Fleirkulturell forståing 2735
Læringsmål
Målet med studiet er at kandidaten skal tileigne seg kunnskap om kva kulturskilnader har å seie for menneskeleg samhandling. Studiet skal føre til auka refleksjon rundt eigne oppfatningar og haldningar i høve til handlingsval i ulike kulturelle samanhengar, og dermed styrking av handlingskompetansen i kulturmøte.
Innhold
Emnet er tverrfagleg fundert i samfunnsvitskap og humaniora, med vekt på sosialantropologisk teori og språkleg og kommunikasjonsteoretisk innsikt. Fleirkulturell forståing er ei innføring i studiet av det globale mangfaldet av kulturar og dei sosiale prosessane som utviklar seg i dette mangfaldet. I dette studieemnet prøvar me å syne korleis organisering av sosialt liv heng saman med måtane folk forstår seg sjølve, kvarandre og omgjevnadene sine på. Emnet fokuserer på forståing av folks handlingspremiss, kategoriseringar og samspel med omgjevnadene.
Du vil gjennom studiet tileigne deg grunnleggande kunnskap om og forståing av:
- variasjonar i kulturelle uttrykksformer
- eigne verdiar, haldningar og handlingsmønster
- omgrep som blir bruka til å definere og analysere mellomkulturelle situasjonar.
- viktige metodiske verktøy som deltakande observasjon, logg og intervju
- dei regionane kultur- og kommunikasjonsdøma blir henta frå
Fleirkulturell forståing er delt inn i 5 bolkar:
(1) Innføring. Denne fyrste bolken vil gje ein introduksjon ved å gå igjennom grunnleggande vitskaplege omgrep frå dei vitskapsfelta som ligg til grunn for dette tverrfaglege emnet. Gjennom empiriske døme fra internasjonal forsking vil studenten få innblikk i aktuelle vitskaplege nykelteoriar og diskursar.
(2) Metode. Studenten vil få kjennskap til samfunnsvitskaplege og humanistiske metodar som feltarbeid og deltakande observasjon. Denne innføringa er viktig for seinare arbeid, særleg i samband med minifeltarbeidet som blir gjennomført på studiestaden.
(3) Kultur og kommunikasjon. Denne bolken vil gje studenten metodiske og teoretiske reiskapar til å reflektere over kultur som meiningsfellesskap. Kommunikasjon mellom menneske dannar grunnlag for gjensidig kulturforståing. Me lærer her nokre grunnleggande kommunikasjonsteoriar og metodar til bruk i mellomkulturelle arbeidssituasjonar.
(4) Samfunn og globalisering. Det samfunnet me lever i er under stadig endring. Denne bolken tar for seg somme av dei spørsmåla ei auka globalisering kan føre med seg. Gjennom diskusjonsgrupper vil studentane få innsikt i ulike politiske, økonomiske, kulturelle og økologiske sider ved globaliseringa.
(5) Regionalkunnskap. Regionalkunnskap er ein svært vesentleg del av studieemnet. Her vil hovuddrag frå kultur og samfunn i den aktuelle regionen bli presenterte både gjennom pensumlitteratur og film. Kunnskap om land og region – den lokale konteksten – er heilt grunnleggande for studentens opparbeiding av personleg og akademisk mellomkulturell kommunikasjonsevne og forståing.
PENSUM (ca. 1000 sider)
Sykes, Karen (2005): Arguing with Anthropology. An introduction to critical theories of the gift. Routledge.
ISBN 0-415-25444-2 (ss. 1-94, 95 s.)
Roger M. Keesing and Andrew J. Strathern (1998): Cultural anthropology : A contemporary perspective. Fort Worth, Harcourt Brace College Publishers.
ISBN 0-03-047582-1 (ss. 2-25, 24 s.)
Eriksen, Thomas Hylland (1998): Små steder - store spørsmål: innføring i sosialantropologi. Universitetsforlaget AS.
ISBN 82-00-12841-5 (ss. 13-50, 38 s.)
Barth, Fredrik (2005): Vi mennesker: Fra en antropologs reiser. Gyldendal Norsk Forlag.
ISBN 82-05-33734-9 (ss. 7-12, 6 s.)
Dahl, Øyvind og Habert, Kjell (2001): Møter mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon. Gyldendal Akademisk.
ISBN 82-0045-36-85 (233 s.)
Eriksen, Thomas Hylland og Tretvoll, Halvor Finess (2006): Kosmopolitikk. En optimistisk politikk for det 21. århundre. J.W. Cappelens Forlag AS.
ISBN 82-02-26565-7 (178 s.)
Vilby, Knud (2006): Den globale reisen. Universitetsforlaget.
ISBN 82-15-00870-4 (ss. 13-62, 50 s.)
Regionalt pensum: Howell, Signe og Melhuus, Marit (1994): Fjærn og Nær. Sosialantropologiske perspektiver på verdens samfunn og kulturer. Ad Notam Gyldendal. (Kapittel: Latin-Amerika)
ISBN 82-417-0358-9 (ss. 242-267, 26 s.)
Regionalt pensum, monografi: Goldstein, Donna M. (2003): Laughter out of place: race, class, violence, and sexuality in a Rio shantytown. Berkeley, Calif.: University of California Press.
ISBN 0-520-23596-7 (320 s.)
Regional film: "City of Gods"
Bøker som må kjøpast: Øyvind Dahl/Kjell Habert, Thomas Hylland Eriksen/Halvor Finess Tretvoll, Donna Goldstein
Resten av pensum blir tilgjengeleg i eit kompendium
Organisering
Emnet vil bli avvikla over eitt semester med kring 50 timars undervisning.
Det vil bli gjennomført eit obligatorisk minifeltarbeid midtvegs i semesteret. Feltarbeidet vil gå føre seg i grupper i utvalde område. Det vil bli undervist i metode i førevegen, og rettleiing vil bli gjeven undervegs. Funna frå feltarbeidet skal presenterast dagen etter innsamling, og vil bli vurdert til stått/ikkje stått.
Vurderingsformer
Midtvegs i undervisningssemesteret skal studentane levere inn eit individuelt skriftleg oppgåvesvar på kring 600 ord. Dette tel 40 % av samla karakter. Oppgåva blir delt ut fyrste undervisningsveka. Slutteksamenen på 3 timar tel 60 % av samla karakter for emnet. Feltarbeidet må vere vurdert til stått før kandidaten kan gå opp til slutteksamenen. Det individuelle skriftlege oppgåvesvaret og slutteksamenen blir vurderte med graderte karakterar frå A til F, der E er lågaste ståkarakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 15.08.2007