Matematikk for økologar 4100

Læringsmål

Etter fullført emne skal studentane kunne bruke matematikken som reiskap i ein del tema på natur-, helse- og miljøvernstudiet. Dei skal og ha innsikt i at matematikk kan brukast til å løyse andre aktuelle problem.

Innhold

Framstillinga av stoffet er i stor grad prega av konkrete eksempel frå biologi og økonomi. Studiet startar med grunnleggjande matematikk.

Sentrale tema i forelesingane er:

  • Rekning med måleeiningar
  • Grunnleggjande sannsynsrekning
  • Funksjonar med ein variabel med kurvedrøfting
  • Logaritmefunksjonar og eksponentialfunksjonar
  • Derivasjon
  • Integrasjon
  • Funksjonar med to variable
  • Enkel trigonometri
  • Enkle differensiallikningar
  • Prosentvis vekst og geometriske rekker

Organisering

72 timar forelesingar
Obligatorisk: 28 timar kollokvium

Vurderingsformer

Det blir gitt karakterar på to delprøver med mappevurdering: ei midtprøve (1 time) tel 20% og ei sluttprøve (5 timar) tel 80 % av endeleg eksamenskarakter. Begge delprøvene må vere bestått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av  - 23.01.2007