Religion, kultur og konflikt XXXX

Læringsmål

Studentane skal utvikle forståing, toleranse og respekt for mennesker med ulike oppfatningar om trusspørsmål

Studentane skal ha;

· grunnleggande kjennskap til religionsvitskapen sine omgrep og komparative verktøy.

· generell kunnskap om verdens religionar med vekt på kristendom og islam.

· kunnskapar om religionen si rolle i politiske og sosiale konfliktar globalt.

· kunnskapar om regionale konfliktar i Europa og kva for rolle religionen har i desse.

Innhold

Som basis for studiet vil det bli gitt ei generell innføring om religionar i verda. Det blir lagt opp til ein komparativ tilnærmingsmåte. Gjennom eksempel vil studentane få ei forståing for religionar si rolle i samband med konfliktar. Studiet vil ha både regionalt og globalt perspektiv. Studiet passar for studentar med interesse for religion som sosialt fenomen.

Organisering

Undervisninga vil være forelesingar og seminar. Studentane skal delta aktivt i undervisninga. Ein tek sikte på å gjennomføre ei vekes ekskursjon til Bosnia- Herzegovina, eller andre stader som har relevans for temaet.

Vurderingsformer

Obligatorisk individuell oppgåve midtvegs i semesteret som tel 40 % av sluttkarakteren. Studenten skal ta utgangspunkt i ei aktuell konflikt og formulere ei problemstilling som skal godkjennast av faglærar. Obligatorisk rettleiing. Omfang er ca 3000 ord. Oppgåva skal leverast digitalt og får gradert karakter. Slutteksamen på 5 timar som tel 60 % av samla karakter, der studenten kan bli prøvd i alle delar av pensum. Begge eksamenar må være bestått for å få bestått i emnet. Det blir gitt karakterar frå A til F, der E er lågaste ståkarakter.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 14.02.2007