Fantastisk litteratur 2115

Læringsmål

Fantastisk litteratur kan karakteriserast på fleire måtar. Det er eit svært vidt felt som må avgrensast. I dette studieemnet blir primærtekstane avgrensa til norsk og nordisk – med eit par viktige unntak. Emnet konsentrerer seg om a) norrøne mytar og norrøne helteskildringar, b) eventyrdikting, c) nyare nyromantisk og såkalla ”gotisk” litteratur – og d) barnelitteratur. Så omfattande som fantastisk litteratur er, vil det vere uråd å studere fagfeltet i full breidd. Sekundærlitteraturen vil likevel vise til andre genrar, sider og problemstillingar som knyter seg til det fantastiske.

Innhold

Eit utval verk og tekstar frå mellomalderen til nyare tid som representerer ulike former for fantastisk dikting; dessutan eit utval teoretisk litteratur i tilknyting til emnet.

Organisering

Undervisning i haustsemestret, 2 veketimar i 15 veker. Forelesing og seminar. Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk.

Vurderingsformer

Individuell heimeoppgåve på ca. 4000 ord som tel 40 %, og 5-timars skriftleg sluttprøve som tel 60 %. Begge prøvene må vere bestått for å få emnet godkjent.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 03.08.2009