Kvantitativ økologi 4310
Læringsmål
Studentane skal lære å bruke ulike numeriske metodar til analyse av økologiske data, og å tolke og forstå dei resultata som metodane viser.
Innhold
Teoretisk gjennomgang av korleis ulike ordinasjonsprogram verkar
Gjennomgang av vitskaplege arbeid der numeriske metodar er nytta
Praktisk øving av bruk av programpakkane CANOCO og CANODRAW
Organisering
Intensiv undervisning i 2 veker i haust- eller vårsemesteret (etter avtale). Ca. 15 timar med forelesingar og ca 40 timar øvingar på data-lab. Undervisinga føregår ved biologisk institutt ved Universitetet i Tromsø.
Vurderingsformer
Individuell heimeeksamen med graderte karakterar. Etter at kurset er ferdig, får studentane eit datasett som skal handsamast ved hjelp av numeriske metodar.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Webmaster HiT - 31.10.2006