Kulturhistorie 3311

Læringsmål

Studenten skal tileigne seg grunnleggjande kunnskapar om og forståing for norsk kultur og kulturelle prosessar i eit historisk perspektiv. Dei skal kunne gjere greie for og syne innsikt i kulturelle tema, og kunne relatere desse til andre samfunnstilhøve i samtida.

Innhold

Kurset gir ei innføring i norsk kulturhistorie i tidsromet 1800-1950, og omfattar følgjande hovudtema/-delar:

  • Ein innføring i materiell og immateriell kulturarv
  • Hovudtrekk i økonomiske og sosiale endringar
  • Sentrale trekk ved samværs- og samarbeidsformer i bygd og by
  • Idéar og førestellingar
  • Delkulturar i det norske samfunnet
  • Nasjonsbyggingsprosessen

Organisering

Forelesingar, gruppearbeid og fagturar.

Vurderingsformer

Obligatorisk heimeoppgåve i grupper som tel 30 % av samla karakter. Skriftleg individuell 5-timars eksamen som tel 70 %. Graderte karakterar. Både heimeoppgåve (30%) og slutteksamen (70%) må vere stått for å få stått i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 21.02.2007