Digital kultur, digitalt samfunn 2720

Læringsmål

Kurset skal gi innblikk i samfunnsmessige og faglege konsekvensar av 'informasjonsrevolusjonen', både med omsyn til kva som er mogleg å gjere og kva som set grensene, og kurset skal utvikle ei kritisk haldning til bruken av informasjonsteknologi.

Innhold

  1. Generell del (5 studiepoeng)
    Politiske konsekvensar. Verkar internett demokratiserande? Korleis endrar samfunnsdebatten seg? Konsekvensar for kultur, kjønnsroller, kreativitet, kommunikasjon og språkutvikling m.v. Smeltar media saman, og kva tyder i så fall det? Konsekvensar for forsking og utdanning. Blir måtane å oppfatte og skrive tekstar på endra? Vil tradisjonelle lærestader bli borte? Er internett eit hinder for fagleg fordjuping?
  2. Etiske problemstillingar (5 studiepoeng)
    Moralfilosofi og informatikk. Opphavsrett, sitat- og kildebruk. Kva skjer med personvernet? Teknologi og verdisyn. Kor sårbart er sammfunnet? Kven - om nokon - styrer/eig/kontrollerer nettet?

Organisering

2-4 timar forelesingar/seminar pr. veke i vårsemesteret.

Vurderingsformer

Obligatoriske innlevering av oppgåver og skriftleg eksaminasjon.
Del a blir avslutta med midsemesterprøve, Del b med slutteksamen.
Både midtsemesterprøve og sluttprøve må vere bestått for å få bestått i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 30.01.2007