Kulturpolitikk og administrasjon 3313
Læringsmål
Studenten skal tilegne seg oversikt over det kulturpolitiske, det kunstpolitiske og det kulturadministrative feltet. Framveksten av norsk og internasjonal kulturpolitikk står sentralt i emnet. Studenten skal få innblikk i dei samfunnsmessige føresetnadene for ein offentleg kulturpolitikk og korleis kulturpolitiske tiltak blir grunngjevne. Utøving av kulturpolitikk overfor statlege og kommunale kulturinstitusjonar, media, kulturindustrien, frivillige organisasjonar og kulturentreprenører skal belysast. I den delen av emnet som omhandlar kulturadministrasjon, vil ein ta for seg lovverket som regulerer offentleg sakshandsaming og anvendelse av lover i konkrete saker. Vidare skal ein studere organiseringa av offentleg kulturadministrasjon. Studenten skal kunne sette opp budsjett for ulike typer prosjekt og utarbeide avtaler om sponsing m.m. innafor kulturfeltet.
Innhold
Gjennom ein brei presentasjon av kunstfeltet, frivillige organisasjonar og kulturindustrien skal ein drøfte aktuelle kulturpolitiske problemstillingar, visjonar og ideologi som ligg til grunn for kunst- og kulturpolitikken. Studentene skal få ei forståing av kunst- og kulturomgrepet. Offentlige myndighetar si forståing av “kunst” og “kultur” er utgangspunkt for studiar av offentlege utgreiingar, stortingsmeldingar m.m. Den delen som tar føre seg offentleg administrasjon på kulturfeltet inneheld mellom anna sakshandsaming, tilhøvet mellom kulturpolitikk og administrasjon, nivåa i det administrative systemet og tilhøvet mellom administrasjon og utøvarar innanfor kunst- og kulturfeltet.
Organisering
Forelesingar, fagturar, seminar, skriftlege og munnlege øvingar knytt til forelesingane.
I innføringaveka vil det vere ein obligatorisk fagtur i regionen. I emnet er det lagt inn ein vekes praksis på eit kommunalt kulturkontor. Studenten skal skrive ein rapport i etterkant av opphaldet.
Vurderingsformer
Ei obligatorisk skriftlig oppgåve som tel 30 % av samla karakter. Skriftleg individuell 5-timars eksamen som tel 70 %. Graderte karakterar. Både oppgåve og slutteksamen må være stått for å få stått karakter i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 21.02.2007