Driftsrekneskap og budsjettering 5003

Læringsmål

Emnet skal gi grunnlag for skaffe og bruke interne styringsdata til å leie eit føretak samt å gi oversikt over og innsikt i ulike driftsrekneskapsmodellar. Det er viktig å drøfte vurderingsproblem knytt til desse modellane. Det er likeeins viktig å øve opp forståing for samanhengen mellom driftsrekneskap og ulike budsjett, samt kva for data frå driftsrekneskapen som er relevante og irrelevante i avgjerdssituasjonar. Emneområdet skal være generelt og kunne brukast for alle bransjar.

Innhold

Faglege element som dekkast:

  • Inntekts- og kostnadskontroll
  • Modellar for driftsrekneskapet og bruk av normal- og standardkost
  • Avgjerdsrelevante kostnader og inntekter
  • Kostnadsfordeling
  • Aktivitetsbasert kalkulasjon
  • Berekning av relevante kostnader for rett prissetting, produktval, kjøpe/produsere sjølv, aksept av tilleggsordre, nedlegging mv
  • Budsjettering

Organisering

3-4 timar forelesing i veka i vårsemesteret.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 15.04.2008