Fagdidaktikk i norsk PPUNO15

Læringsmål

Eigenarten til faget, utvikling og legitimering

  • ein må kjenne til viktige delar av utviklinga til skulefaget norsk for å kunne setje praksisen som norsklærar i perspektiv
  • ein må utvikle ei kritisk og konstruktiv lesing av læreplanar for å kunne reflektere over korleis læreplan kan overførast til undervisningssituasjonar
  • ein må utforske norskfaget som identitets-, kultur- og haldningsfag og reflektere over korleis den innsikta kan overførast til praksis
  • ein må utvikle eit reflektert forhold til funksjonen norskfaget bør ha i større tverrfaglege undervisningsopplegg
  • ein må bli medvite korleis faget norsk kan øve opp toleranse på område som likestilling mellom kjønna, det fleirkulturelle samfunnet og internasjonalisering
  • ein må kunne sjå samanhengen mellom eigenarten til norskfaget og dei ulike lærarrollene

Samansette tekstar og norskfaget

  • ein må utvikle eit medvite forhold til dei nye digitale sjangrane
  • ein må vera i stand til å vurdere norskfaglege digitale læremiddel
  • ein må kunne drøfta kva for rolle internett og nettbaserte kommunikasjonsformer kjem til å spela i framtidas skule

Litteraturdidaktikk

  • ein må ha ein tekstkompetanse på skjønnlitterære tekstar slik at ein kan legge til rette for gode undervisningssituasjonar, f eks den litterære samtalen
  • ein må bli medvite korleis ulike skjønnlitterære sjangrar kan brukast i klassen
  • ein må kunne sjå alle mogelegheitene som skjønnlitteraturen har i seg til å kunne nå mange elevgrupper med ulike behov, gje dei opplevingar, skape ettertanke og etisk engasjement
  • ein må utvikle eit reflektert forhold til det å arbeide med mytisk og mytologisk stoff med elevane, inkludert den samiske kulturen

Språkdidaktikk

  • ein må kunne drøfte korleis ein skal legge til rette for formidling av tradisjonelle språklege disiplinar som t d språkhistorie, grammatikk og dialektar
  • ein må utvikle didaktisk kunnskap om norsk som andrespråk og drøfte korleis ein kan ha eit komparativt og internasjonal perspektiv på morsmålsundervisninga
  • ein må kunne legge til rette for undervisningssituasjonar som skal øve opp både munnlege og skriftlege ferdigheiter
  • ein må kunne drøfte og utvikle ein nynorsk- og sidemålsdidaktikk

Vurdering

  • ein må ha kjennskap til nasjonale og sentrale vurderingsordningar for norskfaget
  • ein må kunne drøfte vurdering av munnleg og skriftleg tekst
  • ein må utvikle eit medvite forhold til korleis respons og elevvurdering skal fungere innafor den prosessorienterte skriveopplæringa
  • ein må kjenne til mappevurdering som vurderingsform på skriftlege arbeid

Innhold

Emnet legg vekt på desse sidene ved det norskdidaktiske feltet:

  • eigenarten til faget som skulefag
  • faghistorie
  • samansette tekstar og norskfaget
  • legitemering av faget som skulefag
  • språkdidaktikk
  • litteraturdidaktikk
  • lese- og skriveopplæring

Organisering

Studiet vil bli organisert som førelesingar kombinert med seminaraktivitetar. Fronter vil bli nytta som eit medium for studieinformasjon og fagdidaktiske drøftingar. Frammøtet er obligatorisk der det er markert i semesterplanen.

Vurderingsformer

I løpet av emnestudiet skal du skrive ei individuell prosjektoppgåve på om lag 12 sider der utgangspunktet er ei norskdidaktisk problemstilling som må godkjennast av faglærar.Nærmare retningslinjer for oppgåva vil bli gitt i semesterplanen.I tillegg skal du opp til ein munnleg eksamen der du får spørsmål til prosjektoppgåva og spørsmål frå pensum. Prosjektoppgåva tel 60% og munnleg eksamen 40% av samla karakter. Ein føresetnad for å bli oppmeldt til endeleg eksamen er at du presenterer munnleg eit tenkt eller erfart undervisningsopplegg, etter nærmare retningslinjer.

Du får ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Sjå elles i forskriftene om eksamen ved Høgskolen i Telemark.

15 studiepoeng påbygning

Studentar som tar 30 studiepoeng må i tillegg til 15 studiepoeng ta 15 studiepoeng påbygging ved at ein skriv ei større prosjektoppgåve. Nærmare retningslinjer for denne oppgåva vil stå i semesterplanen. Problemstillinga må godkjennast av faglærar.Delkarakter for prosjektoppgåva blir slått saman med endelig karakter frå norsk 15 studiepoeng til ein samla karakter. Du får ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Kvart delemne må ha bestått karakter for at hovudemnet skal vere bestått. Sjå elles i forskriftene om eksamen ved Høgskolen i Telemark.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Frode Evenstad <Frode.EvenstadSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 05.11.2008