Skrivekurs - norsk eller engelsk 2407

Læringsmål

Studentane skal utvilke eiga skriving, og dei skal kunne gi respons og rettleiing.

Innhold

Sentralt i studiet er arbeidet med studentane sine eigne tekstar.

Skriving og lesing

Rettleiing og retting

Kommunikasjon

Struktur og argumentasjon

Kjeldebruk

Organisering

Det er fem samlingar i løpet av semesteret, og på kvar samling er det undervisning to dagar, til saman 12 timar(totalt 60 timar). Studentane blir organisert i skrivegrupper på 3-4 personar, og desse gruppene skal ha kontakt kvar veke. Det er obligatorisk deltaking i skrivegruppe, og obligatorisk frammøte på tre av fem samlingar.

Vurderingsformer

Mappevurdering og munnleg prøve. Prøvene blir vurdert til bestått/ikkje bestått, og kandidaten får ei skriftleg vurdering av arbeidet sitt.

Mappevurdering: Studentane skal levere ein artikkel eller eit essay og dei skal dokumentere skriveprosessen fram til det endelege resultatet. Minimum tre undervegs-tekstar skal vere med i mappa, og studenten skal skrive ein kort kommentar til sin eigen skriveprosess.

Munnleg prøve: Studentane skal gi respons på ein tekst skriven av ein medstudent og rettleiing til medstudenten. Sensor og faglærar lyttar medan studentane viser korleis dei arbeider. Deretter er det ope for spørsmål frå faglærar eller frå sensor.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 14.02.2007