Folkemusikk 2 60FMUS2

Læringsmål

Gjennom studiet skal studentane fordjupe seg i norsk folkemusikk og dans og å bli betre i stand til å arbeide for vern, formidling, vidareutvikling og skaping. Studiet har såleis både ei tradisjonsvernande, ei kulturformidlande og ei skapande side.

Innhold

Studiet er bygd opp av to hovuddelar, ein fellesdel og ein fordjupingsdel. Fellesdelen femner om kulturpolitiske spørsmål i tillegg til dei musikkfaglege og pedagogiske. Som valemne kan studentane velje eit opphald i utlandet.

Fellesdelen har desse hovudemna:

FoU-metodikk

3 studiepoeng

Satslære og arrangering

6 studiepoeng

Folkemusikkformidling

9 studiepoeng

Folkemusikken og samfunnet

6 studiepoeng

Tradisjonskunnskap og kjeldebruk

6 studiepoeng

Hovudemna i fellesdelen kjem også inn i samband med praksis og utøving.

I fordjupingsdelen kan studentane normalt velje mellom:

Folkemusikkformidling

30 studiepoeng

Arkivarbeid og innsamling

30 studiepoeng

Utøving

30 studiepoeng

Fellesdelen er vekta som 30 studiepoeng, fordjupingsdelen 30 studiepoeng. Høgskulen vil til ei kvar tid avgjere kor mange av desse tre emna det vil bli gitt undervisning i.

Ettersom formidlingssida er eit viktig aspekt ved alle dei tre fordjupingsemna, er undervisninga i folkemusikkformidling organisert som felles forelesingar og gruppearbeid for alle studentane same kva for val av emne. Undervisninga i folkemusikkformidling vil difor få ein større plass enn vektinga i fellesdelen (sjå ovanfor) gjev uttrykk for.

  • Valemne. Utanlandsopphald.

Valemnet tar omsyn til at ein bachelorgrad skal innehalde eit tilbod til studentane om eit utanlandsopphald på minimum tre månader. Opphaldet kan vere ved ein utdanningsinstitusjon eller ta form av eit feltarbeid utforma i samråd med faglærar og instituttleiing. Valemnet kjem i staden for praksis i vårhalvåret. Obligatorisk studietur fell også ut for den som tar valemnet. Valemnet gjeng inn som del av eitt fordjupingsemne.

FELLESDEL

Hovudemne 1 - FOLKEMUSIKKFORMIDLING

Anten ein vel fordjupinga Allmenn formidling eller Utøving eller Arkiv og innsamling (sjå pkt. 3.2) står formidling av det stoffet ein har tilegna seg sentralt. Emnet ”folkemusikkformidling” er derfor felles for alle studentane på 2.året.

Mål

Målsettinga er å gjere studentane medvetne om ulike element som spelar inn i ein formidlingssituasjon, både i praksis og på idéplanet. Gjennom forelesingar, diskusjon og samtale om praksiserfaringar vil ein søke å utvikle formidlingsevna hos den einskilde. Faget må sjåast i nær samanheng med praksis.

Innhald

Ordet ’folkemusikkformidling’ tolkast vidt, og emnet skal omhandle teori omkring val av stoff (musikk og tekst), sceneopptreden, verbale kommentarar, kroppsspråk, kunnskap om og tilhøve til publikum. Musikkformidlinga (og folkemusikkformidlinga spesielt) sitt kva, kvifor og korleis?

Faget er tett knytt til førebuing av praksis og arbeid med røynsler studentane har. Praksis kan variere frå år til år etter studentane sitt interesseområde og erfaringsbakgrunn. Det blir lagt vekt på bevisstgjering omkring formidling. Det vil bli lagt opp til både utøvande og pedagogisk praksis for alle. Studentane skal einskildvis og i grupper førebu og gjennomføre ulike formidlingsprosjekt. Det kan vere å arrangere konsert eller kro, formidle stoff frå arkivet eller spele på ein konsert.

Delemne
  • Scenisk førebuing (Kroppsspråk, stemmebruk, kommentarar osv)
  • Ulike musikkulturar og formidlings/framføringstradisjonar
  • Publikumskunnskap/repertoarval
  • Musikkformidling og identitet
  • Didaktikk
  • Marknadsføring og media
  • Musikklytting og psykologi
  • Førebuing av undervisning/utøvings praksis
  • Barn og musikalsk utvikling

I undervisninga i folkemusikkformidling vert praksis og teori heile tida diskutert og satt i samanheng med førebuing av formidlingspraksisen; både konsertar, framlegging av stoff og undervisningsoppdrag. Gruppa verkar som publikum og gir tilbakemeldingar når den einskilde skal prøve seg. Konsertplanlegginga er også avhengig av gruppearbeid. Difor er all undervisning i folkemusikkformidling obligatorisk, der det ikkje er gjort avtale om noko anna.

Hovudemne 2 - FOLKEMUSIKK OG SAMFUNN

Mål

Gjennom samfunnsfagleg, kulturhistorisk og musikkfagleg teori (musikkantropologi) skal studenten vidareutvikle eit kritisk og nyansert syn på folkemusikken og folkemusikaren si rolle i dagens samfunn. Eit internasjonalt og samanliknande perspektiv skal liggje i botnen av ei djupare forståing av norsk folkemusikk.

Målet for faget er å gjere studentane i stand til å planleggje, grunngje og vurdere konsekvensar av folkemusikkformidling i ulike samanhengar. Studentane skal også sjå norsk folkemusikk i eit historisk perspektiv og i lys av ulike kulturar sin måte å nærme seg musikalske uttrykk på. Studentane skal slik tileigne seg eit medvete og reflekterande forhold til folkemusikk som fenomen i vår tid, lokalt og globalt.

Innhald

Faget byggjer vidare på tema drøfta i 1.årsstudiet og har spørsmål omkring identitet og tradering som vinkling. Studentane skal få kjennskap til eit representativt utval av musikk frå heile verda

Delemne
  • Det lokale, det nasjonale og det globale. Identitet, etnisitet og nasjon. Folkemusikken si meiningsberande kraft sett i eit internasjonalt perspektiv. Det blir fokusert på minst ein europeisk, ikkje-norsk folkemusikk-kultur.
  • Folkemusikk som eit moderne fenomen. Kvar går folkemusikken? Stikkord: Profesjonaliseringa, marknaden og det skapande.
  • Musikksystem og instrumentarium i eit utval ikkje-norske musikkulturar. Orientering om andre musikkulturar, vestlege og ikkje-vestlege.

Ein større ekskursjon til utlandet (normalt Ungarn og Slovakia) er knytt til kurset i vårhalvåret.

Dersom ein student ikkje kan delta på ekskursjonen skal studenten gjennomføre eit alternativt opplegg.

Hovudemne 3 - FoU-METODIKK

Mål

Forskings – og utviklingsmetodikk skal gjere studentane betre egna til å gjennomføre enkle prosjekt og oppgåver knytt til faget folkemusikkformidling og å vurdere kritisk FoU-arbeid. Faget skal hjelpe studentane til å finne metodar for innhenting av data frå arkiv og levande kjelde og til å nyttiggjere seg dette materialet i det praktisk-teoretiske arbeidet for å nå målet om vern, vidareføring eller fornying av den tradisjonelle folkemusikken.

Innhald

Ein føreset at ein i første rekkje arbeider med høvelege strategiar og metodar i folkemusikkformidling.

Delemne

  • Kva er FoU-arbeid
  • Problemstilling
  • Kvantitative og kvalitative metodar
  • Rapportskriving

Hovudemne 4 - SATSLÆRE OG ARRANGERING

Mål

Emnet skal sette studentane i stand til å arrangere tradisjonsmusikk i samsvar med tradisjonell som moderne, nyskapande praksis.

Innhald

Delemne

  • Fleirstemmigheit i etnomusikkologisk perspektiv
  • Fleirstemmigheitsformer i den norske tradisjonsmusikken
  • Eit utval satsteknikkar
  • Akkordprogresjonsteori, besifringsspel
  • Grunnleggjande prinsipp for arrangering
  • Tilnærmingsmåtar til komponering innafor tradisjonsmusikken sine rammer
  • Samspel

Hovudemne 5 -TRADISJONSKUNNSKAP OG KJELDEBRUK

Mål

Faget byggjer vidare på tradisjonskunnskapen på 1.året og skal gi studentane ytterlegare muligheiter til å fordjupe seg i ulike tradisjonar, både med tanke på musikalske og kulturhistoriske problemstillingar. Samtidig skal studentane opparbeide seg kunnskap i kritisk å kunne vurdere tilgjengeleg kjeldemateriale.

Innhald

Tilnærminga til stoffet skal skje gjennom førelesningar og gruppearbeid der bruk av litteratur og lydmateriale står sentralt. Ein vil ta for seg forskjellig litteratur, monografiar, samlingar, CD-utgjevingar og anna fonografisk- og film / video - materiale, der ein i tillegg til å fordjupe seg i dei ulike tradisjonane, skal analysere og vurdere kjeldene.

Delemne

  • Regionale særtrekk og variasjon

Emnet tar utgangspunkt i forskjellige bøker, utgjevingar og arkivmateriale som dokumenterar og beskriv ulike tradisjonar, utøvarar og regionar. Gjennom praktisk og teoretisk tilnærming til dette stoffet skal studentane skaffe seg eit grunnlag for å kunne vurdere avgrensing av regionale stiltrekk og utbreiing av typar. Dei skal og sjå med eit kritisk blikk på dialektomgrepet i norsk folkemusikk og på enkeltindividet sin posisjon i forminga av norsk tradisjon.

  • Instrument

Innblikk i og vurdering av arkivmateriale og utgjevingar med ulike instrument

  • Historiske emne

-notesamlingar frå ulike tidsbolkar

-tolking av historisk materiale

-arbeid med arkivstoff som kjelde for utøving

FORDJUPING

Mål

Målet med fordjupinga er at studentane gjennom praksis skal trenast i å formidle folkemusikk til forskjellige målgrupper på ulikt vis. Det kan vere snakk om formidling innanfor offentlege institusjonar, arkiv, skoleverket, media, frivillige organisasjonar eller gjennom eiga verksemd på marknaden.

Studentane skal utvikle seg som utøvarar. Dei som vel utøving som fordjupingsområde må ha karakteren A eller B i utøving frå folkemusikk, årsstudiet.

Innhald

I fordjupingsdelen kan studentane velge mellom desse hovudemna:

  • Allmenn formidling ( T.d. i skulen, ved institusjonar, i media)
  • Arkiv og innsamlingsarbeid
  • Utøving (formidling frå scenen og musikalsk eigenutvikling)

Knytt til desse hovudemna er det 2 delemne:

  • praksis
  • utøving på hovudinstrument.
  • Valemne - Studieopphald i utlandet

I fordjupingsdelen er det og mogleg å velge eit 3 månaders studieopphald i utlandet. Studieopphaldet i utlandet vil erstatte delar av praksis

ALLMENN FORMIDLING

Med dette meiner vi undervisning og anna formidling av folkemusikk og folkedans. Studentane skal få ei innføring i undervisningsmetodar og pedagogiske idear, og få trening i å legge fram ting sjølv. Teorien vil omfatte folkemusikken sin plass i skolen samt ulike overførings/undervisningsmetodar. Mykje teori er samanfallande med teorien i dei andre valemna, arkiv og utøving.

Sjølvvalt praksis kan ha med skolar og institusjonar å gjøre, eller formidling via media. Det kan også handle om å gjere musikken/dansen meir tilgjengeleg, f.eks. ved arbeid med noteoppskrifter, videoopptak eller andre audiovisuelle hjelpemiddel.

ARKIV OG INNSAMLING

Studentar som vel arkiv får lære om innsamling, registrering og bruk av stoff frå arkivet. Dei får også prøve seg på desse prosessane. Kunnskap om nytta av og bruken av eit arkiv er sentral. Tilgjenge til og formidling av stoff frå arkivet er ei viktig side av dette, og mykje av stoffet frå ”almen formidling” vil derfor vere felles for alle studentane.

Som sjølvvald praksis kan det vere aktuelt med innsamling, arbeid tilknytt eit arkiv eller arbeid med eit bestemt stoffområde frå eit arkiv.

UTØVING

Studentar som vel denne fordjupinga må ha lyst til å bruke mykje tid på hovudinstrumentet, og dei skal ha solid utøvarbakgrunn. I løpet av året skal dei utvide repertoaret og få trening i å opptre for andre. Medviten sceneopptreden og kunnskap om publikum er sentrale område som takast opp. Teorien vil omfatte konsertproduksjon og konsertarrangering samt marknadsføring, økonomi og kunnskap om kulturorganisasjonar.

Som sjølvvald praksis er det naturleg at studentane legg opp til ei konsertrekkje eller fleire ulike konsertar. Radio/TV presentasjon kan vere aktuelt.

Delemne HOVUDINSTRUMENTog PRAKSIS

Hovudinstrument

Den individuelle undervisninga byggjer vidare på undervisninga frå første året. Normalt vil kvar einskild student få 20 timar individuell undervisning, men dette vil kunne variere etter kva for ressursar studiet rår over.

Det vil normalt setjast større krav til resultatet av eigenutøvinga for dei som vel utøving som fordjupingsemne. T.d. med omsyn til god teknikk, øyre for tradisjon, kunstnarleg formidlingsevne og utviklingsevne. I høve til eksamen vert altså den utøvande delen (hovudinstrumentet) vurdert grundigare enn hjå dei som har allmenn formidling eller arkiv og innsamlingsarbeid som fordjupingsemne.

Praksis

Målet med praksis er å gje studentane ei praktisk røynsle med å formidle folkemusikk til andre, anten i samanheng med arkivarbeid, utøvande verksemd eller allmenn formidling og undervisning. Emnet må sjåast i nær samanheng med folkemusikkformidling og relevant teori.

  • Fellespraksis

Fellespraksis er skolekonsertar ved Rauland barne- og ungdomsskole (haust) og konsertturné i vårsemesteret. Konsertturnéen er lagt til vidaregåande skolar og folkehøgskolar. Studentane må legge opp ei reiserute og ta ansvar for det praktiske omkring turnéen. Konsertane planleggast i samarbeid med lærarane.

  • Pedagogisk praksis

Alle skal einskildvis undervise ca. 10 timar i grunnskole, musikkskole eller folkehøgskole. (timetal er avhengig av kva som passar den enkelte skole)

  • Sjølvald praksis

Studentane skal ha sjølvald praksis som gjerne kan knyttast til fordjupingsområdet. Studentane legg sjølv, i samråd med lærar, opp til kva dei vil arbeide med. Omfanget av praksis kan variere, og høgskolen vil i kvart einskilde tilfelle vurdere kva som er nok til å få praksisen godkjent. Dette kan t.d. vere undervisningsopplegg, musikkprogram i radio / tv, konsert, arkivarbeid ( for fordjuping arkivarbeid)

Praksis skal dokumenterast gjennom planarbeid og rapportar

VALEMNE

Valemnet kan erstatte delar av praksis.

Mål

Studenten kan velje å gjennomføre eit kortare studieopphald i utlandet (tre månader), og skal gjennom dette gjere seg kjend med lokal tradisjon der han/ho oppheld seg. Ved kontrastering og samanlikning skal studenten på bakgrunn av dette kunne setje norsk tradisjonsmusikk inn i ein større musikalsk og sosial samanheng.

Innhald

Studieopphaldet kan ta form av eit feltarbeid der studenten har kontakt med lokale utøvarar og forskarar. Eit slikt feltarbeid må utarbeidast i samråd med faglærar og institutt og i forståing med lokale fagfolk. Det kan også vere snakk om å følgje faste studieopplegg i regi av ein lokal utdanningsinstitusjon, der det er utarbeidd ei formell avtale mellom institusjonane.

Innhaldsmessig vil studieopphaldet variere ut i frå kva for fordjuping studenten har valt og etter kva for institusjonar og lokale område som er aktuelle.

Døme:

Instituttet har eit godt utvikla nettverk i Ungarn. Her kan ein folkemusikkstudent sjå nærare på det ungararane kallar ”dansehusrørsla”, den nyskapande ungarske folkemusikkrørsla. Studenten kan følgje undervisninga ved Óbuda folkemusikkskole i Budapest, ein skole som gjev folkemusikkopplæring til ca 300 barn og unge. Instituttet har god kontakt med sentrale utøvarar i miljøet i og utanfor Budapest, med forskarar og undervisningspersonale ved Loránd Eötvös Universitet og ved Bartok-samlingane (folkemusikkarkiv). Instituttet har også god kontakt med folkemusikkstudiet ved Frans Liszt Akademiet i Budapest. Studenten kan følgje undervisninga i tradisjonsmusikk ved Universitetet i Nitra, Slovakia eller søke om 3 månaders studieopphald ved Royal Scottish Academy of Music and Drama i Glasgow.

Organisering

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er forelesingar, seminar, gruppearbeid, ekskursjonar, sjølvstudium, og heimeoppgåver. Undervisinga er vanlegvis lagt til faste vekedagar gjennom året, men særleg i arbeidet med fordjupingsdelen må studentane arbeide i grupper for å planlegge og gjennomføre konsertar, turné og andre aktuelle formidlingsoppgåver. Arbeidsoppgåvene kan då også bli lagt til ettermiddag / kveld.

I vårsemesteret skal studentane gjennomføre ein konsertturné. Studentane er her med i planlegginga av turnéen. Om hausten er det praksis som er retta inn mot grunnskulen. Den individuelle undervisinga på hovudinstrument er stort sett lagt til faste vekedagar, men her kan det også vere meir konsentrert undervisning i periodar.

Ein større ekskursjon til utlandet (normalt Ungarn og Slovakia) er knytt til kurset i vårhalvåret. Dersom ein student ikkje kan delta på ekskursjonen, skal studenten gjennomføre eit alternativt opplegg som tek føre seg europeisk eller annan utanlandsk tradisjonsmusikk.

For studentar som har valemne utanlandsopphald, vil dette emnet erstatte praksis i vårsemesteret. Studieturen fell også bort for desse studentane.

Vinterfestival - folkemusikk, fordjuping, skal lage konsert og delta på folkemusikkverkstadar.

Ved avslutninga av studieåret opnar instituttet dørene for publikum. Studentane presenterer arbeid som er gjort gjennom studieåret, i form av konsertar, visningar og utstillingar.

Vurderingsformer

Eksamen omfattar munnleg prøve og innhald i studentmappe.

Munnleg prøve med eventuell utøving

Ved munnleg prøve skal kandidaten halde ei forelesing med tema knytt til fordjupingsemnet. Forelesingstittel og lengde på innlegg (vanlegvis 30 til 45 minutt) skal kandidaten få oppgjeve ei veke før munnleg prøve. Normalt vil berre sensor og faglærar(ar) vere til stades ved den munnlege prøva. Etter forelesinga vil sensor innleie til ei kortare samtale med basis i fagteori.

Dersom kandidaten har ” utøving” som fordjupingsemne, tel utøvinga halvparten av bedømmingsgrunnlaget for den munnlege prøva. Utøvinga kan vere ein integrert og tydeleg del av forelesinga eller framstå som ein eigen bolk. Dette vil i stor grad avhenge av forelesingstittelen.

Også for dei som ikkje har valt utøving som fordjupingsemne, kan utøving vere integrert i forelesinga, men her vil utøvinga bli vurdert som ein del av formidlingsheilskapen. Det vert ikkje nokon eigen utøvingsbolk ved den munnlege prøva for dei som ikkje vel utøving som fordjupingsemne.

Den munnlege prøva gjev grunnlag for halvparten av den totale karakteren.

Mappevurdering

Studentmappa inneheld studenten sine skriftlege arbeid/rapportar og dei ulike faglærarane si vurdering av desse.

I tillegg inneheld mappa faglærarane sine kontinuerlege skriftlege vurderingar av ulike oppgåver studenten er pålagt (arbeidskrav), som t.d. framleggingar, konsertar, arbeid med hovudinstrument o.l.

Studentmappa gjev grunnlag for halvparten av den totale eksamenskarakteren.

Studentmappe m. spesifiserte arbeidskrav

Folkemusikkformidling

  • to skriftlege arbeid i folkemusikkformidling vurdert med karakterar
  • skolekonsertar, godkjent gjennomføring og rapport
  • konsertturné, godkjent gjennomføring og rapport
  • min. 10 t pedagogisk praksis i grunnskole, musikkskole eller folkehøgskole, godkjent gjennomføring og rapport
  • sjølvvald praksis knytt til fordjuping, godkjent gjennomføring og rapport
  • godkjent obligatorisk undervisning i folkemusikkformidling og rapport

Folkemusikk og samfunn

  • to skriftlege arbeid vurdert med karakterar

Satslære og arrangering

  • Fire heimeoppgåver vurdert med karakterar

Tradisjonskunnskap og kjeldebruk

  • Eit skriftleg arbeid vurdert med karakter

Valemne

  • Rapport frå tre månader i utlandet, vurdert til godkjent

Studietur

  • Godkjent gjennomføring av obligatorisk studietur eller alternativt opplegg etter avtale med faglærar

Hovudinstrument

  • Godkjent deltaking i undervisning i hovudinstrument

For å gå opp til eksamen må studenten ha bestått skriftlege prøver og fått godkjent arbeidskrava.

I emne med obligatorisk frammøte må ein søkje instituttet om å få vitnemål dersom fråveret i det einskilde emnet er på meir enn 20 %.

VEKTING

Dei ulike delane av vurderinga vektast slik:

Munnleg eksamen

5

Mappevurdering

5

To skriftlege arbeid i folkemusikkformidling vurdert med karakterar

2/5

To skriftlege arbeid i folkemusikk og samfunn vurdert med karakter

1/5

Fire heimeoppgåver i satslære og arrangering

1/5

Eitt skriftleg arbeid i tradisjonskunnskap vurdert med karakter

1/5

Det vert gjeve ein samanfattande karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Alle delemna må vere bestått /godkjent for at studenten skal få vitnemål

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no> - 12.03.2008