Naturgeografi 4002

Læringsmål

Studentane skal kjenne hovudtrekka i Noregs geologiske historie, inkludert kvartærtida, hovudutbreiinga av dei ulike bergartstypane i Noreg og kunne identifisere eit utval av bergartar og mineral. Dei skal kjenne danningsmåte, eigenskapar og utbreiing av ulike jordartar.
Vidare skal dei kunne tolke enkle berggrunnskart, kjenne oppbygginga av kvartærgeologiske kart og ta ut kvartærgeologisk informasjon frå økonomisk kartverk. Temaet skal vere eit grunnlag for bruk, kartlegging og forvaltning av georessursar. Studentane skal kjenne til jordtypar og korleis jordsmonn blir danna. Studentane skal få innsyn i vatn som ressurs både for naturen og urbane samfunn og kjenne til korleis vatnet fungerer i naturen. Gjennom prosjektarbeid i hydrologi får studentane innføring i vitskapleg metodisk arbeid med innsamling av data frå felt- og lab. analysar, oppsett av data og rapportskriving. Studentane skal få kjennskap til hovudtrekk i klimatologi, og kunnskap om sannsynlege konsekvensar av fossil energibruk på klimaet og miljøet. Temaet skal gi studentane ei innføring i viktige omgrep i energilæra. Dei skal òg ha kjennskap til dei viktigaste alternative energikjeldene og til metodar for energieffektivisering. Studentane skal lære om kart og bruke kart både i felt og i rapportarbeid.

Innhold

Emnet er tverrfagleg, der dei ulike tema har fleire felleselement som skal vere eit grunnlag for å få innsikt i ressurs- og miljøsituasjonen i Noreg og i verda. Emnet er sett saman av fem hovudtema:

  • Berggrunnsgeologi: Mineral og bergartar, indre og ytre geologiske prosessar og Noregs geologiske historie.
  • Kvartærgeologi: Forminga av landet under og etter siste istid, isbrear og morene, breelvenes løp, hav, strand og dagens elveløp, landskapsutvikling og jordartane sine eigenskapar. Elles går ein gjennom havnivåendringar, stratigrafi, dateringsmetodar og kvartær historie. Bruk av topografiske kart og temakart.
  • Studentane skal kjenne til ulike jordtypar, og bli kjent med prosessar for danning av jordsmonn og kompostering av avfall.
    I samband med undervisninga i jordsmonn og klima vert det ei enkel innføring i generell kjemi om grunnstoff, atomstruktur, bindingar, kjemiske sambindingar, kjemiske reaksjonar og syre-baseteori.
  • Klima, energi og miljø: Fossil energibruk og tilhøyrande miljøproblem, reduksjon av denne typen energibruk, skadelege utslepp, drivhuseffekten og klimaendringar.
  • Hydrologi: Vatnet sitt kretsløp og betydning for livet på jorda, vassdrag og deira
    nedbørsfelt, hydrologiske prosessar som fordamping og avløp, vatn som transportør, vatn i snø og bre og vatn under bakken. Lokale nedbørsforhold og variasjonar i kvalitet blir undersøkt ved felt- og laboratorieøvingar.
  • Naturvitskapeleg felt- og laboratoriemetodikk: feltarbeid og rapportering: Prosjektering av hydrologisk feltarbeid i praksis, der lokale nedbørsforhold og variasjonar i vannkvalitet blir undersøkt med etterfølgjande laboratorieanalysar.

Organisering

118 timar forelesning.
Obligatorisk: 28 timar gruppearbeid, 6 dagar feltkurs og ein dagsekskursjon.

Naturvitenskapelig felt- og laboratoriemetodikk utgjer 2 studiepoeng.

Undervisninga er basert i stor grad på feltarbeid og ekskursjonar med forutgåande forelesningar og etterfølgjande rapportskriving. Internett blir brukt som kjelde i undervisning og prosjektarbeid.

Innføring i praktisk felt- og laboratoriemetodikk blir knytt til eit hydrologisk øvingsprosjekt der studentane skal utforme eiget prosjekt med utlegging av målestasjonar, innsamling av data ved systematisk prøvetaking ein gong i veka og analysar i laboratoriet. Det blir gitt rettleiing ved rapportskriving der materiale, metodikk, resultat og diskusjon av konsekvensar og feilkjelder skal omtalast.

 

Vurderingsformer

Det blir gitt karakterar på tre delprøver: i kvartærgeologi (haustsemesteret), i klima, energi og miljø (vårsemesteret) og i berggrunnsgeologi og hydrologi (vårsemesteret). Kvar av delprøvene er på 3 timar, og tel ein tredjedel av endeleg eksamenskarakter. Alle delemne må vere bestått. 

For å kunne gå opp til delprøvene må følgjande vere godkjent: Feltkursrapport i kvartærgeologi haustsemesteret), framføring av emnerapport og feltkursrapport i kvartærgeologi, temaoppgåve i hydrologi inkludert feltøving (vårsemesteret) og temaoppgåve i berggrunnsgeologi (vårsemesteret).

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Webmaster HiT - 31.10.2006