Kreativ maskinstrikking 30KREATM
Læringsmål
Studiet har som mål å gje studentane ei grundig innføring i strikkemaskin som reiskap til eige formgjevande arbeid. Studenten skal verte i stand til å utnytte dei moglegheitene som strikkemaskina som reiskap har og utnytte dette i heilskaplege løysingar i produksjon av klede og andre tekstilar.
Studentane skal utvikle evne til sjølvstendig problemløysande arbeid slik at dei etter avslutta studium er i stand til nytte kunnskapen vidare i eigen produksjon eller i undervisning / formidling.
Innhold
Studiet er bygd opp om fire hovudemne som samla sett er ein føresetnad for heilskapleg formgjeving:
- Strikke- og saumteknikk – 15 stp
- Teikning - 5 stp
- Mønsterkonstruksjon - 5 stp
- Fagteori - 5 stp
(Vektinga seier noko om omfanget i dei ulike emna og kva som vert vektlagt i studiet)
Kvart hovudemne er igjen delt opp i delemne som samla sett skal belyse hovudemna. Dei tre førstnemnte hovudemna har størst omfang i studiet og er praktisk retta. Fagteori er samansett av teori knytt til desse tre førstnemnte hovudemna.
Studiet er sett saman og organisert i 6 heile vekesamlingar, frå måndag – til fredag, 3 i haustsemesteret og 3 i vårsemesteret. I tillegg kjem ei samling med innlevering og presentasjon av avsluttande oppgåve. Det er obligatorisk deltaking på undervisninga under samlingane. Undervisning som vert gjeve under samlingane skal gje studentane kunnskap som er nødvendig for å kunne fylgje progresjonen i studiet.
Under dei faste samlingane vert det undervist i ulike strikke – og saumteknikkar som er grunnlaget i maskinstrikking. Teikning, mønsterkonstruksjon og fagteori er naudsynte føresetnader for å kunne utnytte kunnskapen studentane får innan det tekniske feltet til eiga formgjeving. Ein prøver difor å integrere kunnskap frå desse hovudemna gjennom heile studiet.
Hovudemne 1Strikke – og saumteknikkar
Mål
Studentane skal få kunnskap om korleis strikkemaskina fungerer, kva for mønstertype den er konstruert for, korleis desse fungerer og kva moglegheiter det gjev for uttrykk i flate - og strukturmønster.
Dei skal også få kunnskap om felle / auke og samansyingsteknikkar som kan brukast i utforming av fasongar for å få til ein god finish på produkta.
Desse kunnskapane er reiskap for eiga formgjeving og utarbeiding av produkt.
Delemne
- Ulike mønsterteknikkar som Fair Isle, Thread Lace, Weaving, Skip og Tuck
- Kantar, opplegg, felle- og auketeknikkar
- Handmanipulerte mønster og effektar
- Samansyingsteknikkar, for hand og med maskiner ( overlock, linkar og symaskin)
Hovudemne 2 Teikning
Mål
Studentane skal øve opp og vidareutvikle sine kreative evner til å utarbeide eit eige og særprega uttrykk i strikka tekstilar
Delemne
- Frå idé til produkt, produktutviklingsmetodikk
- Teikning av snitt og fasongar – primærsnitt, kroppsnær, volang
- Teikning og komposisjon av maske -, flate – og strukturmønster
- Omsetjing av teikningar av maske-, flate og strukturmønster til ulike mønsterteknikkar på strikkemaskin
Hovudemne 3 Mønsterkonstruksjon
Mål
Studentane skal lære det grunnleggande innan mønsterkonstruksjon og bli i stand til å omsette idear og skisser til produkt. Basert på mønsterkonstruksjonen skal studentane lære å omarbeide mønster og motiv til strikkeoppskrifter for maskin.
Delemne
- Konstruksjonsprinsipp for primærsnitt, volangar, kroppsnære fasongar, bukser og skjørt
- Utarbeiding av oppskrifter
- Kombinasjon av snitt og motiv i utforming av nye produkt
Hovudemne 4 Fagteori
Mål
Fagteori er samansett av teori som skal belyse dei ulike sidene ved strikkefaget, både gje eit historisk perspektiv på strikking og mote, grunnleggande estetisk kunnskap, materiallære og gje studentane eit reiskap til å arbeide kreativt og systematisk.
Delemne
- Estetikk
- Drakthistorie
- Strikkehistorie
- Materiallære
- Fou-metodikk
Organisering
Undervisninga er organisert i form av forelesingar, gruppearbeid, seminar, individuell rettleiing og sjølvstudium. Studiet krev aktiv deltaking frå studentane si side, og den enkelte har ansvar for å fylgje opp framdrifta i studiet. Mellom samlingane skal studentane arbeide med heimeoppgåver som er utforma på bakgrunn av det som det har vore undervist i på samling og som skal førebu til neste samling. Arbeidet mellom samlingane er svært viktig, då det er her studentane får repetert og brukt kunnskapen dei har fått på ein sjølvstendig og problemløysande måte. Det er difor ein føresetnad for gjennomføring av studiet at studentane har tilgang på strikkemaskin som dei kan arbeide med heime. Det vert undervist i bruk av DesignaKnit7, eit strikkeprogram for data.
Studentane vil ha tilgang til rettleiing mellom samlingane. Kommunikasjon med studentane skjer gjennom Classfronter.
Vurderingsformer
Det skal vere samsvar mellom mål, innhald, arbeidsformer og vurdering i studiet. Vurderinga vert ein viktig del av studiet og vil skje i form av skriftlege tilbakemeldingar på korleis studenten har løyst oppgåvene mellom samlingane og i tilbakemeldingar / drøftingar under samlingane.
Arbeidskrav
For å få vitnemål må studenten ha gjennomført og fått godkjent arbeidskrava som studiet krev:
- 4 heimeoppgåver, ei oppgåve etter kvar av dei fire første samlingane må vere levert inn til fastsett frist og godkjent. Oppgåvene er utforma slik at studentane skal kunne arbeide sjølvstendig med faglege problemstillingar som skal hjelpe dei til å nå målsetjinga for studiet.
- I oppgåve 1 skal studentane arbeide med teknikkforståing, materialkvalitet og heilskaplege løysingar / finish
- Oppgåve 2 vil legge vekt på at studenten skal tileigne seg kunnskap i formgjeving / snitt, fargebruk og ferdigstilling av produkt
- Oppgåve 3 vil legge vekt på formgjeving / snitt, motiv – og fargekomposisjonar
- I oppgåve 4 skal studentane arbeide med problemstillingar knytt til det teoretiske pensum
- Avsluttande oppgåve må vere bestått. Under arbeid med avsluttande oppgåve er det obligatorisk individuell rettleiing som studenten må fylgje opp. Den avsluttande oppgåva skal vere eit sjølvstendig FoU-arbeid. FoU-arbeidet skal innehalde element frå alle hovudemna i studiet og skal dokumentere kunnskap i desse emna - strikke- og saumteknikk, teikning, mønsterkonstruksjon og fagteori. Studenten skal ha fått godkjent prosjektbeskriving som skal danne grunnlag for arbeidet med den avsluttande oppgåva. Dette er eit krav som skal sikre at studenten vel ei oppgåve som er i tråd med målet for studiet.
Avsluttande oppgåve skal presenterast / stillast ut under Kunst- og handverksdagane.
- Godkjent obligatorisk frammøte på undervisning, minimum 80 % deltaking
Vurderingskriterier
Vurderingskriteriene vil variere i forhold til kva som vert vektlagt i dei forskjellige oppgåvene. Dette vert spesifisert i oppgåvetekstene. Samla sett for studiet vil dess kriteria vere aktuelle:
- Bruk av tekniske verkemiddel i forhold til materialval, funksjon og motiv
- Tekniske ferdigheiter
- Bruk av estetiske verkemiddel og evne til å framstille heilskaplege produkt
- Sjølvstende og refleksjon i forhold til eige skapande arbeid
- Studenten sin evne og vilje til kreativ tenking
- Evne til å utvikle idear og omsetje ideane i ferdige produkt
- Evne til systematisk fagleg arbeid og dokumentasjon / presentajon
Eksamen
Alle arbeidskrava er del av eksamen. Vektinga i forhold til karakter:
- 4 heimeoppgåver Vurdert til godkjent / ikkje godkjent
- Obligatorisk deltaking Vurdert til godkjent / ikkje godkjent
- Avsluttande oppgåve Tel 100 % av samla karakter for studiet.
Det vert gjeve ein karakter for studiet, basert på avsluttande oppgåve. Karakterskalaen er gradert frå A til F, der A er høgaste karakter og E er lågaste ståkarakter.
Ein viser elles til forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 21.07.2008