Politisk kultur, normer og sosial kontroll i Norden 1500-1800 3509
Læringsmål
Statssystema og dei sosio-økonomiske tilhøva var ulike i dei nordiske landa i tidleg nytid.Emnet vil ta opp i kva grad dette kjem til uttrykk i den politiske kulturen og i sosialiseringa av folket.
Innhold
Emnet har to tyngdepunkt. For det første skal ein studere den politiske kulturen som omfattar deltaking, ytringsformer, avgjerdsprosessar og avgjerdsprinsipp. På va måte hadde bondestanden høve til å øve innverknad og bli høyrt gjennom ulike administrative og politiske kanalar? Dernest skal ein studere korleis den offisielle kontrollen og den uoffisielle disiplineringa av folket fungerte, og korleis konfliktar, normer og lovbrot blei handterte, først og fremst slik det kjem til uttrykk ved domstolane og rettsmaterialet. Emnet blir behandla over eit lengre tidsspenn ut frå eit politisk, sosial- og kulturhistorisk perspektiv, der det blir lagt vekt på endringar over tid og på samanlikning mellom grupper, mellom kjønn og mellom dei nordiske landa. Fokus blir retta mot menneska som aktørar i deira relasjon til styresmaktene og til kvarandre.
Organisering
Forelesningar og seminar.
Vurderingsformer
I eitt av dei fordjupingsemna som det blir undervist i (gjeld ikkje Nordisk historie oversyn), valt etter loddtrekning, blir det i siste del av semesteret halde ein heimeeksamen (to veker) pluss ei munnleg prøve. Heimeoppgåva blir gjeven av faglærar/faglærarar og skal ha nær tilknyting til undervisninga. I tillegg til pensum i emnet kan og annan relevant litteratur (t.d. ein artikkel) og/eller kjeldestoff dragast inn.
I det(dei) andre emnet(emna), som ikkje blir uttrekt til heimeeksamen, blir det arrangert 6 timars skoleeksamen.
Dersom det blir undervist berre i eitt emne, er eksamensforma heimeeksamen, to veker pluss munnleg prøve.
Kontinuasjonseksamen blir halden som 6 timars skoleeksamen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 11.02.2008