Unionar, skandinavisme og nordisk samarbeid frå 1300-talet til vår tid 3510

Læringsmål

Emnet vil ta opp korleis dei nordiske rika og dei nordiske folka til ulike tider har realisert nordisk samvirke på det politiske planet eller ønskt å gjere det, og kva for sosiale og politiske krefter og ideal, i og utanfor Norden, som opp gjennom hundreåra har fremja eller motverka ei utvikling mot dette målet.

Innhold

Emnet har tre tyngdepunkt, knytt til ulike tidsepokar. Det første tek utgangspunkt i adelssamvirke og dynastipolitikk, som førte dei skandinaviske kongerika saman i union i seinmellomalderen. Sentralt står òg dei tilhøva som gjorde at trerike-unionen ikkje vart varig. Det andre tyngdepunktet er knytt til skandinavismen på 1800-talet. Dette var ei kulturell rørsle som dessutan uttrykte politiske mål. Dei høge ideala vart aldri realisert, men rørsla har likevel sett tydelege spor. Det tredje tyngdepunktet omfattar det nordiske samarbeidet, både det meir avgrensa funksjonelle samarbeidet som vart gradvis utbygd frå slutten av 1800-talet, og dei store prosjekta, t.d. ein skandinavisk forsvarsunion og ein nordisk tollunion, som ein prøvde å få til, men mislukkast i, etter 1945

Organisering

Forelesningar og seminar.

Vurderingsformer

I eitt av dei fordjupingsemna som det blir undervist i (gjeld ikkje Nordisk historie oversyn), valt etter loddtrekning, blir det i siste del av semesteret halde ein heimeeksamen (to veker) pluss ei munnleg prøve. Heimeoppgåva blir gjeven av faglærar/faglærarar og skal ha nær tilknyting til undervisninga. I tillegg til pensum i emnet kan og annan relevant litteratur (t.d. ein artikkel) og/eller kjeldestoff dragast inn.

I det(dei) andre emnet(emna), som ikkje blir uttrekt til heimeeksamen, blir det arrangert 6 timars skoleeksamen.

Dersom det blir undervist berre i eitt emne, er eksamensforma heimeeksamen, to veker pluss munnleg prøve.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 14.02.2007