukemelding) inntil 20% frå ein obligatorisk del av eit emne vil bli akseptert. Ved fråvær større enn 20% vil ikkje studenten få godkjent denne delen av emnet. Studenten vil i så fall ikkje ha krav på fortrinnsrett til plass på felt/labkurset neste gongen det vert sett opp.

Forholdet mellom teori/praksis

Vurderingsformer

I dei fleste emna vil det vere både undervegs- og sluttvurdering.
I mange emne vil seminaroppgåver og liknande vere del av vurderinga. Aktuelle vurderingsformer går fram av emneomtalane.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av  - 20.02.2006