Applikasjonsutvikling i GIS 5706

Læringsmål

Emnet skal gje innsikt i korleis eksisterande verkty kan nyttast til å lage spesialtilpassa applikasjonar for sluttbrukarar, der geografiske data visualiserast og/eller analyserast.

Innhold

Emnet ser på applikasjonsutvikling i GIS frå tre perspektiv: kva for type komponentar er tilgjengeleg, kva for verkty nyttast ved tilpassinga/utviklinga, og kva for applikasjon skal utviklast. Aktuelle komponenttypar er rutinebibliotek, klassebibliotek, visuelle komponentar, og ferdige applikasjonar. Aktuelle utviklingsverkty er tilpassing gjennom grafisk brukargrensesnitt, makroprogrammering, tradisjonell "høgnivå" programmering, visuell programmering, m.m. Ein vil også komme inn på detaljprogrammering av algoritmar. Aktuelle applikasjonar er til dømes rein visualisering av ulike geografiske tema, og enklare, spesialtilpassa analysefunksjonar.

Organisering

6-8 timar forelesing/øving for veka i haustsemesteret.

Vurderingsformer

To 1 times individuelle, skriftlege undervegsprøver som kvar tel 40 %. Individuell, skriftleg 3 timars sluttprøve tel 60 %. Det blir gitt obligatoriske oppgåver som skal vere godkjende før ein kan gå opp til sluttprøve. Alle delprøver må vere bestått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter , sist oppdatert av Webmaster HiT - 31.10.2006