Folkekunst 1 FKUN1

Læringsmål

Studiet har som mål å gje studentane ei innføring i norsk folkekunst og på det grunnlaget å setja dei i stand til å arbeide for vern, vidareføring og fornying av den materielle formkulturen gjennom utøving, formidling og undervisning. Studiet har både ei tradisjonsvernande og ei tradisjonsfornyande side.

Innhold

Studiet har 3 hovudemne:

Historiske fag - skal gje eit oversyn over det mangfaldet som finst innan folkekunsten og sette gjenstandane inn i ein kulturell, sosial og kulturhistorisk samanheng og sjå på korleis innhaldet i folkekunstomgrepet har utvikla seg historisk.

Estetiske fag - skal gje kunnskap om og røynsle i arbeid med estetiske verkemiddel. Faget inneheld mellom anna fargelære, teikning og studie av form.

Verkstadfag - tek sikte på å gje den praktiske tileigninga av produksjonsprosessane innanfor tradisjonell folkekunst. Ein legg vekt på grunnleggande kjennskap til materiale, reiskap, arbeidsmetodar og arbeidsteknikkar. Ein kan velge mellom arbeid i tre, metall eller tekstil.

Studiet er organisera i ein fellesdel og ein fordjupingsdel. Fellesdelen inneheld historiske fag og delar av estetiske fag. Fordjupingsdelen inneheld verkstadfaget og delar av estetiske fag. I verkstadfaget vel ein å arbeide innanfor eitt av områda tre, metall eller tekstil.

Vektinga mellom dei ulike komponentane er:

Historiske fag

15 studiepoeng

Estetiske fag

15 studiepoeng

Verkstadfag

30 studiepoeng

3.1 FELLESDEL

Hovudemne HISTORISKE FAG

Mål

Å bli kjent med hovudtrekk i norsk folkekunst og korleis desse kjem til uttrykk i ulike handverk. Studentane skal bli kjend med korleis folkekunstomgrepet har utvikla seg over tid.

Innhald

Noreg kan i eit historisk perspektiv syne til ein rik og variert folkekunst, mykje takka vere ulike naturlege og kulturelle tilhøve i eit langstrekt land. Føresetnaden for å drive handverk og kunsthandverk har skifta frå stad til stad, frå ei tid til ei anna og frå eit sosialt lag til eit anna. Ein finn eit frodig mangfald av materialer, teknikkar, former, fargar og dekor i og på gjenstandar knytta til kvardagsliv og høgtider.

Ein ynskjer å gje eit oversyn over dette mangfaldet. I særleg grad er merksemda retta mot tekstil-, metall- tre- og målingsarbeid frå den perioden ein kallar folkekunstens gullalder, det vil seie frå byrjinga av 1700-talet til slutten av 1800-talet.

Ein legg vekt på å sjå folkekunsten i tida den er vakse fram i. Sentrale spørsmål vil vere: Kva har skjedd i møtet mellom heimleg tradisjon og impulsar utanfrå? Kva har sosiale, økonomiske og kommunikasjonsmessige tilhøve hatt å seie for danning og utvikling av folkekunsten? Kva skil og kva samlar folkekunsten i eit område samanlikna med eit anna? Korleis har gamle skikkar og folketru forma folkekunsten?

Studentane skal sjå tilhøvet mellom folkekunstuttrykka og samfunnet og den utøvande (tradisjons)kunstnaren sin plass i ulike samfunnsformer og i forskjellige historiske epokar. Det vil bli lagt vekt på den nasjonsbyggande perioden på attenhundretalet. Studentane skal forstå at folkekunstomgrepet er nært knytt til fenomen som etnisitet og identitet. Utifrå dette skal dei på sjølvstendig grunnlag kunne drøfte innhaldet i folkekunststudiet og den plasssen studiet og folkekunsten har i eit moderne samfunn.

Delemne

Kva er folkekunst

  • Kulturdefinisjonar / samfunn

Det lokal, det nasjonale og det globale

  • Identitet, etnisitet og nasjon
  • Folkekulturen si meiningsberande kraft
  • Prosessane i den norske nasjonsbygginga frå slutten av 1700-talet

Teoretiske perspektiv

  • Drivkrefter i utviklinga av folkekunst
  • Inspirasjonskjelder-folkekunstens uttrykksformer

Historisk - kulturhistorisk bakgrunn

  • Det lokale nærings- og arbeidsliv
  • Ulike sosiale grupper
  • Brytningstida kalla ”hamskiftet”

Byggeskikk

  • Stavbygg og laft.
  • Stogetyper og tuntyper.

Laug - bygdehandverk - husflid

  • Handverk i by og bygd
  • Handverksbygd - bygdehandverkar - husflid.

Folkekunst i ulike materiale og teknikkar

  • Tekstilhandverk: Åkle og biletvev, folkedrakt og bunad
  • Metallhandverk: Bondesylv samt jarn-, kopar- og messing-arbeid
  • Trehandverkar: Møbel, bohave og treskurd
  • Målingshandverk: Rosemåling, biletmåling og anna frihandsdekor

Kvardagsliv og høgtid

  • Høgtider i året og i livet
  • Biletverda i folkekunsten
  • Symbol/ magiske teikn

Stilhistorie (støttefag)

  • Frå oldtid til og med historismen

Hovudemne ESTETISKE FAG

Mål

Målsetjinga for estetiske fag er å utvikle sansen for estetiske kvalitetar og gjera studentane i stand til å arbeida medvete med form, farge, dekor og materialar. Mykje av undervisninga i estetiske fag er ei førebuing til arbeidet som skjer på verkstaden. Gjennom dette faget søkjer ein også å gjere studentane merksame på estetisk praksis i folkekunsten.

Innhald

I estetiske fag vil ein arbeide med å visualisere eigne tankar og idear. Gjennom å øva visuelt medvet - gjera studentane betre i stand til å uttrykke ideane sine.

Ved studium av form skal studentane få erfaring med ulike estetiske verkemiddel, både to - og tredimensjonalt. Eit viktig emne er samspelet mellom form, teknikk og materiale.

Studentane må få kjennskap til farge som estetisk verkemiddel, og korleis ein kan nytte fargen som eige fargeuttrykk.

Delemne

Teikning

  • Frihandsteikning
  • Croquis
  • Skissering
  • Fagteikning

Formalestetikk

Farge

  • Fargeteori
  • Harmonilære

Form/funksjon

  • Perspektivteikning
  • Komposisjon
  • Todimensjonalitet / tredimensjonalitet

3.2 FORDJUPINGSDEL

VERKSTADFAG TRE · METALL · TEKSTIL

Mål

Dette fagområdet femner om den praktiske tileigninga av produksjonsprosessane innanfor tradisjonell folkekunst og arbeid med fornying av folkekunsttradisjonen til aktuelle former og funksjonar. Studenten skal tileigne seg grunnleggande teknisk og formal kunnskap basert på tradisjonelle teknikkar og grunnleggande formale prinsipp. Dette skal danne grunnlag for å gjere studenten i stand til å utvikle prosjekt sjølvstendig under rettleiing.

Studenten skal gjennom eige arbeid lære om gjenstandskulturen og få røynsle med eit utval praktiske produksjonsprosessar. Studentane skal bli kjent med arbeidsprosessar frå råmateriale fram til ferdig produkt. I verkstadfaget vil ein av faglege og praktiske grunnar og nytte seg av meir eller mindre bearbeida og moderne materialkvalitetar. Studentane skal verta i stand til å sjå lokal formkultur i historisk samanheng, bli kjent med grunnlaget for utforminga og gjennom det få forståing for eigen og andre sin kultur.

Vidare skal studiet setje studenten i stand til å registrere og analysere tradisjonsmateriale og sjølv planleggje og tilverke eigne produkt med feste i lokal eller tradisjonell formkultur.

Verkstadfaget skal gje studentane grunnleggjande materialforståing, kunnskap om bruk av ulik reiskap og arbeidsmetodar i vidareføring av tradisjonsmaterialet.

Undervisninga på grunnstudiet må sjåast i samanheng med påbyggingsstudiet, då det ikkje er mogleg å gje tilstrekkeleg opplæring innanfor teknikkar og ulike problemstillingar på eitt års studium.

Innhald

Undervisninga i verkstadfaget er gjennom studieåret delt inn i 3 bolkar. Dei to fyrste bolkane omhandlar to grunnleggande hovudemne. Til kvart hovudemne er det studieoppgåver med definera mål og innhald som studentane skal løyse. Desse oppgåvene er arbeidskrav som må gjennomførast og er med i mappevurderinga. I verkstadfag er det og skriftleg prøve i pensumlitteratur. Innan dei ulike hovudemna vert undervisninga delt inn i tema. Denne undervisninga kan av og til verte organisert slik at den går over heile veker (kursveker). Siste bolken er arbeid med årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing. Årsoppgåva har også ei klar formulering for mål og innhald. Studenten, i samråd med rettleiarar, vel tema for denne perioden.

Studentane skal gjennom året lage utstillingar frå dei ulike bolkane der dei presenterer arbeida sine

Verkstadfaget har desse 2 hovudemna:

  • Materiale,reiskap og teknikk
  • Form, funksjon og konstruksjon

Integrert i dei to hovudemna omfattar arbeid på verkstaden formalestetiske spørsmål i samband med formgjeving av produkt.

Hovudemne

Materiale, reiskap og teknikk

Dette hovudemne er lagt til starten av studieåret og skal gje studenten innføring i materiala tre, metall eller tekstil knytt til norsk folkekunst. Studenten skal sjå samanhengen mellom materialet, bruk av reiskap og teknikkar i folkekunsten og arbeide vidare med desse problemstillingane i eige arbeid på verkstaden.

Det vert lagt vekt på kunnskap om utvikling og endringar i teknikk- og materialbruk. Vidare ser ein på kva bruksområde dei ulike gjenstandane er laga for, og korleis materialet er nytta i høve til bruksområdet. Det vert og ei innføring i ulike framstillings- og bearbeidingsmetodar som har vore nytta i folkekunstprosessar. Bruk og val av materiale og teknikk vert sett på i samanheng med variasjonar i natur, næring og sosiale forhold i dei ulike kulturområda der gjenstandane er laga.

Ein viktig del er og metodar for bearbeiding og etterbehandling av ulike materiale.

Form, funksjon og konstruksjon

I dette emnet legg ein opp til registrering og analyse av historisk gjenstandsmateriale innan eit funksjonsområde. Ein ser på kva funksjon gjenstanden har og kva samanheng gjenstanden står i.

Funksjonsanalyse skal vera grunnlag for vurdering av eigne val i høve til funksjon, materialbruk og metode i samband med utarbeiding av eige produkt. Studentane skal arbeide med tekniske løysingar / konstruksjonsprinsipp ein finn i det historiske materiale og bruke det som grunnlag for eiga formutvikling.

Årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing

Årsoppgåva har ein sentral plass i studiet. I oppgåva skal studenten hente tilfang frå dei ulike fagkomponentane ved studiet, som historiske fag, verkstadfag og estetiske fag.

Arbeidet skal innehalde både ein skriftleg del og eit eller fleire praktiske arbeid utført på grunnlag av ei sjølvvalt problemstilling. I tillegg er det krav om at det lokale tradisjonsstoffet skal nyttast i nytt formskapande arbeid. Problemstilling/tema skal vera godkjent av rettleiar før studenten startar arbeidet med årsoppgåva.

Studenten vil gjennom året få rettleiing i rapportskriving, utvikling av problemstilling, bruk av kildemateriale, dokumentasjon og presentasjon av arbeidsoppgåver.

3.2.1 Verkstadfag TEKSTIL

MATERIALE, REISKAP OG TEKNIKK

Delemne

  • Tekstilreiskap
  • Spinning
  • Vevteori
  • Veving i flatvev
  • Bandveving
  • Etterbehandling av tekstilar

Studenten skal få kunnskap om ulik naturfiber og spinnemetodar nytta i norsk tekstiltradisjon og sjølv få innføring og utvikle dugleik i framstilling av tråd ved bruk av rokk /handtein. Ein viktig del av kunnskapen om fiber skjer gjennom innføring i prosessar som toving og filting av fiber og etterbehandling av ferdig vove stoff. I dette emnet vil ein gjennomgå prosessen frå utrekning, renning, oppsetting av ulike typer vev som oppstadvev og flatvev. Studenten skal sjølv setje opp og veva ein vadmålsvev og etterbehandle stoffet med stamping i tradisjonell vassdreven vadmålsstampe.

Parallellt med innføring i praktisk veving, vil studenten få innføring i vevteori og bindingsanalyse. I denne perioden skal studenten både drive medutprøvingar i ulike teknikkar og materialer, men og lage ferdige produkt.

I tillegg skal studenten og få grunnleggjande innføring i og gjennom eige arbeid få kjennskap til variasjonar i tradisjonelle lokale bandteknikkar.

FORM, FUNKSJON OGKONSTRUKSJON

Delemne

  • Drakthistorie
  • Registrering av tekstil
  • Mønsterkonstruksjon på grunnlag av folkedrakt / bunad
  • Tradisjonelle vev og saumteknikkar
  • Funksjonsanalyse i tekstil
  • Farging
  • Broderiteknikkar
  • Strikking

I samband med form/funksjon skal studenten få innsyn i utvikling og variasjon i utforming av bekledningstekstilar, og dette studiet skjer gjerne ved besøk i museum. Det er lagt mest vekt på kunnskap om variasjon i form, materialbruk og teknikkar som er nytta i dei norske folkedraktene. I samband med kunnskap om dei lokale drakttradisjonane skal og studenten verta kjent med korleis europeisk mote har påverka folkedraktene i dei ulike draktområda.

Studenten skal og få kjennskap til praktisk utforming av tekstilar nytta i norske interiør frå slutten av 1700 talet fram til vår tid. I tillegg vert det presentera teknikkar som særleg er nytta i norsk kystkultur. I denne arbeidsbolken skal studenten og få innføring i korleis gjera greie for og samanlikne form/ konstruksjon/ funksjon i ei gruppe historiske tekstilgjenstandar der målet er å nytte kunnskapen vidare i eige arbeid. Det vert utført ei kritisk analyse av materiale, form og evnt. dekor i høve til funksjon i vår tid.

På bakgrunn av innføring i det historiske materialet og studiet av form / konstruksjonsprinsipp, skal studenten arbeide vidare med eigne formstudier og utprøvingar.

3.2.2 Verkstadfag METALL

MATERIALE, REISKAP OG TEKNIKK

Delemne

  • Maskiner og verktøy
  • Materialkunnskap
  • Plate og konstruksjon
  • Overflatebehandling
  • Dekorteknikkar
  • Smiing
  • Samanføyingsmetodar
  • Miljø og tryggleik

Studenten skal få innføring i verktøykunnskap, materialkunnskap og framstillingsmetodar slik at ein sjølv kan gjere seg nytte av dette gjennom utforming av eigne produkt til ulike bruksformål.

Ein viktig del av denne kunnskapen vil skje gjennom prosessar, som tilpassing og istandsetjing av verktøy til ulik bruk, smiing og dekorteknikkar, knekking og bøying av plate, mekanisk og kjemisk overflatebehandling og hardlodding.

FORM, FUNKSJONOGKONSTRUKSJON

Delemne

  • Historikk, stilepokane, gjenstandstypar og datering.
  • Funksjonsform, korpus.
  • Filigran
  • Funksjonanalyse

I samband med form og funksjon vert det lagt opp til at undervisninga skal gje innsyn i utvikling og variasjon i form og funksjonelle løysingar i ulikt metallarbeid frå ulike delar av landet.

I denne samanheng vert det å sjå på korpus og samanføyingsmetodar. På bakgrunn av innføring i det historiske materialet og studiet av form / konstruksjonsprinsipp, skal studenten arbeide vidare med eigne formstudier og utprøvingar.

3.2.3 Verkstadfag TRE

MATERIALE, REISKAP OG TEKNIKK

Delemne

  • Arbeid med rått materiale, innsamling av emne, arbeide med organiske former
  • Reiskapsbruk for bearbeiding av rått materiale
  • Teknikkar; utholing, sveip, krymping
  • Materiallære

Studenten vil få ei innføring i bruk av rått materiale i ulike gjenstandsgrupper frå naturalhushaldet fram mot vår tid.

Studenten skal få innføring i bruk av rått trevirke og sjølve kunne framstille gjenstandar i denne type materiale. Gjennom innsamling av emne i naturen og forelesingar, skal studenten skaffe seg røynsle i kva gjenstandar dei ulike delar av treet egnar seg til. Gjennom praktisk arbeid på verkstaden, ved bruk av ulike typar reiskapar, skal studenten tileigne seg ferdighet og erfaring om framstillingsprosessen.

FORM, FUNKSJON OG KONSTRUKSJON

Delemne

  • Materiallære
  • Overflatebehandling
  • Fagteikning
  • Tradisjonelle samanføyingsteknikkar
  • Gjenstandsanalyse i tre
  • Maskinopplæring
  • Form / funksjon

I samband med form / funksjonsperioden vert det lagt opp til at undervisninga skal gje studenten innsyn i utvikling og variasjon i form og funksjonelle løysingar i ulike trearbeid.

Materiallære frå materialperioden vert vidareført, men med vekt på materialval og materialkvalitetar til gjenstandar der samanføyingsteknikkar er vesentlege.

Vidare innføring i bruk av handreiskap og maskiner og utvalde teknikkar, som t.d. dreiing.

På bakgrunn av innføring i det historiske materialet og studiet av form / konstruksjonsprinsipp, skal studenten arbeide vidare med eigne formstudier og utprøvingar.

Organisering

Studiet i folkekunst spenner om ein vekselverknad mellom praktisk og teoretisk handling. I verkstadfaget skal studenten skaffe seg kunnskap og ferdighet innan ulike tradisjonelle teknikkar og arbeide med eiga formgjeving som har feste i lokal formkultur. Formale øvingar innan materiale, teknikk og estetikk høyrer naturleg til i verkstadfaget.

For å gje studentane ei heilskapleg forståing, gjennom teori og praksis, prøver ein å integrere dei ulike faga i studiet og legge ein struktur på studieåret som støttar opp om dette målet. Ein har difor valt å dele studieåret inn i lengre oppgåveperiodar, bolkar, som gjer dette mogleg.

Undervisninga er stort sett lagt til faste vekedagar, men kan i periodar bli meir konsentrera, t.d. om ein har kursveker, seminar eller spesielle tema der det kan vere hensiktsmessig å samle undervisninga.

Undervisningsformene vil variere mellom forelesingar, prosjektarbeid, individuell rettleiing på verkstad, seminar, kurs og ekskursjonar. Kurs - og seminarverksemd vil variere frå år til år, avhengig av økonomi og faglege vurderingar. Det vert arrangert ein lengre felles, obligatorisk studietur for alle studentane. I tillegg kjem kortare ekskursjonar innanfor kvar materialgruppe.

I tillegg til den timeplanfesta undervisninga, er det lagt opp til stor eigeninnsats frå studenten si side. Dette er nødvendig for å tilegne seg eit høgt handverksmessig nivå som grunnlag for vidareføring av folkekunsten.

I den siste bolken, under arbeidet med årsoppgåve, er det sett av tid til individuelt feltarbeid/ekskursjon. Individuell rettleiing. Det er krav til arbeidet med årsoppgåva at studenten har fått rettleiing frå faglærar og at studenten fylgjer plan for rettleiing i denne perioden.

Estetiske fag er nært knytt til formgjeving i dei tre materialområda tre, metall og tekstil. Ein søkjer i den grad det er mogleg å integrere dei enkelte emna i estetiske fag til arbeidet og oppgåvene i verkstaden. Fagteikning er eit tema som det vert undervist i på verkstaden.

Nokre av forelesingane i historiske fag er felles med folkemusikk 1.

I forelesingane vil ein bruke audiovisuelle hjelpemiddel og ta opp tema til diskusjon. Ein er i stor grad avhengig av aktiv deltaking frå studentane si side for å nå målet for dette faget.

Studieåret vert avslutta med eit arrangement med utstillingar, visning og konsertar. Avsluttande årsoppgåve og andre arbeid vert stilt ut for sensurering og deretter for publikum.

Vurderingsformer

Det skal vere samsvar mellom mål, innhald og vurdering i studiet. Vurdering som skjer undervegs i studiet, skal gje studenten ei tilbakemelding på korleis studieoppgåver er løyst og kva som bør vektleggast vidare i studiet. Vurdering av studieoppgåver, prøver og arbeidskrav som må vere gjennomførte for å kunne gå opp til eksamen, vert samla i studentmappe og vert vurdera av faglærar i samråd med fagteam. Dei fleste av desse arbeida går inn som del av eksamen.

Arbeidskrav / vurdering i dei enkelte hovudemna

Innhald i studentmappe:

  • Estetiske fag

Studieoppgåver i dei ulike delemna dannar grunnlag for karakter i estetiske fag. Studenten vel sjølv ut arbeid innanfor kvart av dei ulike tema for vurdering.

Talet på arbeid som skal leverast inn for vurdering vert fastsett i eiga oppgåvetekst.

  • Verkstadfag

To studieoppgåver i delemna inngår i studentmappe. For kvar studieoppgåve er det utforma oppgåvetekst som seier noko om mål, innhald og vurdering av oppgåvene. I tillegg til studieoppgåvene skal studentane levere inn logg el. rapport som dokumenterer at dei har tilegna seg kunnskap i dei aktuelle teknikkane / tema det har vore undervist i. Loggen/rapporten vert vurdert til godkjent / ikkje godkjent.

  1. Delemnet Materiale, reiskap og teknikk : Studenten skal utføre øvingar og oppgåver som leverast saman med ulike former for dokumentasjon av arbeidsprosess. Arbeidskrava i dette emnet vert definert i oppgåvetekst.
  2. Delemnet Form, funksjon og konstruksjon : Studenten skal utføre øvingar og oppgåver som leverast saman med ulike former for dokumentasjon av arbeidsprosess. Arbeidskrava i dette emnet vert definert i oppgåvetekst.

Prøve i verkstadfagteori, 4 timar

Skriftleg prøve i historiske fag, 5 timar

Samansett årsoppgåve (omlag 10 veker)

For å få vitnemål må desse arbeidskrava vere gjennomførte:

  • Godkjend kvalitet på studieoppgåver levert til fastsett tid.
  • Godkjende rapportar frå kursveker / temaundervisning
  • Godkjend deltaking i obligatoriske delar av studiet
  • Godkjend deltaking på studietur

I delar av studiet som er obligatorisk, må ein søkje instituttet om å få vitnemål dersom fråveret er på meir enn 20 %. Søknaden vert handsama etter skjønn.

Studentane er sjølve ansvarlege for å halde seg orientert om oppgåver, fristar, arbeidskrav mm

Eksamen

Eksamen omfattar både studieoppgåver gjennom året, prøve i verkstadfag, skriftleg prøve i historiske fag og årsoppgåve.

Dei ulike delane av studiet vert vekta slik i forhold til den samanfattande karakteren for studiet:

  • Vurdering av årsoppgave, utstilling med skriftleg utgreiing 2
  • Skriftleg prøve i historiske fag 1
  • Frå studentmappe 2
  1. prøve i verkstadfagteori, tel 1/10
  2. studieoppgåver i estetiske fag, tel 2/10
  3. studieoppgåve I, verkstadfag, tel 4/10
  4. studieoppgåve II, verkstadfag, tel 3/10

Det gis ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Kvart delemne må ha bestått karakter for at hovudemnet skal vere bestått.

Det visast dessutan til forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no> - 13.03.2008