Folkemusikk 1 60FMUS1

Læringsmål

Hovudmål for studiet er at studentane utviklar ei forståing for den rike variasjonen i form og funksjon som vi har innan den norske folkemusikken. Ein vil drøfte kjernematerialet utifrå eit vidt fagleg perspektiv, der musikkfaglege, kulturhistoriske og samfunnsvitskaplege synspunkt saman skal danne grunnlaget for studiet. Gjennom studiet skal studentane skaffe seg kompetanse og praksis i å formidle kunnskap om folkemusikken vår. Studentane skal også utvikle song-, spel- og dansekunnskapane sine.

Innhold

Den teoretiske innføringa i norsk folkemusikk har størst omfang i grunnstudiet, men ein prøver å gjere denne innføringa levande ved å bruke tradisjonsberarar som lærarar ved studiet. Den teoretiske fellesdelen har eit omfang på omlag 60 %, medan den praktiske og individuelle delen har eit omfang på omlag 40 %.

Fellesdelen har desse fagområda:

  • Tradisjonskunnskap
  • Folkemusikken og samfunnet
  • Musikkteori
  • Hørelære

Individuell / praktisk del:

  • Hovudinstrument
  • Samspel / biinstrument
  • Prosjekt
  • Dans

FELLESDEL

Hovudemne 1 - TRADISJONSKUNNSKAP

Mål

Tradisjonskunnskap er det største emnet i studieplanen. Det skal gje studentane ei oversikt over dei norske folkemusikktradisjonane, både med omsyn til breidda i dei levande tradisjonane og med omsyn til forståinga av dei historiske forholda som har skapt dei. Forståinga av korleis tradisjonsmusikken er skapt i spenningsfeltet mellom impuls og tradisjon, mellom nytt og gamalt, er sentral.

Innhald

Tradisjonskunnskapen blir formidla til studentane først og fremst av lærarar ved studiet, men og av utøvarar / gjestelærarar med ulik tradisjonsbakgrunn som sit inne med viktig kunnskap som ikkje er å finne i bøker. Emnet gjev dessutan innføring i ein del praktiske ferdigheitar, m.a. vokal tradisjonsmusikk og tradisjonsdans, som skal vere eit felles fundament for den faglege utviklinga til den einskilde.

Delemne

  • Avklaring av omgrep og avgrensing av fagområdet

Folkemusikk / tradisjonsmusikk, populærmusikk / underhaldningsmusikk, kunstmusikk

Tradisjonsomgrepet

  • Typar

Emnet tar for seg typane innan tradisjonsmusikken. Gjennomgangen av kvar einskild type skal innehalde både ei konkret, musikalsk skildring og ei utgreiing om historikken som knyt seg til den aktuelle typen.

  • Instrument / organologi

Innføring i klassifikasjonssystem (m.a. Sachs og Hornbostel sitt system)

Utgreiing om det norske tradisjonsmusikkinstrumentariet (speleteknikk, geografisk utbreiing, historikk osb. for kvart einskild instrument)

  • Samspelsformer

Samansetjing av instrument

Dei ulike instrumenta si musikalske rolle

  • Norsk musikkhistorie frå dei tidlegaste tidene fram mot vår tid

Historiske epokar i kunstmusikken og ”linkar” til folkemusikken

Dei tidlegaste kjeldene til musikk i Norden

Musikk og dans i mellomalderen

Salmesang, latinskolen

Stadsmusikantvesenet

Innsamling av folkemusikk

Bruk av folkemusikk i kunstmusikken

Folkemusikkforsking

Globalisering av folkemusikken

  • Dans

Studentane skal få eit felles grunnlag for oppleving av dans som sosial samversform. Gjennom tilnærming til dei ulike sjangrane i folkedansrepertoaret skal studentane få eit innblikk i desse, og få ei djupare forståing av forholdet mellom dans og musikk. Med omsyn til denne viktige faglege sida, og at dans er ein sosial aktivitet som krev deltaking frå heile gruppa, er danseundervisninga obligatorisk.

Ein startar med eit utval av dei vanlege runddansformene i landssamanheng. I løpet av året skal ein også innom noko av det fellesnasjonale repertoaret m.o.t. turdans, songleik og songdans, men hovuddelen av arbeidet vil liggje på bygdedansen. Her vil ein gå inn i ulike lokale og regionale former. Denne tilnærminga må sjåast i samband med fagteorien.

  • Vokal folkemusikk

Praktisk-teoretisk innføring i forskjellige vokalmusikktypar

Problem knytta til klassifisering av vokalmusikk

Gjennomgang av typar (bånsullar, lokk, ballader, stev osb.)

  • Dei ulike tradisjonsområda

Oppsummering m.h.t. variasjonar (typer, instrument, terminologi m.m.)

Sentrale tradisjonsberarar i ulike tidsbolkar. Det er viktig for hovudemnet tradisjonskunnskap at stoffet blir presentert av utøvarar som har eit nært forhold til dette. Der eit tradisjonsområde ikkje kan dekkjast av fast tilsette, er det ønskjeleg å bruke gjestelærarar.

Hovudemne 2 - FOLKEMUSIKKEN OG SAMFUNNET

Mål

Målet for faget er å gjere studentane i stand til å planleggje, grunngje og vurdere konsekvensar av folkemusikkformidling i ulike samanhengar.

For å nå dette målet skal ein mellom anna drøfte:

  • Kva er folkemusikk ?
  • Kvifor folkemusikkstudium ?
  • Korleis arbeide med tanke på utøving, formidling innan folkemusikk ?

Innhald

For å kunne gå inn på desse spørsmåla ( kva, kvifor og korleis), må studenten tileigne seg kunnskap om korleis folkemusikkomgrepet har utvikla seg historisk. Dei må vidare setje seg inn i ein del elementære samfunnsfaglege omgrep og teoriar for betre å kunne sjå forholdet mellom folkekulturen og samfunnet og den utøvande (folke)musikaren sin plass innan ulike samfunnsformer og i forskjellige historiske epokar. Den norske og nordiske kulturen skal forståast i ein europeisk / global samanheng. Utifrå dette skal dei på sjølvstendig grunnlag kunne drøfte innhaldet i folkemusikkstudiet og den plassen studiet og folkemusikken har i eit moderne samfunn.

Studentane skal kunne formidle erfaringar frå praktisk arbeid innafor folkemusikk ved å skaffe seg kunnskap om prosjektarbeid og rapportskriving knytt til dette. Dei skal også lære seg ein del elementær kommunikasjonsteori. Studentane skal øve seg i praktisk formidling av folkemusikk ved å arrangere konsertar / kappleik. Studentane skal delta på ein obligatorisk studietur i løpet av skuleåret, for å ta del i og oppleve eit folkemusikkarrangement.

Delemne
  • Kva er folkemusikk ?

Kulturdefinisjonar / samfunn

Status / rolle / funksjon

  • Utvikling av kunstnarrolla

Innføring i historiske og nåverande samfunnstypar

Politikk, marknad og profesjonalisering

  • Det lokale, det nasjonale og det globale

Identitet, etnisitet og nasjon

Folkekulturen si meiningsberande kraft

  • Folkekulturen og byggjinga av nasjonen

Prosessane i den norske nasjonsbyggjinga frå slutten av 1700-talet

  • Kommunikasjonsteori

Kommunikasjonsteoretiske omgrep og modellar

Korleis ting får meining

Tekst og kontekst

Media og påverknad

  • Prosjektarbeid

Utvikling av problemstilling og gjennomføring av prosjekt. Det er vide rammer for val av tema, med det skal kunne relaterast til hovudmåla for studiet. Prosjektet kan byggjast opp på teoretiske studiar, men og på skapande eller praktisk – pedagogisk arbeid. Det vert i alle høve sett same krav til den skriftlege delen: -prosjektrapporten. Innlevering av prosjektrapport. Omfang om lag 15 – 25 sider. I høve til utforminga av rapporten viser ein til retningslinjer i kjeldebruk og utforming av skriftlege arbeid som blir delte ut ved studiestart.

  • Formidlingsoppgåver

Kappleik / Festival

Konsert under Kunst - og handverksdagane

Huskonsertar

Hovudemne 3 - MUSIKKTEORI

Mål

Faget skal gje det teoretiske grunnlaget for omtale og analyse av ei folkemusikalsk form.

Innhald

Faget omhandlar både generelle musikkteoretiske emne og meir spesielle område der det er naudsynt med fordjuping, t.d. tonalitet, form og metrum i folkemusikken og forholdet mellom musikk og dans. Som eit grunnlag i faget ligg eit allment musikkteoretisk omgrepsapparat som skal danne basis for ei meir djuptgåande tilnærming til stoffet. Denne delen må sjåast i samanheng med hørelæra.

Faget går detaljert inn på teoretiske forhold ved våre folkemusikalske former og ved instrumenta som blir brukte. Undervisninga skal drøfte om den vanlege musikkteoretiske bruken av omgrep er tilstrekkeleg for å skildre og forstå dei folkemusikalske formene.

Delemne
  • Allmenn musikkteori

Elementær notelære

Intervall

Konvensjonelle tone- og taktartar

Grunnleggjande akkordlære

  • Notasjon

Særskilte problem ved notasjon av folkemusikk

Grepsnotasjon på fele

  • Formanalyse

Form- og motivtypar

Ulike modellar

  • Tonalitet

Overtonerekka og reinstemming

Ulike skalatypar

Modalitet og rammeintervall

  • Takt og rytme

Metrikktypar i folkemusikken

Forholdet mellom musikk og dans

Hovudemne 4 - HØRELÆRE

Mål

Studentane skal utvikle eit musikalsk medvit og ei forståing for musikalske samanhengar. Faget skal byggje bru mellom eit teoretisk omgrepsapparat og praktisk utøvande verksemd. Studentane skal utvikle evne til aktivt å lytte til musikk, til å kunne oppfatte og gjeve att musikalske element og til tolking av notasjonar.

Sentralt i kunnskapsbyggjinga i faget er opparbeiding av den indre førestellingsevna som gjeld melodiminne, grunntone og metrisk struktur. Denne må utviklast gjennom melodiske og rytmiske øvingar og er ein føresetnad for utvikling av reidskapar til notasjon og tolkning av notasjon. Studentane skal bli i stand til å lese og analysere eit notebilete og til å notere musikk.

Innhald

Øvingsstoffet vil i hovudsak ha utgangspunkt i tradisjonell norsk folkemusikk, men både det allmenne, det generelle og det meir spesielle ved folkemusikken vil bli handsama. Ulike tema blir omhandla, og desse vil ein arbeide med parallelt.

Ein vil arbeide med forskjellige lytteøvingar, intervalltrening, ulike øvingar i identifisering og attgjeving av melodi og rytmar. Leseøvingar og øving i notasjon gjennom melodiske og rytmiske diktatar vil også vere typiske aktivitetar i undervisninga.

Delemne

  • Notasjon og prima vista

Trening i notasjon

Bladsong frå ymse kjelder

  • Lytting og attgjeving

Intervall

Ulike skalaformer og modi

Akkordar

Ulike rytmar og puls

INDIVIDUELL / PRAKTISK DEL

Mål

Studentane skal få innsyn i og forståing for ulike sider innan folkemusikkens mange uttrykksformer gjennom ei praktisk tilnærming. Den einskilde studenten skal opparbeide og utvikle eit repertoar med tradisjonell song- og / eller spelmateriale etter rettleiing frå faglærar. Med dette som basis vil det og kunne vere ei utfordring å føre dette vidare gjennom eksperimentering og nyskaping, til dømes gjennom ulike former for samspel.

Det er eit mål å utvikle forståing for det som er kjernen i overføringsprosessen av folkemusikk i ein læringssituasjon, “læring ved herming “ eller “sjå-høre-etterlikne- metoden”.

Innhald

Studentane får praktisk undervisning og rettleiing i song og på ulike instrument med utgangspunkt i dei norske folkemusikktradisjonane. Det må takast omsyn til kva lærarkreftene ved studiet kan tilby.

Delemne
  • Hovudinstrument

Kvar student vel i samråd med faglærar eit hovudinstrument innan dei norske song- og speltradisjonane. I samråd med læraren kan studentane fordjupe seg i ein eller fleire tradisjonar, men alle skal i løpet av studieåret få kjennskap til dei ulike typane og sjangrane på det instrumentet dei har valt. Studentane skal få erfaring i å bruke ulike kjelder for læring; -læring ved herming, fonogram og noter.

  • Biinstrument

Studentane skal ha eit tilbod i biinstrument. Undervisninga blir normalt organisert i grupper, og er avgrensa av tilgangen på instrument og lærekrefter.

  • Samspel

Med tanke på konsertar, ulike formidlingsoppdrag og arbeid i lydstudio, kan studentar og lærarar setje saman ulike samspelgrupper.

Organisering

Undervisningsforma er forutan praktisk arbeid med musikk og dans, forelesingar, seminar, ekskursjonar, sjølvstudium, skriftlege heimeoppgåver, prosjektarbeid (formidlingsoppgåver) og gruppearbeid med framlegging. Undervisninga er til vanleg lagt til faste vekedagar gjennom året.

I forelesingane vil ein i nokon grad bruke audiovisuelle hjelpemiddel og ta opp tema til diskusjon. Ein er i stor grad avhengig av aktiv deltaking frå studentane si side. Gruppearbeid er særleg aktuelt i dei ulike formidlingsoppgåvene, men det er og ønskjeleg at studentane organiserer eigne kollokviegrupper.

Alle studentar får kvar 20 timer individuell undervisning på hovudinstrument. Undervisninga på biinstrument blir organisert i grupper. Samspelgruppene kan ved ein del høve bli organisert av studentane sjølve. Det er ønskjeleg at studentane tek initiativ til å halde huskonsertar. Studentane skal i arbeidet med hovudinstrument få kontinuerleg vurdering og tilbakemelding om framgang frå faglærar.

Ved studiestart blir det arrangert eit intensivkurs i grunnleggjande musikkteori for dei som ønskjer det. Hørelærefaget vil for det meste bli organisert som praktisk gruppeundervisning. Etter første semesteret blir det halde ei prøve i allmenn musikkteori og hørelære. Denne må godkjennast før studenten kan gå opp til eksamen.

Emne knytt til utforming av problemstilling og gjennomføring av individuell prosjektoppgåve, blir tema i felles teoriundervisning. Studentane vil og få 3 timar individuell rettleiing i høve til prosjektet.

Kunst - og handverksdagane er instituttet si Open dør. Dette er eit arrangement som alle studentane er med på og som er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike lag og organisasjonar i kommunen / bygda. Arrangementet er lagt til avslutninga av skuleåret.

Vinterkappleik / festival er eit årleg arrangement som er lagt til byrjinga av vårsemesteret. Alle studentane på folkemusikk 1 skal vere med på planlegging og gjennomføring av dette arrangementet. Arrangementet er organisert og gjennomført som eit prosjektarbeid. Ein lærar frå folkemusikkteamet vil ha ansvaret for å følgje opp dette arbeidet. Studentar på folkekunst 1 kan velge å vere med på dette arrangementet og ha dette som formidlingsoppgåve.

Vurderingsformer

EKSAMEN

Eksamen omfattar ein skriftleg og ein munnleg del samt studentmappa.

Skriftleg prøve i fagteori, 6 timer

  • tradisjonskunnskap
  • folkemusikken og samfunnet
  • musikkteori

Munnleg prøve

instrumental og vokal utøving (hovudinstrument). Studentane vert prøvd i eit repertoar på ca. 15 min. på hovudinstrumentet.

Prøving i bi-instrument kan etter søknad gå inn som ein del av vurderinga.

Mappevurdering

Kvar student har ei mappe der arbeider, prøver, innleveringar, faglærar sine vurderingar o.s.b samlast systematisk. Dette materialet skal gje eit bilete av studenten sitt nivå.

Innhaldet i mappa skal vere:

  • eit skriftleg arbeid pr. semester i emna tradisjonskunnskap, folkemusikken og samfunnet og musikkteori (tilsaman 6)
  • individuell prosjektoppgåve

VEKTING

Dei ulike delane av vurderinga vektas slik:

  • skriftleg prøve 3
  • munnleg prøve 2
  • mappe 5, der individuell prosjektoppgåve utgjer 1,5

OBLIGATORISK FRAMMØTE / ARBEIDSKRAV

For å få gå opp til eksamen må studenten :

  • delta i obligatorisk undervisning i dans
  • få godkjent deltaking i organisering og gjennomføring av vinterkappleik/festival
  • levere individuell prosjektoppgåve innan fristen
  • få godkjent prøve i allmenn musikkteori og hørelære
  • deltaking på obligatorisk studietur

I emne med obligatorisk frammøte må ein søkje instituttet om å få vitnemål dersom fråveret i det einskilde emnet er på meir enn 20 %. Søknaden vert handsama etter skjøn.

Det blir gjeve ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Kvart delemne må ha bestått karakter for at hovudemnet skal vere bestått.

Ein viser også til forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no> - 13.04.2007