American Topics 2004
Læringsmål
Målet med kurset er å gje innsikt i utviklinga av det fleirkulturelle amerikanske samfunnet gjennom dei siste to hundreåra, men med særleg vekt på det 20. hundreåret.
Innhold
Kurset gjev ei innføring i immigrasjonshistorie og litteratur, samt ei innføring i minoritetskulturar, særleg frå indiansk, afroamerikansk og latinamerikansk historie, kunst og litteratur. Pensum består av eit utval skjønnlitterære tekstar, sakprosa, film og bilete. Tema som assimilasjon, "the melting pot" og ulike former for kulturelt mangfald blir drøfta. Pensumverka skal gje grunnlag for elementær innsikt og øving i tekstkritikk, dvs. at studentane i rimeleg omfang skal kunne drøfte tekstane ut frå tekstkritisk terminologi og metode. Gjennom møte med kunst- og kulturutrykk vil studenten utvikle ei språkkjensle som kjem til nytte i undervisning og anna formidlingsverksemd. Det vil bli lagt vekt på korleis tekstar kan formidlast og brukast i skoleverket.
Organisering
Forelesing og seminar. Fire timar i veka i vårsemesteret.
Forelesingane vil gje bakgrunn og oversyn over større emneområde, medan seminarundervisninga vil legge vekt på å aktivisere studentane i munnleg bruk av engelsk og å diskutere enkelttekstar frå pensum. Som del av undervegsevalueringa vil og studentane arbeide med skriftlege innleveringar og/eller munnlege framføringar.
Det er krav om minst 80 % frammøte på seminara.
Vurderingsformer
Undervegsvurderinga i emnet vil omfatte prøver og/eller innleveringar som tel til saman 40% av den endelege karakteren. Avsluttande skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøve må være bestått for å få bestått karakter i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 23.01.2007