Tankar om kunsten - estetiske idear si historie 3355
Læringsmål
Kurset har som mål å gi studentane ei fordjuping i sentrale tema innanfor estetikken, dvs. tankar og teoriar om ulike typer kunstfenomen. Studentane skal få eit historisk oversyn, samtidig som dei skal sette seg særskilt inn i valde estetiske problemområde. Kurset skal øve opp evna til å reflektere over eigne kunstopplevingar, samstundes som det skal bidra til at studentane kan grunngi kva for stilling dei tar til estetiske debattspørsmål.
Innhold
Av det samla kurspensumet på ca. 800 sider, er vel 400 sider oversiktsverk, der studentane blir presentert for viktige utviklingsliner i tenkinga omkring både litteratur, bildekunst og musikk. I valet av originaltekstar blir det fokusert på 6 ulike problemområde innanfor estetikken: (1) Kunstomgrepet; (2) det skjønne og det sublime; (3) kunstnarleg skaping; (4) smak og behag; (5) fortolking; (6) kunst og kjønn.
Ein vil gjennom kurset vise korleis ulike tankar og posisjonar blir brotne mot kvarandre innanfor dei ymse områda. Dette er tankar og posisjonar som svarar til spørsmål av etter måten allmenn karakter, i den forstand at dei er relevante for alle dei disiplinane vi i dag ser på som kunstartar. Derfor vil eksempelmaterialet som blir brukt i forelesingane ver sett saman av både litterære tekster, musikk og bilde.
Organisering
Forelesingar og seminar inntil 3 t/v
Vurderingsformer
Undervegsevaluering som midtprøve som tel 40% av samla karakter. Avsluttande skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøva må vere bestått for å få bestått karakter i emnet. Graderte karakterar.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 14.02.2007