Nordisk politisk kultur og 'den nordiske modellen'. Tida etter ca midten av 1800-talet 3511
Læringsmål
I dette emnet vil ein sjå nærare på utviklinga av og grunntrekk ved nordisk politisk kultur og vurdere kor særmerkt han er sett i ein større samanheng, om det t.d. finst ein særnordisk variant av velferdsstaten.
Innhold
I førindustriell tid var dei nordiske landa ulike både når det gjaldt økonomiske og politiske system. Trass i dette utvikla dei system med sterke ytre likskapar (sterk offentleg sektor, sterkt folkeleg engasjement, kompromiss og konsensuspolitikk, korporatisme). I dette emnet vil ein sjå nærare på viktige faktorar i denne utviklinga og også kome inn på forskjellar dei nordiske landa imellom. I tillegg til økonomiske og sosiokulturelle strukturar vil ein sjå på betydninga av politiske ideologiar. Mellom anna vil det bli lagt vekt på gjensidige relasjonar mellom stat og næringsliv (landbruk, industri etc.).
Organisering
Forelesningar og seminar.
Vurderingsformer
I eitt av dei fordjupingsemna som det blir undervist i (gjeld ikkje Nordisk historie oversyn), valt etter loddtrekning, blir det i siste del av semesteret halde ein heimeeksamen (to veker) pluss ei munnleg prøve. Heimeoppgåva blir gjeven av faglærar/faglærarar og skal ha nær tilknyting til undervisninga. I tillegg til pensum i emnet kan og annan relevant litteratur (t.d. ein artikkel) og/eller kjeldestoff dragast inn.
I det(dei) andre emnet(emna), som ikkje blir uttrekt til heimeeksamen, blir det arrangert 6 timars skoleeksamen.
Dersom det blir undervist berre i eitt emne, er eksamensforma heimeeksamen, to veker pluss munnleg prøve.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 14.02.2007