Foretaksstrategi 5205
Læringsmål
Emnet skal gjøre studentane kjent med omgrepsapparatet innan føretaksstrategi, gi innsikt i den strategiske leiingsprosessen, samt gi ei innføring i aktuelle strategiske muligheter. Studentane skal få bransjeinnsikt ved gjennomgang og presentasjon av eksempel frå bransjar og bedrifter, tilpasset studiets profilering. Emnet skal vise samanhengen i dei andre emna i studiet. Dette vil danne eit grunnlag for generelt å øve opp til strategisk tenking.
Innhold
Dei elementa som skal dekkast er:
- Strategiomgrepet i eit historisk perspektiv
- Strategiprosessar - den strategiske leiingsprosessen
- Visjon, forretningsidé(ar), verdiar og mål
- Strategiske forretningsområde
- Strategianalysar (eksterne faktorar - omgjevnader, interne faktorar - ressursar) og strategiske muligheter
- Differensiering, val av målgrupper, posisjonering og profilering, samt porteføljeanalysar
- Strategievalueringar og -val
- Konsernstrategiar
- Strategi og etikk
Organisering
3-4 timar forelesing i veka i vårsemesteret.
Vurderingsformer
Studenten skal i løpet av semesteret sette seg inn i eit godkjent case og skal i samband med dette gjere sine eigne vurderingar. Arbeid og innlevering skjer gruppevis, men faglærar kan godkjenne individuell innlevering. Arbeidet dokumenterast skriftleg. Andre del er ei skriftleg sluttprøve utan hjelpemidlar, 3 timar. Kvar del tel 50 % av sluttkarakteren. Alle delprøver må vere bestått.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 15.04.2008