Indonesisk 1 2711
Læringsmål
Målet med kurset er å gje ei grunnleggande innføring i moderne indonesisk språk, slik at studentane etter gjennomført kurs skal kunne føre daglegdagse samtalar på indonesisk og lese og skrive indonesisk på eit elementært nivå. Kurset skal også leggje til rette for studentanes fyrste møte med samfunnstilhøve og kultur på Bali og i Indonesia
Innhold
Emnet er eit elementært og intensivt språkkurs i eit omfang på 10 studiepoeng, lokalisert til Bali. Kurset skal gje grunnleggande dugleik i indonesisk. Kurset passar for studentar som ikkje har forkunnskapar i indonesisk frå før.
Organisering
Forelesingar og seminar ca. 100 timar fordelt på 12 veker, med hovudtyngda på dei 4 fyrste vekene. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga.
Evalueringar av nivå og progresjon vil bli gjort med jamne mellomrom gjennom kurset.
Vurderingsformer
Eksamenen er todelt:
1) Ei munnleg prøve på ca. 45 min, med ei samtale på indonesisk om emne som er gjennomgått i kurset, og høgtlesing frå og samtale om tekster på indonesisk.
2) Ei skriftleg prøve på 3 timar.
Den munnlege og den skriftlege delen av eksamenen tel kvar 50 prosent av endeleg resultat. Det krevst ståkarakter i begge eksamenane for å oppnå ståkarakter i heile innføringskurset.
Det blir gjevne graderte karakterar frå A til F. E er lågaste ståkarakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 30.01.2007