Hovudoppgåve, kulturstudiar H366

Læringsmål

Gjennom hovudoppgåva skal studenten få auka innsikt i kulturvitskaplege forskingsmetodar, og få erfaring med å nytte slike metodar sjølvstendig i eit konkret arbeid.

Innhold

Innlevering av skriftleg prosjektomtale til hovudoppgåva i byrjinga av 2. semester.Hovudoppgåva skal ha ein tverrfagleg karakter. Dette kjem til uttrykk i val av tematikk eller emne som eignar seg for tverrfagleg studium, dvs som kan studerast frå minst to ulike faglege perspektiv. Hovudoppgåva kan byggje på tema og problemstillingar frå innføringsemnet eller eitt av fordjupingsemna.

Organisering

Kvar student får normert rettleiing i arbeidet med hovudoppgåva. Det bli halde hovudoppgåveseminar med obligatorisk skriftleg og munnleg framlegging kvart semester. Etter val (eventuelt tildeling) av hovudoppgåvetema skal kvar student levere ei prosjektbeskriving innan 15. februar første studieår. Prosjektbeskriving og oppgåvetema skal godkjennast av dei fagansvarlege ved studiet før det blir gjort rettleiingsavtale med studenten. Sidan tematikken i hovudoppgåva skal vere av tverrfagleg karakter, vil det normalt vere to rettleiarar. Den ferdige hovudoppgåva skal leverast innan 10. mai andre studieåret. Dei neste fristane for innlevering er 1. september og 10. januar. Både prosjektbeskriving og hovudoppgåve skal leverast og registrerast i administrasjonen (avdelingskontoret).

Vurderingsformer

Vurdering skjer på grunnlag av innlevert oppgåve som kan bli justert etter ei obligatorisk munnleg prøving.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 30.01.2007