Diskret matematikk 5503

Læringsmål

Emnet skal gi studentane grunnleggande innsikt i og forståing av nokre sentrale delar av diskret matematikk, som er studiet av strukturar i mengder med eit endeleg tal element.

Innhold

Tema frå kodeteori, kombinatorikk, grafteori, trestrukturar, språk og automatar.

Organisering

3-4 timar undervisning i veka i vårsemesteret. Emnet blir ikkje gitt kvart studieår.

Vurderingsformer

Undervegsevaluering i form av obligatoriske innleveringsoppgåver som må vere godkjende før ein kan gå opp til ein 4 timars, individuell, skriftleg, eksamen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 15.04.2008