Folkekunst 1 FKUN1

Læringsmål

Studiet har som mål å gje studentane ei innføring i norsk folkekunst og på det grunnlaget å setja dei i stand til å arbeide for vern, vidareføring og fornying av den materielle formkulturen i bygdene våre gjennom utøving, formidling og undervisning. Studiet har både ei tradisjonsvernande og ei tradisjonsfornyande side.

Innhold

Studiet har 4 hovudemne:

Historiske fag - skal gje eit oversyn over det mangfaldet som finst innan folkekunsten og sette gjenstandane inn i ein kulturell, sosial og kulturhistorisk samanheng.

Fagdidaktikk - tek føre seg spørsmål knytt til utøving og formidling av folkekunst.

Estetiske fag - skal gje kunnskap om og røynsle i arbeid med estetiske verkemiddel. Faget inneheld mellom anna fargelære, teikning og studie av form.

Verkstadfag - tek sikte på å gje den praktiske tileigninga av produksjonsprosessane innanfor tradisjonell folkekunst. Ein legg vekt på grunnleggande kjennskap til materiale, reiskap, arbeidsmetodar og arbeidsteknikkar. Ein kan velge mellom arbeid i tre, metall eller tekstil.

Studiet er organisera i ein fellesdel og ein fordjupingsdel. Fellesdelen inneheld historiske fag, fagdidaktikk og delar av estetiske fag. Fordjupingsdelen inneheld verkstadfaget og delar av estetiske fag. I verkstadfaget vel ein å arbeide innanfor eitt av områda tre, metall eller tekstil.

Vektinga mellom dei ulike komponentane er:

Historiske fag

12 studiepoeng

Fagdidaktikk

6 studiepoeng

Estetiske fag

12 studiepoeng

Verkstadfag

30 studiepoeng

3.1 FELLESDEL

Hovudemne HISTORISKE FAG

Mål

Å bli kjent med folkekunstens vesen, korleis dette kjem til uttrykk gjennom ting, byggverk og litteratur.

Innhald

"Historiske fag" skal gje eit kulturhistorisk oversyn over den materielle folkekunsten i Noreg, her avgrensa til måling, tre, metall- og tekstilarbeid. Ein legg særleg vekt på å sjå folkekunsten i høve til dei tre aspekta rom, tid og sosialt miljø.

I eit romleg perspektiv ynskjer ein å sjå korleis folkekunsten har utvikla seg i ulike delar av landet. Med aspektet tid rettar ein merksemda mot perioden ein kallar folkekunstens gullalder, det vil seie oppblomstringa frå midten av 1700-talet til avblomstringa mot slutten av 1800. Under siste perspektivet, sosialt miljø, ynskjer en å sjå samanhenger mellom sosialt miljø og folkekunst.

Ein legg vekt på å studere folkekunsten i ljos av fortida og tida den er vakse fram i. Sentrale spørsmål vil vere: Kva har skjedd i møtet mellom heimleg tradisjon og impulsar utanfrå? Kva har sosiale, økonomiske og kommunikasjonsmessige tilhøve hatt å seie for danning og utvikling av folkekunsten? Kva skil og kva samlar folkekunsten i eit område samanlikna med eit anna? Korleis har gamle skikkar og folketru forma folkekunsten?

I faget vil gje ein òg gje ei innføring i europeisk stilhistorie for å sette norsk folkekunst i ein kunsthistorisk samanheng.

Delemne

Teori og metode

  • utvikling-spreiing-kulturområde
  • inspirasjonskjelder-folkekunstens uttrykksformer

Historisk - kulturhistorisk bakgrunn

  • Bygde-Noreg, nærings - arbeidsliv
  • Sosiale tilhøve, husmannsvesen
  • Gamal / ny tid – ”hamskiftet”

Byggeskikk

  • Stavbygg og laft.
  • Stogetyper og tuntyper.

Laug - bygdehandverk - husflid

  • Byhandverkar. Bygdehandverkaren
  • Handverksbygd - bygdehandverkaren - husflid.

Folkekunst i ulike materiale og teknikkar

  • Tekstilarbeid: Åkle- biletvev. Folkedrakt - bunad
  • Metallarbeid: Smed/ sylvsmed - draktsylv, bondejern, kobber og messing
  • Trearbeid: Møbel og bohave, treskurd
  • Måling: Frihandsdekor innan rosemåling og biletmåling

Kvardagsliv og høgtid

  • Høgtider i året og i livet
  • Biletverda i folkekunsten
  • Symbol/ magiske teikn.

Stilhistorie

Frå oldtid til og med historisme

Hovudemne FAGDIDAKTIKK

Mål

Målet for faget er å gjere studentane i stand til å planleggje, grunngje og vurdere konsekvensar av folkekunstformidling i ulike samanhengar.

For å nå dette målet skal ein mellom anna drøfte

  • Kva er folkekunst ?
  • Kvifor folkekunststudium ?
  • Korleis arbeide med tanke på utøving og formidling innan folkekunst ?

Innhald

For å kunne gå inn på desse spørsmåla (kva, kvifor og korleis), må studenten tileigne seg kunnskap om korleis folkekunstomgrepet har utvikla seg historisk. Dei må vidare setje seg inn i ein del elementære samfunnsfaglege omgrep og teoriar for betre å kunne sjå tilhøvet mellom folkekulturen og samfunnet og den utøvande (folke)kunstnaren sin plass innan ulike samfunnsformer og i forskjellige historiske epokar. Den norske og nordiske kulturen skal forståast i ein europeisk / global samanheng.

Utifrå dette skal dei på sjølvstendig grunnlag kunne drøfte innhaldet i folkekunststudiet og den plassen studiet og folkekunsten har i eit moderne samfunn.

Studentane skal kunne formidle røynsler frå praktisk arbeid innanfor folkekunst ved å skaffe seg kunnskap om prosjektarbeid og rapportskriving knytt til dette. Dei skal også lære seg ein del elementær kommunikasjonsteori.

Studentane skal øve seg i praktisk formidling av folkekunst ved å arrangere utstillingar undervegs i studieåret. Fagdidaktiske tema skal elles integrerast i den andre undervisninga, t.d. i verkstadarbeid, prosjektarbeid eller gjennom anna fagteoretisk / praktisk undervisning.

Delemne

Kva er folkekunst

  • Kulturdefinisjonar / samfunn
  • Status / rolle / funksjon

Det lokale, det nasjonale og det globale

  • Identitet, etnisitet og nasjon
  • Folkekulturen si meiningsberande kraft

Folkekulturen og bygginga av nasjonen

  • Prosessane i den norske nasjonsbygginga frå slutten av 1700-talet
  • Gamal – Ny tid, ” Hamskiftet”

Prosjektarbeid

  • Prosjektgjennomføring og utvikling av problemstilling
  • Prosjektrapport

Formidlingsoppgåver

  • Utstillingar
  • Kunst - og handverksdagar

Hovudemne ESTETISKE FAG

Mål

Målsetjinga for estetiske fag er å utvikle sansen for estetiske kvalitetar og gjera studentane i stand til å arbeida medvete med form, farge, dekor og materialar. Mykje av undervisninga i estetiske fag er ei førebuing til arbeidet som skjer på verkstaden. Gjennom dette faget søkjer ein også å gjere studentane merksame på estetisk praksis i folkekunsten.

Innhald

I estetiske fag vil ein arbeide med å visualisere eigne tankar og idear. Gjennom å øva visuelt medvet - gjera studentane betre i stand til å uttrykke ideane sine.

Ved studium av form skal studentane få erfaring med ulike estetiske verkemiddel, både to - og tredimensjonalt. Eit viktig emne er samspelet mellom form og materiale.

Studentane må få kjennskap til farge som estetisk verkemiddel, og korleis ein kan nytte fargen som eige fargeuttrykk.

Studentane skal få erfaring med korleis dekor kan vere med på å gjera gjenstanden vakrare, og korleis det dekorative er ei viktig side ved folkekunsten og ved estetisk utfalding.

Delemna Dekor og Farge er spesielt retta inn mot hovudemnet Dekor i verkstadfaget og vert ein del av studieoppgåve III. Arbeidsoppgåver innan Teikning og Form/funksjon skal leverast inn og vert ein del av studentmappe og grunnlag for avsluttande karakter.

Delemne

Teikning

  • Frihandsteikning
  • Croquis
  • Skissering
  • Fagteikning

Dekor

  • Ornament
  • Flatemønster
  • Dekor/ form
  • Formalestetikk

Farge

  • Fargeteori
  • Harmonilære

Form/funksjon

  • Perspektivteikning
  • Komposisjon
  • Todimensjonalitet / tredimensjonalitet

3.2 FORDJUPINGSDEL

VERKSTADFAG TRE · METALL · TEKSTIL

Mål

Dette fagområdet femner om den praktiske tileigninga av produksjonsprosessane innanfor tradisjonell folkekunst og arbeid med fornying av folkekunsttradisjonen til aktuelle former og funksjonar.

Studenten skal gjennom eige arbeid lære om gjenstandskulturen og få røynsle med eit utval praktiske produksjonsprosessar. Studentane skal bli kjent med arbeidsprosessar frå råmateriale fram til ferdig produkt. I verkstadfaget vil ein av faglege og praktiske grunnar og nytte seg av meir eller mindre bearbeida og moderne materialkvalitetar. Studentane skal verta i stand til å sjå lokal formkultur i historisk samanheng, bli kjent med grunnlaget for utforminga og gjennom det få forståing for eigen og andre sin kultur.

Vidare skal studiet setje studenten i stand til å registrere og analysere tradisjonsmateriale og sjølv planleggje og tilverke eigne produkt med feste i lokal eller tradisjonell formkultur.

Verkstadfaget skal gje studentane grunnleggjande materialforståing, kunnskap om bruk av ulik reiskap og arbeidsmetodar i vidareføring av folkekunst.

Undervisninga på grunnstudiet må sjåast i samanheng med påbyggingsstudiet, då det ikkje er mogleg å gje tilstrekkeleg opplæring innanfor teknikkar og ulike problemstillingar på eitt års studium.

Innhald

Undervisninga i verkstadfaget er gjennom studieåret delt inn i 4 bolkar. Dei tre fyrste bolkane omhandlar tre ulike hovudemne. Til kvart hovudemne er det studieoppgåver med definera mål og innhald som studentane skal løyse. Desse oppgåvene er arbeidskrav som må gjennomførast og er med i mappevurderinga. I verkstadfag er det og skriftleg prøve i pensumlitteratur. Innan dei ulike hovudemna vert undervisninga delt inn i tema. Denne undervisninga kan av og til verte organisert slik at den går over heile veker (kursveker). Siste bolken er arbeid med årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing. Årsoppgåva har også ei klar formulering for mål og innhald. Studenten, i samråd med rettleiarar, vel tema for denne perioden.

Verkstadfaget har desse 3 hovudemna:

  • Materiale og teknikk
  • Dekor
  • Form / Funksjon/ Konstruksjon

I tillegg til dei tre hovudemna omfattar arbeid på verkstaden også estetiske spørsmål i samband med formgjeving av produkt.

Hovudemne

Materiale og teknikk

Dette hovudemne er lagt til starten av studieåret og skal gje studenten innføring i materiala tre, metall eller tekstil knytt til norsk folkekunst.

Det vert lagt vekt på kunnskap om utvikling og endringar i teknikk- og materialbruk. Vidare ser ein på kva bruksområde dei ulike gjenstandane er laga for, og korleis materialet er nytta i høve til bruksområdet. Det vert og ei innføring i ulike framstillings- og bearbeidingsmetodar som har vore nytta i folkekunstprosessar. Bruk og val av materiale og teknikk vert sett på i samanheng med variasjonar i natur, næring og sosiale forhold i dei ulike kulturområda der gjenstandane er laga.

Ein viktig del er og metodar for bearbeiding og etterbehandling av ulike materiale.

Dekor

Hovudemne dekor skal gje studenten kunnskap om og innføring i ulik dekortradisjonar som finns i norsk folkekunst i tre, metall og tekstil. Det vert lagt vekt på kunnskap om variasjon frå ulike delar av landet og korleis uttrykksformer har utvikla og endra seg gjennom tidene. Vidare er det eit mål at studentane sjølv skal bli i stand til å vidareføre og fornye dekor med utgangspunkt i dekorformer og metodar.

Form / Funksjon/ Konstruksjon

I dette emnet legg ein opp til ei grundig registrering og kritisk analyse av historisk gjenstandsmateriale innan eit funksjonsområde. Ein ser på kva funksjon gjenstanden har og kva samanheng gjenstanden står i.

Funksjonsanalyse skal vera grunnlag for vurdering av eigne val i høve til funksjon, materialbruk og metode i samband med utarbeiding av eige produkt.

Årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing

Årsoppgåva har ein sentral plass i studiet. I oppgåva skal studenten hente tilfang frå dei ulike fagkomponentane ved studiet, som historiske fag, fagdidaktikk, verkstadfag og estetiske fag.

Arbeidet skal innehalde både ein skriftleg del og eit eller fleire praktiske arbeid utført på grunnlag av ei sjølvvalt problemstilling. I tillegg er det krav om at det lokale tradisjonsstoffet skal nyttast i nytt formskapande arbeid. Problemstilling/tema skal vera godkjent av rettleiar før studenten startar arbeidet med årsoppgåva.

3.2.1 Verkstadfag TEKSTIL

MATERIALE OG TEKNIKK

Delemne

  • Tekstilreiskap
  • Spinning
  • Vevteori
  • Veving i flatvev
  • Bandveving
  • Etterbehandling av tekstilar

Studenten skal få kunnskap om ulik naturfiber og spinnemetodar nytta i norsk tekstiltradisjon og sjølv få innføring og utvikle dugleik i framstilling av tråd ved bruk av rokk /handtein. Ein viktig del av kunnskapen om fiber skjer gjennom innføring i prosessar som toving og filting av fiber og etterbehandling av ferdig vove stoff. I dette fordjupingsemnet vil ein gjennomgå prosessen frå utrekning, renning, oppsetting av ulike typer vev som oppstadvev og flatvev. Studenten skal sjølve setje opp og veva ein vadmålsvev og etterbehandle stoffet med stamping i tradisjonell vassdreven vadmålsstampe.

Parallellt med innføring i praktisk veving, vil studenten få innføring i vevteori og bindingsanalyse.

I tillegg skal studenten og få grunnleggjande innføring i og gjennom eige arbeid få kjennskap til variasjonar i tradisjonelle lokale bandteknikkar. I denne perioden skal studenten både drive med prøver i ulike teknikkar og materialar, men og lage ferdige produkt.

DEKOR

Delemne

  • Strikketradisjon og innføring i lokale strikketeknikkar
  • Broderi, lokale variasjonar
  • Farging, planter og kjemisk
  • Trykking, blokk/ ramme
  • Veving, komposisjonsbindingar og bindingsanalyse

I tekstilarbeid finns det ei mengd lokale variasjonar av dekor. Dekor på tekstil i innreinad og bekledning er resultat av eit stort mangfald av teknikkar, stor variasjon i materialbruk og kombinasjonar av desse. Ein del av dekorteknikkane er nytta i fleire kulturområda, medan andre derimot er svært lokale.

Ein del gjenstandsgrupper med dekor har vore nytta i bestemte kulturelle handlingar og der dekor/ dekorelement har hatt ei bestemt symbolsk tyding, medan ein i nyare tid har endra bruken til ein dekorativ funksjon, dette er emne for drøfting og refleksjon i samband med eiga utforming av produkt i samband med oppgåve i denne arbeidsbolken.

Studentane skal gjera øvingar i ulike dekorteknikkar både innan vev, broderi, trykk og strikking. I tillegg skal dei utføre produkt med dekor i valfri teknikk.

FORM / FUNKSJON

Delemne

  • Drakthistorie
  • Registrering av tekstil
  • Mønsterkonstruksjon på grunnlag av folkedrakt / bunad
  • Tradisjonelle vev og saumteknikkar
  • Funksjonsanalyse i tekstil

I samband med form/funksjon skal studenten få innsyn i utvikling og variasjon i utforming av bekledningstekstilar, og dette studiet skjer gjerne ved besøk i museum. Det er lagt mest vekt på kunnskap om variasjon i form, materialbruk og teknikkar som er nytta i dei norske folkedraktene. I samband med kunnskap om dei lokale drakttradisjonane skal og studenten verta kjent med korleis europeisk mote har påverka folkedraktene i dei ulike draktområda.

Studenten skal og få kjennskap til praktisk utforming av tekstilar nytta i norske interiør frå slutten av 1700 talet fram til vår tid. I tillegg vert det presentera teknikkar som særleg er nytta i norsk kystkultur. I denne arbeidsbolken skal studenten og få innføring i korleis gjera greie for og samanlikne form/ konstruksjon/ funksjon i ei gruppe historiske tekstilgjenstandar der målet er å nytte kunnskapen vidare i eige arbeid. Det vert utført ei kritisk analyse av materiale, form og evnt. dekor i høve til funksjon i vår tid.

3.2.2 Verkstadfag METALL

MATERIALE OG TEKNIKK

Delemne

  • Maskiner og verktøy
  • Materialkunnskap
  • Plate og konstruksjon
  • Overflatebehandling
  • Dekorteknikkar
  • Smiing
  • Samanføyingsmetodar, hekter, spenne/spretter, kasselåsar, beslag.
  • Miljø og tryggleik

I metall skal studenten få innføring i korleis dette materiale har vore bruka i norske tradisjonar.

Studenten skal få innføring i verktøykunnskap, materialkunnskap og framstillingsmetodar slik at ein sjølv kan gjere seg nytte av dette gjennom utforming av eigne produkt til ulike bruksformål.

Ein viktig del av denne kunnskapen vil skje gjennom prosessar, som tilpassing og istandsetjing av verktøy til ulik bruk, smiing og dekorteknikkar, knekking og bøying av plate, mekanisk og kjemisk overflatebehandling og hardlodding.

I denne perioden skal det lagast nokre produkt, samt utprøvingar.

DEKOR

Delemne

  • Historikk med vekt på bondesylvsmeden, dekorteknikkar og draktsylvet
  • Filigran, innføring i teknikken
  • Gravering , innføring teknikken

I Noreg har vi lange og rike tradisjonar i metallarbeid og serleg innanfor draktsylv, med eit rikt mangfald av knappar, sylgjer, spretter og spenner. Ein del av dekorteknikkane er bruka i fleire tradisjonsområde, medan andre er meir lokale og med sitt eige utrykk både i utforming og dekor. Ein del av gjenstandane med dekor har hatt ein klar nyttefunksjon, mens andre igjen vart bruka meir i samband med kulturelle handlingar der dekor og dekorelement har hatt ein bestemt symbolsk tyding. I nyare tid har mykje av dette blitt endra til bare å ha funksjon som dekor. Dette er emne for drøfting og refleksjon i samband med utforming av eigne produkt i oppgåva.

FORM / FUNKSJON

Delemne

  • Historikk, stilepokane, gjenstandstypar og datering.
  • Funksjonsform, korpus.
  • Funksjonanalyse

I samband med form og funksjon vert det lagt opp til at undervisninga skal gje innsyn i utvikling og variasjon i form og funksjonelle løysingar i ulikt metallarbeid frå ulike delar av landet.

I denne samanheng vert det å sjå på korpus og samanføyingsmetodar. Det vert lagt vekt på at studenten går grundig inn i eit kulturområde og ein tidsbolk og gjennomfører ei analyse som skal danne grunnlag for eiga utøving i samband med oppgåva i perioden. Oppgåva skal innehalde ein kritisk analyse av materiale, form og evt. dekor i høve til funksjon.

3.2.3 Verkstadfag TRE

MATERIALE OG TEKNIKK

Delemne

  • Arbeid med ferskt virke, rått materiale, innsamling av emne, arbeide med organiske former
  • Reiskapsbruk for bearbeiding av rått materiale
  • Teknikkar; utholing, sveip
  • Materiallære

Studenten vil få ei innføring i bruk av rått materiale i ulike gjenstandsgrupper frå naturalhushaldet fram mot vår tid.

Studenten skal få innføring i bruk av rått trevirke og sjølve kunne framstille gjenstandar i denne type materiale. Gjennom innsamling av emne i naturen og forelesingar, skal studenten skaffe seg røynsle i kva gjenstandar dei ulike delar av treet egnar seg til. Gjennom praktisk arbeid på verkstaden, ved bruk av ulike typar reiskapar, skal studenten tileigne seg ferdighet og erfaring om framstillingsprosessen.

DEKOR

Delemne

  • Ulike dekorteknikkar som
  • svibrenning og stempeldekor, barkskurd (kolrosing) karveskurd og strekdekor
  • Overflatebehandling
  • Form / dekor
  • Lokale variasjonar innan dekorteknikkar

I tre finns det ei mengde ulike dekortyper i innreinad og på gjenstandar som resultat av eit stort mangfald av teknikkar, stor variasjon i materialbruk og kombinasjonar av desse. Ein del av dekorteknikkane er nytta i fleire kulturområde, medan andre derimot er svært lokale.

Ein del gjenstandsgrupper med dekor har vore nytta i bestemte kulturelle handlingar og dekor/dekorelement har hatt ei bestemt symbolsk tyding, medan ein i nyare tid har endra bruk til berre å ha ein dekorativ funksjon. Dette er emne for drøfting og refleksjon i samband med eiga utforming av produkt i samband med oppgåve.

FORM / FUNKSJON

Delemne

  • Materiallære - treanatomi
  • Overflatebehandling
  • Fagteikning
  • Tradisjonelle samanføyingsteknikkar
  • Gjenstandsanalyse i tre
  • Maskinopplæring
  • Funksjonsanalyse
  • Form / funksjon

I samband med form / funksjonsperioden vert det lagt opp til at undervisninga skal gje studenten innsyn i utvikling og variasjon i form og funksjonelle løysingar i ulike trearbeid frå ulike delar av landet. Vesentleg vert å sjå på variasjonar om kva som er konstant i gjenstandsgrupper frå ulike tradisjonar.

Materiallære frå materialperioden vert vidareført, men med vekt på materialval og materialkvalitetar til gjenstandar der samanføyingsteknikkar er vesentlege. Innføring i sinking og liming.

Vidare innføring i bruk av handreiskap og maskiner.

Det vert lagt vekt på at studenten går grundig inn i eit kulturområde og ein tidbolk og gjennomfører ei analyse, og denne skal vidare danne grunnlag for eiga utøving i samband med oppgåve i perioden. Oppgåva skal innehalde ei kritisk analyse av materiale, framstillingsmåte, form og evnt. dekor i høve til funksjon.

Organisering

Studiet i folkekunst spenner om ein vekselverknad mellom praktisk og teoretisk handling. I verkstadfaget skal studenten skaffe seg kunnskap og ferdighet innan ulike tradisjonelle teknikkar og arbeide med eiga formgjeving av gjenstandar som har feste i lokal formkultur.

For å gje studentane ei heilskapleg forståing, gjennom teori og praksis, prøver ein å integrere dei ulike faga i studiet og legge ein struktur på studieåret som støttar opp om dette målet. Ein har difor valt å dele studieåret inn i lengre oppgåveperiodar, bolkar, som gjer dette mogleg.

Undervisninga er stort sett lagt til faste vekedagar, men kan i periodar bli meir konsentrera, t.d. om ein har kursveker, seminar eller spesielle tema der det kan vere hensiktsmessig å samle undervisninga.

Undervisningsformene vil variere mellom forelesingar, prosjektarbeid, individuell rettleiing på verkstad, seminar, kurs og ekskursjonar. Kurs - og seminarverksemd vil variere frå år til år, avhengig av økonomi og faglege vurderingar. Det vert arrangert ein lengre felles, obligatorisk studietur for alle studentane. I tillegg kjem kortare ekskursjonar innanfor kvar materialgruppe.

I tillegg til den timeplanfesta undervisninga, er det lagt opp til stor eigeninnsats frå studenten si side. Dette er nødvendig for å tilegne seg eit høgt handverksmessig nivå som grunnlag for vidareføring av folkekunsten.

I den siste bolken, under arbeidet med årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing, er det sett av tid til individuelt feltarbeid/ekskursjon. Individuell rettleiing.

Estetiske fag er nært knytt til formgjeving i dei tre materialområda tre, metall og tekstil. Ein søkjer i den grad det er mogleg å integrere dei enkelte emna i estetiske fag til arbeidet og oppgåvene i verkstaden. Fagteikning er eit tema som det vert undervist i på verkstaden.

Forelesingane i dei fleste hovudemna i fagdidaktikk er felles med folkemusikk 1.

I forelesingane vil ein bruke audiovisuelle hjelpemiddel og ta opp tema til diskusjon. Ein er i stor grad avhengig av aktiv deltaking frå studentane si side for å nå målet for dette faget.

Gruppearbeid vert av og til nytta som arbeidsmåte i fagdidaktikk.

Kunst - og handverksdagane er Instituttet si "Open dør". Dette er eit arrangement som alle studentane er med på og som er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike lag og organisasjonar i kommunen / bygda. Arrangementet er lagt til avslutninga av skuleåret.

Vurderingsformer

Det skal vere samsvar mellom mål, innhald og vurdering i studiet. Vurdering som skjer undervegs i studiet, skal gje studenten ei tilbakemelding på korleis studieoppgåver er løyst og kva som bør vektleggast vidare i studiet. Vurdering av studieoppgåver, prøver og arbeidskrav som må vere gjennomførte for å kunne gå opp til eksamen, vert samla i studentmappe og vert vurdera av faglærar i samråd med fagteam. Dei fleste av desse arbeida går inn som del av eksamen.

Arbeidskrav / vurdering i dei enkelte hovudemna

Innhald i studentmappe:

  • Estetiske fag

Sju studieoppgåver i delemna form/funksjon og teikning dannar grunnlag for karakter i estetiske fag. Studenten vel sjølv ut eit arbeid innanfor kvart av dei ulike tema i desse to delemna ( til saman 7 arbeid) for vurdering av karakter. Delemna dekor og farge vert vurdert som del av studieoppgåve III.

  • Verkstadfag

Tre studieoppgåver innan dei tre delemna inngår i studentmappe. For kvar studieoppgåve er det utforma oppgåvetekst som seier noko om mål, innhald og vurdering av oppgåvene. Alle studieoppgåvene i verkstadfaget har ein praktisk og ein teoretisk del.
I tillegg til dei tre studieoppgåvene skal studentane levere inn logg el. rapport som dokumenterer at dei har tilegna seg kunnskap i dei aktuelle teknikkane / tema det har vore undervist i. Loggen/rapporten vert vurdert til godkjent / ikkje godkjent.

  1. Delemnet Materiale/Teknikk : Studenten skal utføre øvingar som leverast saman med skriftleg dokumentasjon av arbeidsprosess. Studenten får karakter på det praktiske arbeidet, medan loggen vert vurdert til godkjent / ikkje godkjent.
  2. Delemnet Form / funksjon : Oppgåva skal innehalde rapport med problemstilling og eit ferdig produkt. Studenten får karakter på det praktiske arbeidet, medan den skriftlege delen vert vurdera til godkjent/ ikkje godkjent.
  3. Delemnet Dekor : Oppgåva skal innehalde øvingar frå delemnet i tillegg til eit ferdig produkt og farge/ dekorøvingar frå undervisning i estetiske fag. Karakteren vert fastsett på bakgrunn av arbeid med farge/ dekorøvingar og korleis studenten har løyst oppgåva med å utforme eit produkt med dekor.

Prøve i verkstadfagteori

Skriftleg prøve i historiske fag og fagdidaktikk, 5 timar

Historiske fag tel 2/3 og fagdidaktikk tel 1/3 av karakter.

Samansett årsoppgåve (omlag 10 veker)

For å få vitnemål må desse arbeidskrava vere gjennomførte:

  • Godkjend kvalitet på studieoppgåver levert til fastsett tid.
  • Godkjende rapportar frå kursveker / temaundervisning
  • Godkjend deltaking i obligatoriske delar av studiet
  • Godkjend deltaking på studietur

I delar av studiet som er obligatorisk, må ein søkje instituttet om å få vitnemål dersom fråveret er på meir enn 20 %. Søknaden vert handsama etter skjønn.

Eksamen

Eksamen omfattar både studieoppgåver gjennom året, prøve i verkstadfag, skriftleg prøve i fagteori og årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing.

Dei ulike delane av studiet vert vekta slik i forhold til den samanfattande karakteren for studiet:

  • Vurdering av årsoppgave, utstilling med skriftleg utgreiing 2
  • Skriftleg prøve i historiske fag og fagdidaktikk 1
  • Frå studentmappe 2
  1. prøve i verkstadfagteori, tel 1/10
  2. studieoppgåver i estetiske fag, tel 1/10
  3. studieoppgåve I, verkstadfag, tel 1/10
  4. studieoppgåve II, verkstadfag, tel 3/10
  5. studieoppgåve III, verkstadfag tel 4/10

Det gis ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Kvart delemne må ha bestått karakter for at hovudemnet skal vere bestått.

Det visast dessutan til forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no> - 12.04.2007