395 Informatikk, bachelor
Målgruppe og opptakskrav
Målgruppe er studentar med interesse for informasjonsteknologi (IT). Studiet kvalifiserar for eit breidt spekter av jobbar innan sjølve IT-sektoren, men og generelt i privat næringsliv og offentleg forvaltning. Typiske arbeidsoppgåver kan vere systemutvikling og programmering, drift av nettverk og databasar, design og utvikling av publiseringsløysingar på web, opplæring, teknisk sal og konsulenttenester. Opptakskrav er generell studiekompetanse eller realkompetanse og 2MX, 2MY eller 3MZ.
Mål for studieprogrammet
Målet med studiet er å gi studentane ei omfattande og yrkesretta utdanning i informatikk, og eit godt grunnlag for vidare studier på masternivå i informatikk.
Videre studiemuligheter
Som Bachelor i informatikk er ein kvalifisert for vidare studium på masternivå. Høgskolen har utvekslingsavtaler med ei rekke universitet internasjonalt.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Systemutvikling og programmering
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Digitale medier
|
Studiet er ei grunnutdanning med normert studietid på 3 år, og fører fram til graden Bachelor i informatikk. Studiet er delt opp i emne som går over eitt semester.
Etter eit felles første studieår kan ein velje fordjuping i digitale medier eller systemutvikling og programmering. Det første studieåret tilsvarar 1-årig studium i informatikk og gir ei brei innføring i dei mest sentrale delane av studiet.
Fordjuping i digitale medier
Studentane spesialiserar seg innanfor multimediesystem og lærer teori, metode og teknikkar for behandling av bilete, lyd, video og digitale kart, publisering av informasjon på web og design av brukargrensesnitt. Fordjupingsretninga tek og for seg samfunnsmessige og etiske konsekvensar av informasjonsrevolusjonen, og vidarefører generelle emne innan informatikk.
Valemne: 5613 IT-ledelse, 10 stp., 5623 Informasjonssikkerhet, 10 stp. og 5603 Databasar II, 10 stp. Det er og mogleg å velje emne innanfor økonomi, matematikk og språk.
Fordjuping i systemutvikling og programmering
Studentane får ei grundig opplæring i planlegging og prosjektstyring, analyse, design og programmering av ulike typar informasjonssystem, i nettverk og på web. Retninga vidarefører generelle emne innan informatikk og går i djubda på teknologiske emne.
Valemne: 5613 IT-ledelse, 10 stp., 5623 Informasjonssikkerhet, 10 stp., 2720 Digital kultur, digitalt samfunn, 10 stp., 5552 Operasjonsanalyse, 5 stp., 5502 Lineær algebra, 5 stp., 5503 Diskret matematikk, 5 stp. Det er og mogleg å velje emne innan økonomi og språk.
Det blir tatt atterhald om studieplanendringar.
Arbeids- og læringsformer
Forelesingar, praktiske øvingar i datalaboratorium med rettleiing og prosjektoppgåver. I siste semester gjennomfører studentane eit større hovudprosjekt innan den fordjupingsretninga dei har valt. Prosjektet blir gjennomført i grupper og vil som hovudregel ha ekstern oppdragsgjevar.
Forholdet mellom teori/praksis
Studiet er yrkesretta, men har samtidig ein teoretisk basis. Det blir lagt vekt på å bruke aktuelle verkty og praktiske eksempel i undervisninga. Det er mogleg å ta inn praksis eller utanlandsopphald som del av studiet, helst i 3. studieår.
Vurderingsformer
Studentane sine kunnskapar i alle emne blir evaluert. Det blir brukt varierte evalueringsformer, sjå emneomtalene. Det blir gitt bokstavkarakterar A-F (med F som ikkje stått).
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no> - 19.06.2009