Biogeografi 4309

Læringsmål

Gjennom studiet i biologi skal studentane tileigne seg:
- kunnskapar i og erfaringar med feltarbeid og planlegging av feltarbeid
- kunnskapar om jordas klimasoner og klimatiske vegetasjonssoner
- verdas florarike og viktige kulturvekstar i verdas jordbruk
- vern av biologisk mangfald og bitopar
- fagleg fordjuping i ein biogeografisk region utanom Norden
- kunnskapar om utviklinga av plante- og dyregeografiske regionar
- kunnskapar i arktisk biogeografi
- kunnskapar og opplevingar som kan stimulere til vidare fagleg fordjuping og utvikling

Innhold

Hovudemnet er bygd opp omkring plante- og dyregeografiske regionar. Gjennom arbeidet med dette emnet, skal studentane skaffe seg oversikt over geografisk lokalisering og fordelinga av hovudtypar økosystem på jorda. Dei skal tileigne seg kunnskapar om sentrale omgrep og metodar i økosystemkartlegging. Ein skal leggje vekt på faktorar som påverkar utviklinga av ulike økosystem. Biologiske faktorar må vurderast i forhold til økonomiske og kulturelle faktorar. Emnet inneheld eit obligatorisk feltkurs på minst 40 timar. Feltkurset bør leggjast til fordjupingsregionen. Forvaltning av truga artar og ei berekraftig utvikling av økosystema inngår i emnet. Studentane skal også arbeide med tilrettelegging og planlegging av undervisning i emnet biogeografi. I hovudemnet inngår også studiar av nordiske økosystem.

Organisering

Fagplanen gir grunnlag for fleksibel gjennomføring av studiet. Mykje lærestoff og rettleiingar er tilgjengeleg på internett via Classfronter. Feltkurset på 45 timar til fordjupingsregionen (Mallorca) blir arrangert i siste halvdel av april. Organiseringa av studiet blir også synleggjort gjennom arbeidsformene. Sjølvstudium med nettbasert rettleiing og samarbeid mellom studentar på internett ved hjelp av Classfronter er ei viktig arbeidform. I undervisninga inngår lærarrettleiingar, forelesingar, feltarbeid og rettleiing via internett. Arbeidsformene skal vise korleis kunnskap kjem fram i vitskapsfaget biologi. I løpet av studiet skal studentane også arbeide med fagdidaktiske problemstillingar i biologi. I studiet inngår eit størrre prosjektarbeid.

Vurderingsformer

Individuell skriftleg 4 timars eksamen. Feltkurs må vere godkejnt for at studenten skal kunne avlegge eksamen

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av  - 23.01.2007