Internasjonal kulturpolitikk og kunstformidling 367

Læringsmål

Målsetjinga er å anvende fagperspektiva og det teoretiske stoffet frå innføringsemnet på eit avgrensa materiale. I kvart fordjupingsemne vil ein studere ein allmenn og aktuell tematikk tverrfagleg ut frå eit historisk perspektiv, eit estetisk (t.d. litterært) perspektiv og eit fortolkande samfunnsvitskapleg perspektiv. Den tverrfaglege tilnærminga blir fremja ved at faglærarar frå ulike fagtradisjonar formidlar felles stoff ut frå sine respektive fagtradisjonar.

Innhold

I dette emnet vil ein studere organiseringa av kulturfeltet i eit internasjonalt perspektiv. Ein fokuserer særleg på organiseringa av det profesjonelle kunstfeltet, men det er òg aktuelt å sjå nærare på andre delar av kulturområdet (massemedium, kulturindustri, folkekultur). Ein studerer korleis kunstfeltet er organisert i ulike land - og korleis allmenne internasjonaliseringstendensar slår inn i kulturlivet. Emnet blir studert både frå ein kulturpolitisk og formidlingsmessig synsstad. Ein kombinerer kultursosiologiske og estetiske perspektiv. Følgjande delemne er aktuelle:

  1. Teoriar om kunstfeltet
  2. Internasjonalisering og globalisering
  3. Kulturpolitikk i ulike land; kulturpolitiske modellar
  4. Internasjonale formidlingskanalar, kretsløp, arenaer og portvaktarar på kunstfeltet
  5. Internasjonalt kultursamarbeid

Organisering

Undervisningsforma i eit fordjupingsemne er seminar, med 3-6 timar pr veke. Undervisninga går i vårsemesteret.

Vurderingsformer

Studentane skal levere eit skriftleg arbeid på grunnlag av pensum som tel 20 % av karakteren i emnet.

Sluttvurdering av fordjupingsemna skjer ved prøveforelesing på 40 - 45 minutt for det eine emnet, og ved munnleg eksamen for det andre emnet. Desse eksamensformene tel 80 % av samla karakter i fordjupningsemnet

Kandidatane bestemmer sjølve kva for eit fordjupingsemne dei vil prøveforelese i, men oppgåva blir oppgitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for evalueringsform dei ønskjer.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 30.01.2007