Medieanalyse/kommunikasjon 3304

Læringsmål

Studenten skal kunne bruke medier som formidlingskanal for kulturprodukt og sjå samanhengen mellom mediene sine produksjonsmåtar og medieinnhald. Studenten skal kunne planleggje og gjennomføre ein informasjonsplan og utvikle ei kritisk og analytisk haldning til medietekstar.

Innhold

Studiet i medieanalyse/kommunikasjon kvalifiserar studentane for arbeid innan kultursektoren, og lærer dei å bli kritiske brukarar av kulturprodukt som er produserte og formidla av media.
Medietekstar som representasjon av røyndom.
Korleis og kvifor mediebodskap blir produsert
Bodskapsinnramming
Medieeffekter og påvirkningsprosessar
Medieprodukt som kunstverk
Underliggande verdiar i eit medieformidla kulturprodukt
Effektiv kommunikasjon
Intern/ekstern informasjon
Oppøve evne til etisk refleksjon

Organisering

Forelesingar og seminar.

Vurderingsformer

Obligatorisk innleveringsoppgåve (midtprøve) blir vurdert med bestått/ikkje bestått.
Individuell skriftleg eksamen med graderte karakterar. Innleveringsoppgåva må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Webmaster HiT - 31.10.2006