Menneske, samfunn og stat - politiske idear si historie 3353
Læringsmål
Kurset gir ei oversikt over sentrale idear i den politiske tenkinga i Vesten, slik desse er utvikla frå oldtida til vår tid. Dei politiske ideane og deira historie blir drøfta i lys av den historiske utviklinga generelt og i lys av dei hovudstraumane og -brytningane som pregar Vesten si tenking (jfr. oversiktskurset i idéhistorie). Ein del av kurset er via dei ideane som spesielt har gjort seg gjeldande i norsk politisk tenking og praksis.
Innhold
Dei ideane og temaa som det spesielt blir kasta lys over er: individ og stat; fridom og autoritet; statens opphav; idealstaten; naturlege lover og positive lover; rett og makt; religion, fornuft og tradisjon som grunnlag for politisk legitimitet; menneskerettar og likskap; demokrati; liberalisme og konservatisme; sosialisme; kommunisme; fascisme; velferdsstaten og den minimale stat. Studentane skal utarbeide ei individuell skriftleg semesteroppgåve, med obligatorisk rettleiing. Emnet for oppgåva skal avtalas med rettleiar.
Organisering
Forelesingar og seminar 3 - 4 t/v
Vurderingsformer
Undervegsvurderinga i emnet vil femne om skriftlege prøver og/eller innleveringar som til saman tel 40% av den endelege karakteren. Avsluttande skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøva må vere bestått for å få bestått karakter i emnet. Graderte karakterar.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Webmaster HiT - 31.10.2006