Innføring i kulturleiing 2736
Læringsmål
Kurset i kulturleiing gjev ei innføring i kulturleiing i teori og praksis. Målet er å gje studentane grunnleggande kunnskap om sentrale ferdigheiter, omgrep og prinsipp for dei ulike sidene ved kulturleiing. Studenten vil få innsikt i plassering av kunst og kultur i et aktuelt og samfunnsmessig perspektiv.
Som student i Kulturleiing får du innsikt i kva det vil seie å leie kulturinstitusjonar og kulturprosjekt generelt, med fokus på leiing på dei sceniske og visuelle fagområda spesielt.
Tilnærminga er både teoretisk og praktisk. Lesing av pensum og arbeid med forståing av faglege omgrep blir kombinert med ekskursjonar og studiebesøk, prosjekt- og feltarbeid.
Studieemnet eigner seg både som grunnlag for vidare studiar i kulturfag og kulturarbeid, og som ein kulturretta komponent i studium innan økonomi og administrasjon.
Innhold
Kulturnæringa er i sterk vekst i Noreg, og kulturfeltet blir stadig meir komplisert, konkurranseprega og kostbart. For å lukkast i høve til denne utviklinga må leiarrollene innan kulturfelta profesjonaliserast.
Det blir stilt spesielle krav til ein god kulturleiar, og studieemnet tar opp viktige sider ved arbeidet til ein kulturleiar. Grunnlaget er fagkunnskap og engasjement, samt evna til å fremje kreativitet, samarbeid og entusiasme. Kulturleiaren må dessutan i stor grad kunne balansere risiko, endring og stabilitet på same tid.
Studenten får innføring i korleis kulturleiaren må kunne operere i eit landskap der samspel mellom offentleg og privat engasjement og finansiering er særleg utfordrande. Når det blir ytt offentleg kulturstøtte, har det offentlege fokus på eigeninntekter og økonomistyring. Dette krev ei særleg omfattande rapportering.
Som for leiarar for andre felt krev også leiing av kulturtiltak og –prosjekt grunnleggande kunnskap om budsjettering og effektiv ressursplanlegging, samt kunnskap om relevante reglar, lover og forskrifter.
Studieemnet kulturleiing er inndelt i følgjande fire delområde:
- Fagkunnskap i scene- og visuell kunst
- Organisasjon og leiing
- PR ogmarknadsføring
- Kunst og kultur
1. Fagkunnskap i scene- og visuell kunst tar spesielt for seg scenekunst (teater, ballett, opera og musikk) og visuell kunst (museum og galleri). I denne delen av studieemnet tar me for oss sjangrar, arenaer, historie og verkemiddel, samt organisasjonsformer og finansiering.
Ein viktig del av kurset er at studenten skal sjå, oppleve og tolke kunst. Me vil studere ulike kulturinstitusjonar, framsyningar og utstillingar gjennom førebudde vitjingar.
I denne delen av studiet ser me også på organisering og marknadsføring av festivalar, samt på kva festivalanes profil og identitet vil seie i marknaden.
Val av område som blir tatt opp i dette faget er avhengig av kulturlivet og kulturtilbodet i området der studiestaden ligg.
2. Organisasjon og leiing gjev ei innføring i leiingsteori, med vektlegging av visjon, strategi og mål for kreative verksemder. I denne delen av kurset tar me for oss sentrale omgrep som samarbeid, profesjonalitet, hierarki og etikk.
Leiing og leiarfunksjonen blir drøfta i samband med ulike organisasjonsmodellar for etter tur faste institusjonar, festivalar og avgrensa kulturprosjekt og -tiltak.
Fokus blir særlig retta mot produsent- og prosjektleiarrolla i leiing av kreative prosjekt, og mot modellar for prosjektplanlegging, økonomiplanlegging (budsjettering) framdriftsplanlegging og rapportering.
I studieemnet tar me også for oss ulike finansieringsmåtar gjennom fond, sponsormidlar og offentleg støtte. Det vil bli drøfta kva som særpregar organisering, søknadsprosedyrar og rapportering i høve til korleis verksemda er finansiert.
3. PR og marknadsføring gjev studentane ei grunnleggjande innføring i forbrukaråtferd, kommunikasjons- og persepsjonsteori, med blikk på marknadsanalyse, strategi og bruk av verkemiddel.
I denne delen av emnet ser me på korleis ein utarbeider ein bred informasjonsstrategi, og korleis ein peikar ut målgrupper, bodskap og kanalar. Det blir drøfta kva sett av tradisjonelle og utradisjonelle verkemiddel som kan nyttast for å bli lagt merke til, skape glød og føre til sal.
Vidare ser me på kulturlivets behov for systematisk og målretta medie- og samfunnskontakt i Noreg, gjennom nettverksbygging og kontakt med politiske avgjerdstakarar og offentlige styresmakter.
4. Kunst og kultur ser på kulturlivet i eit samfunnsperspektiv, og tar for seg nokre aktuelle kulturpolitiske problemstillingar.
Her blir bruken av omgrepa kunst og kultur drøfta, samt spørsmålet om kunstens eigenverdi. Vidare blir kunstproduksjon drøfta i høve til sosialpolitiske og næringspolitiske omsyn, og ulike måtar å legitimere overføringar til kunst og kultur.
Me ser på satsingsområda kultur og næring, opplevingsindustri, kultur som politisk verkemiddel i fortid og notid, kultur og helse, integreringspolitikk, distriktspolitikk, utanrikspolitikk, og kultur som folkeopplysning og samfunnsbyggande kraft.
I denne delen av emnet blir studentane dessutan kjende med sentrale institusjonar og organisasjonar på kunstfeltet i Noreg. Vidare blir organisering og finansiering av kultur samanlikna, samt styresmaktenes kulturpolitiske visjonar i Noreg, Storbritannia og USA.
Endelig tar me i denne delen av emnet for oss lover og institusjonar som vernar og forvaltar åndsverk og opphavsrett.
Pensum:
Litteraturlista vil bli noko forkorta; – følgjande bøker blir nytta heile eller i utdrag:
1. Fagkunnskap:
Litteratur – scenekunst (ca 400 sider)
· William M. Wright, William M.Downs, Erik Ramsey, The Art of the Theatre – Then and Now – 480 sider (www.thomsonedu.com) ISBN: 0155063251
· NOU rapport 2002 Etter alle kunstens regler – en utredning om norsk scenekunst
Tilleggslitteratur
· Robert Viagas (ed.), The Alchemy of the Theatre -296 sider – (www.applausepub.com) ISBN: 1557836981
Litteratur – visuell kunst (ca 100 sider)
- Mararet Lazzari, Dona Schlesier, Exploring Art – (utdrag ca 100 sider) 450 sider (www.thomsonedu.com) ISBN 0495102555
Tilleggslitteratur
- Gunnar Danbolt, Blikk for bilder, om tolkning og formidling av billedkunst -70 sider (www.abstrakt.no) ISBN 82-7935-046-2
- Ellen K. Aslaksen, Fornyet eller forbedret? Evaluering av Norsk kulturråds innkjøpsordning for samtidskunst. Norsk Kulturråd, 2002 – 72 sider
- 2. Organisasjon og leiing:
Litteratur (ca. 400 sider):
- Grete Wennes, Kunstledelse – 175 sider (www.abstrakt.no) ISBN 978-82-7935-215-0
- Derrick Chong, Arts Management – 168 sider Routledge, Taylor & Francis, Inc. ISBN: 041918970X
- Ian Yeoman (Editor), Martin Robertson (Editor), Siobhan Drummond (Editor), Una McMahon-Beattie (Editor), Jane Ali-Knight (Editor), Festivals and Events management. An international Arts and Culture Perspective. – (Part A og B, side 3-115) Elsevier Science & Technology Books- ISBN: 075065872X
Tilleggslitteratur
- William Byrnes, Management and the Arts – (utdrag) 352 sider (www.focalpress.com) ISBN 9780240805375
- Andy Bruce, Ken Langdon, Ken Langdon, Essential Managers: Project Management-72 sider - ISBN: 078945971X
3. PR og marknadsføring:
Litteratur (ca. 400 sider):
- Philip Kotler, Joanne Scheff Bernstein, Standing Room Only: Strategies for Marketing the Performing Arts – (side 47-473) ISBN 0875847374
- Tor Bang og Anne Rød, Informasjon og samfunnskontakt, (utdrag kommunikasjonsplattform) ca 20 sider
Tilleggslitteratur
- Arild Danielsen, ”Behaget i kulturen, En studie av kunst- og kulturpublikum”- Norsk Kulturråd - 220 sider
- Ian Yeoman (Editor), Martin Robertson (Editor), Siobhan Drummond (Editor), Una McMahon-Beattie (Editor), Jane Ali-Knight (Editor), Festivals and Events management. An international Arts and Culture Perspective. – (Part C, s115-217) Elsevier Science & Technology Books- ISBN: 075065872X
4. Kunst og kultur:
Litteratur (ca. 400 sider):
· Ringstad, Vidar (2005): Kulturøkonomi, Cappelen Akademisk Forlag, Kap. 1-5, og 7-9, -200 sider - ISBN: 9788202245955
· Gran/De Paoli, Kunst og kapital: nye forbindelser mellom kunst, estetikk og næringsliv Pax forlag, - utdrag (240 sider ) ISBN10: 8253026455
· Dag Solhjell, Kunst-Norge: en sosiologisk studie av den norske kunstinstitusjonen (billedkunst) Universitetsforlaget, 1995 ISBN: 9788200039198
· Sigrid Røyseng, ”New Public Management møter kunsten” Norsk kulturpolitisk tidsskrift 2/2003 – 19 sider
Kompendum:
· Norsk Kulturråd, Overordnet strategi 2006 - 35 sider +
· Arts Council England, Arts Policies 2007- 90 sider
· National Endowments for the Arts, The Arts and Civic Engagement - 8 sider , Annual report - 15 sider, 40 years in the art - 8 sider.
· Department for New York Culture, Policies, facts and figures - 10 sider
· St.prp. 48 - Kulturpolitikk fram mot 2014 + Innstilling til Stortinget - 80 sider
· St.prp. 22 - Kultur og næring - 135 sider
· St. Melding 22 – Veiviseren – For det norske filmløftet - 2007, 140 sider
· Odelstingsproposisjon 50 – Om lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd 04/2007 – 28 sider
· St.mld. 17, 2008 som markeringsår for kulturelt mangfold - 12 sider
Tilleggslitteratur
· Sigrid Røyseng, ”Arts Management and the Autonomy of Art”, International Journal of Cultural Policy
· Mangset, P. (2004) "Mange er kalt, men få er utvalgt" : kunstnerroller i endring , Bø, Telemarksforsking , (Rapport nr. 215) , ISBN 82-7401-235-6
· Georg Arnstad, Per Mangset, Kulturstatestikk med vekt på næringsmessige og økonomiske tilhøve. Norsk Kulturråd, 2003 – 60 sider
· Duelund, Peter (2003), ” Den nordiske kulturmodell”, i Duelund, Peter (ed.): The Nordic Cultural Model. København, Nordisk kulturinstitut. - 46 sider.
· Mangset, Per (1992), Kulturliv og forvaltning. Innføring i kulturpolitikk . Oslo, Universitetsforlaget. Kapitla 1,2,4,5,8 - 115 sider.
Organisering
Undervisninga vil vere sett saman av førelesingar, seminar, ekskursjonar og førebudde vitjingar til kulturinstitusjonar.
Vurderingsformer
Undervegsvurdering femner om skriftlege prøver og ei eller fleire innleveringar (prosjektoppgåver og rapportar frå feltarbeid, i grupper eller individuelt).
For delområde 1: Mappe med skriftlege innleveringar. Munnlege presentasjonar gjennom semesteret. Alt vurdert til stått/ikkje stått.
For delområde 2, 3 og 4 blir det nytta graderte karakterar. Undervegsvurdering (innleveringar etc.) vil telje 40 % av sluttkarakteren og avsluttande skriftleg eksamen på 5 timar vil telje 60 % av samla karakter
Alle delvurderingar må vere vurderte til stått eller til ståkarakter for at ståkarakter kan gjevast som samla resultat i emnet. Graderte ståkarakterar er frå A (best) til E.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 09.01.2008