Spansk 5901
Læringsmål
Studiet skal gi kompetanse i spansk språk og kultur tilsvarande B-språk. Studiet skal gi grunnleggjande innsikt i hisoriske, kulturelle, politiske og samfunnsmessige forhold i Spania og i Latin Amerika.
Emnet rettar seg mot studentar innanfor reiseliv og internasjonal marknadføring og andre som vil tileigne seg grunnleggjande kjennskap til spansk skriftleg og munnleg.
Innhold
Studentane skal forstå og formidle innhalde i ulike typar skriftlege og munnlege tekstar på spansk. Studiet legg stor vekt på munnleg kommunikasjonskomptanse og vil derfor fokusere på dialog og samtaleøvingar i grupper i tillegg til grammatikk og skriftlege øvingar.
Organisering
4 timar i veka i haust- og vårsemesteret. Forelesingar, gruppearbeid, individuell heimeførebuing med med frivillige innleveringar, mnnlege presentasjonar, oversetting og diskusjonar
Vurderingsformer
Ein skriftleg og ein munnleg eksamen i vårsemesteret som tel 50 % kvar. Alle delprøver må vere bestått.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Webmaster HiT - 31.10.2006