Norsk 1 30NORSK1

Læringsmål

Norskfaget handlar om identitet, kultur, danning og forholdet vårt til samtid og fortid. Faget skal få oss til å forstå oss sjølve i ein større, fleirkulturell samanheng.

Norskfaget er også eit handverk: det å kunne meistre det norske språket med sine to målformer og det å kunne utvikle eit språk om språket. Språket manifesterer seg i teksten, som både det teoretiske og det praktiske studiet samlar seg om.

Norskfaget er eit vitskapsfag, eit studiefag og eit sentralt fag i grunnskolen. Den fagdidaktiske tenkinga og praksisen har fagkunnskapar som dreiepunkt. Med gode fagkunnskapar vil du kunne planlegge undervisninga på ein føremålstenleg måte. Du vil kunne tilpasse undervisninga den enkelte eleven og, ikkje minst, bli trygg på deg sjølv i lærarrolla.

Å vere ein dugande norsklærar inneber å kunne tilretteleggje undervisninga på ein slik at måte at alle dei fem grunnleggjande ferdigheitene (jamfør K06) blir tekne omsyn til. Dei grunnleggande ferdigheitene er: å kunne uttrykkje seg munnleg, å kunne uttrykkje seg skriftleg, å kunne lese, å kunne rekne og å kunne bruke digitale verktøy.Dei norskfaglege krava vi stiller til deg som student, reflekterer desse grunnleggande ferdigheitene. Sjå under punkt 3: Innhald – ”Kva studenten skal kunne”, etter kvart hovedpunkt.

Didaktisk kompetanse vil blant anna seie at du reflekterer over forholdet mellom teori og praksis. Det reflekterande perspektivet vil bli spesielt synleg når du er i praksis ved øvingsskolen, men vil også vere eit sentralt element når fagstoffet blir gjennomgått ved institusjonen.

Lærarrolla krev sosial kompetanse. I arbeidet ditt vil du møte eit mangfald av elevar og føresette, og gjennom norskfaget i studiet vil du få utvikle evna til å observere, lytte og forstå andre, kunne leie gruppeprosessar og kunne setje deg inn i erfarings- og kunnskapsverda til elevane, slik ho til dømes kjem til syne i dei skriftlege tekstane elevane produserer.

Lærarrolla krev endrings- og utviklingskompetanse. Som norsklærar, er du aldri heilt ”utdanna”. Å halde seg fagleg oppdatert, er ein evigvarande prosess. Du må også vere i stand til å møte generelle endringar i yrkesrolla. Det gjeld like mykje ulike tiltak i forhold til dei forskjellige elevane du kjem til å møte, som endringar i læreplanar og pedagogiske retningar.

Lærarrolla krev yrkesetisk kompetanse. Innanfor norskfaget kan dette til dømes gi seg utslag i kva for skjønnlitterære eller samansette tekstar du vel å presentere for elevane dine. Dei grunnleggande verdiane i opplæringa må vere rettesnora, ikkje berre for innhaldet i faget, men også for måten du møter elevane på.

Innhold

1. Munnleg bruk av språket

I lærargjerninga er det munnlege språket den viktigaste reiskapen din, og medvit om dette er viktig i norskfaget. Dette medvitet kviler på kjennskap til forskjellen mellom tale og skrift, kjennskap til ulike munnlege kommunikasjonssituasjonar og ulike munnlege sjangrar, som forteljinga, utgreiinga, forklaringa og foredraget. Desse sjangrane vil du også få høve til å øve deg i.

Den klassiske retorikken er ein vitskap om kommunikasjon og er difor ei kjelde til inspirasjon og kunnskap om kva som er god munnleg framstilling. Det munnlege språket er ikkje berre tekniske ferdigheiter. Det levande ordet kan fungere overtydande og overtalande, som ei estetisk oppleving og som eit middel for erkjenning. Derfor er kjennskap til elementær retorikk viktig, og den gode klassesamtalen er ein sentral munnleg sjanger for læring og ny kunnskap som du får høve til å prøve ut i praksis.

Eit anna berande element i dette emnet er kunnskap om språklege variasjonar, av geografisk, sosial, kulturell eller etnisk karakter.

For å kunne legge til rette for ei god begynnaropplæring i lesing og skriving, må du kjenne til viktige trekk i barns språkutvikling i førskolealder.

Studenten skal kunne:

- kjenne til særtrekk ved munnleg tale og språkleg mangfald

- kjenne til sentrale trekk ved den klassiske retorikken

- vite korleis det munnlege språket kan brukast i undervisninga på ein formålstenleg måte

- meistre sentrale munnlege sjangrar som forteljinga eller foredraget

2. Lese- og skriveopplæring, lese- og skriveutvikling

Den grunnleggande skrive- og leseopplæringa gjer oss til tenkande, skrivande og lesande menneske, og er grunnlaget for læring i alle fag. For alle menneske er lese- og skriveferdigheitene i stadig utvikling, og derfor gjeld dette emnet like mykje di eiga lesing og skriving, som elevens.

Kjennskap til barns lesevanar og evne til å lese og forstå ulike tekstar er viktig. Dette gjeld både den grunnleggande leseopplæringa og den andre leseopplæringa. Det er viktig at du som lærar kjenner til teknikkar som kan hjelpe elevane til å utvikle tenlege lesestrategiar. Ved å modellere lesestrategiar for ulike formål, kan du som lærar legge grunnlaget for å utvikle leseferdigheiter som kjem til nytte i alle fag.

Kunnskapar om skriveutviklinga til eleven er viktig. Eit teoretisk fundament for å kunne følgje skriveutviklinga er ikkje minst viktig på barnetrinnet, der dei ulike nivåa i elevteksten ofte ligg meir skjult enn hjå eldre elevar.

På bakgrunn av kunnskapen om skriftspråksutviklinga til elevane skal du kunne vurdere metodar og læremiddel i begynnaropplæringa, og legge til rette for ei god og differensiert lese- og skriveopplæring.

Når det gjeld di eiga skriving, er det viktig at du i løpet av studiet skriv deg inn i ein akademisk og sakprega måte å skrive på, i tillegg til at du prøver deg i ulike sjangrar. Du må også prøve ut dei nye digitale tekstformene. Eit viktig mål for desse aktivitetane er at du ser samanhengen mellom skriving og læring, i tillegg til at dei gjer deg betre i stand til å undervise andre i skriving.

Studenten skal kunne:

- kjenne til teoriar om lesing og leseutvikling på alle alderssteg, og vurdere ulike stadium av leseferdigheiter

- følgje ei utvikling av skriveferdigheiter hjå eleven

- vurdere metodar i den fyrste lese- og skriveopplæringa

- leggje til rette lese-og skriveopplæring for elevar med norsk som andrespråk

- ha kjennskap til ulike språkstimulerande tiltak på alle alderssteg

- kjenne til ulike former for skriveopplæring og vere i stand til å vurdere ulike arbeidsmåtar

- vidareutvikle eigne skriveferdigheiter og sjangermedvit og vere i stand til å sjå samanhengen mellom skriving og læring

3. Elevteksten

Mykje norskdidaktisk aktivitet samlar seg om elevteksten. Du vil møte mange typar elevtekstar i studiet, for eksempel dei fyrste tekstskapingsforsøka av ein 2.klassing, ei fantasyforteljing av ein 6.klassing, eit naturdikt av ein 4.klassing og ein resonnerande saktekst av ein 10.klassing. For å kunne forstå og vurdere desse tekstane, treng du sjangerteori og øving i elevtekstanalyse og vurdering. Elevtekstvurdering er sentral i den praktiske delen av studiet. Tekstar skrivne av elevar med minoritetsbakgrunn krev, i tillegg til vanleg språkteori, kjennskap til språktypologi.

Innafor dette emnet vil du også få kjennskap til den prosessorienterte skriveopplæringa, der ein bør rette spesiell merksemd på respons. Dette må du prøve ut saman med medstudentar og saman med elevar i praksis.

Studenten skal kunne

- grunnleggande språkteori for å kunne vurdere alle typar elevtekstar

- bli i stand til å sjå samanhengen mellom fagleg og pedagogisk vurdering av elevtekstar, med utgangspunkt i offisielle rettleiingar for vurdering

- bli i stand til å følgje utvikling av skriveferdigheitar hjå eleven med utgangspunkt i tekstar skrivne på ulike alderssteg

4. Skjønnlitterære sjangrar

Innsikt i og forståing av det litterære språket er det viktigaste utgangspunktet for ei god litteraturundervisning. Du skal lese eit utval av både eldre og nyare tekstar, vaksenlitteratur og barne- og ungdomslitteratur, ulike sjangrar som t.d. biletbok, dikt, novelle, roman. I arbeidet med desse tekstane vil ein legge vekt på ulike aspekt, som t.d. det estetiske, det etiske og det didaktiske. I tillegg vil ein legge vekt på både tekstens historiske forankring og det tidlause ved god skjønnlitteratur. Basis for litteraturlesinga er litteraturteoretiske omgrep som ein må kunne bruke på dei tekstane ein les.

Den litterære samtalen er ein viktig didaktisk sjanger i litteraturlesinga, og i studiet vil du få høve til å prøve ut denne samtaleforma i klasserommet. Dessutan vil du lære om korleis skjønnlitteraturen kan brukast i tilpassa opplæring.

I det kulturelt og etnisk mangfaldige samfunnet møter litteraturlesinga nye moglegheiter og utfordringar. For å nyttiggjere seg og møte desse, må læraren vere spesielt medviten både om tekstutval og tekstformidling. Ein del av tekstane i studiet vil derfor vere henta frå ikkje-vestlege land og kulturar, og ein vil jobbe særskilt med litteraturformidling i den fleirkulturelle skolen. Mangfaldet i skolen dreier seg også om språkleg mangfald og situasjonen med to målformer. Tekstutvalet i norskfaget skal reflektere dette, og vil ta omsyn til jamstilling mellom målformene.

Det mytiske tradisjonsstoffet høyrer også til skjønnlitteraturen. Folkeeventyrsjangeren, uttrykt i ulike kulturar, er sentral, i tillegg til anna mytisk og mytologisk stoff, bl.a. frå det samiske området. Dei same innfallsvinklane som gjeld for skjønnlitteraturen vil også vere aktuelle for desse tekstane.

For å få eit vitskapsteoretisk og meir overordna perspektiv på mellom anna litteraturlesing, vil du også få ei innføring i emnet tekst og tolking.

Studenten skal kunne

- sjå eigenarten ved det skjønnlitterære språket

- utvikle kunnskap og medvit om korleis den litterære teksten heng saman med historie og samtid

- sjå samanhengen mellom mytisk stoff og skjønnlitterære tekstar

- utvikle medvit og kunnskap om funksjonen og plassen til skjønnlitteratur og mytisk og anna tradisjonsstoff i ein undervisningssamanheng

- legge til rette for arbeid med skjønnlitteratur i fleirkulturelle klassar

5. Sakprosa

Medan skjønnlitteraturen er den eine, er sakprosaen den andre hovudkategorien ein kan dele alle tekstar inn i. I studiet vil du møte sakprosaen på ulike måtar. Du vil lese og lære om det kunstferdige essayet i grenselandet mellom skjønnlitteratur og sakprosa og lære om korleis nye medium skaper nye sjangrar, som t.d. den munnleg/skriftlege sjangeren tekstmeldinga.

Grunnleggande kjennskap til hyperteksten er viktig, i tillegg til fagdidaktisk innsikt i tradisjonelle sakprosasjangrar som lesarinnlegget, artikkelen og reklameteksten.

Vurdering av læremiddel, digitale og andre, er ein sentral del av dette emnet, sidan nye undervisningsformer i grunnskolen skaper nye behov for læremiddel.

Studenten skal kunne

- ha innsikt i sakprosa som teksttype, inkludert den digitale teksten

- kunne gjere greie for og drøfte sjangervariasjon

- vere i stand til å vurdere ulike typar læremiddel

- legge til rette for bruk av sakprosa i undervisninga

6. Samansette tekstar

Barn og unge lever i ein mangfaldig kultur der lyd, bilete, skrift og tale utgjer ein tekstheilskap. Kunnskap om dette blir stadig viktigare for å kunne forstå barn og unges førestillingsverd. Denne samansette teksttypen blir også kalla multimodale tekstar – eit omgrep som fortel om eit komplekst samspel mellom fleire forskjellige modi, både visuelle, auditive og verbale.

Samansette tekstar kan vere både analoge og digitale. Dei analoge teksttypane kan for eksempel vere teaterframsyninga, papiravisa, den munnlege framføringa, teikneserien og barneteikninga med ord og bokstavar, biletbøker osb. Desse er forløparane for dei nyare digitale sjangrane som er meir komplekse, som til dømes nettsider, dataspel, pedagogiske læringsressursar og samansette korttekstar som reklamefilm, musikkvideo, biletmontasje, kortfilm osb.

Arbeidet med samansette tekstar er ikkje ein isolert del av norskfaget, men er sterkt integrert i arbeidet med generell tekstforståing og tekstproduksjon. Som kommande lærar skal du også sjølv kunne legge til rette for arbeid med produksjon av enkle samansette tekstar, både digitale og analoge.

Å kunne avkode og stille seg kritisk til dagens omskiftlege tekstkultur krev ein ny tekstkompetanse som dette emnet skal gi deg innsikt i.

Studenten skal kunne:

- gjere greie for det spesielle samspelet mellom fleire modi i ein samansett tekst

- vurdere samansette tekstar utifrå både estetiske og etiske perspektiv

- sjå samanhengen mellom samansette tekstar og skjønnlitteratur og sakprosa

- legge til rette for arbeid med samansette tekstar i undervisninga

Organisering

Norskfaget er lagt til høst- og vårsemesteret det første studieåret i utdanninga. Studiet er på 30 studiepoeng, og arbeidsmengda er fordelt likt på kvart semester.

Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs, bruk av classfronter og individuell rettleiing, bl.a. i form av læringssamtalar. Læringssamtalen (mellom faglærar og student) skal vere ein hjelp til å bli bevisst kva du har lært og kva du må lære for å bli ein god norsklærar. Det dreier seg om å reflektere over eigen progresjon i forhold til dei fastsette måla for faget.

Semesterplanen, som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument. Her blir innhaldet og den praktiske gjennomføringa av semesteret presisert.

Nokre av forelesingane vil krevje obligatorisk frammøte. Kva for tema dette gjeld, vil bli presentert ved studiestart og presisert i semesterplanane.

Det er viktig å skrive mykje i eit fagstudium. Tekstane du skriv, i ulike sjangrar, skal du samle i ei arbeidsmappe. Arbeidsmappa skal romme alt du skriv i løpet av året: smått, stort, uferdig og meir gjennomtenkte tekstar. Nokre av desse tekstane vil du få tilbakemelding på av faglærar, medan andre blir det forventa at du sjølv, saman med medstudentar, gir tilbakemelding på. Målet med mappearbeid er at du alltid kan arbeide vidare med tekstane over tid. Faglærar skal ikkje rettleie mappearbeida fram til ”ferdig tekst”, men dei må vere av ein slik kvalitet at faglærar kan godkjenne arbeidsmappa som dokumentasjon på arbeidskrav.

I løpet av studiet vil du også få ei norskfagleg oppgåve knytt til fleksibel praksis.

Norskstudiet har fem portar du må passere for å kunne bli oppmeldt til eksamen i 2. semester. Desse prøvene blir vurdert til bestått/ikkje bestått.

Obligatorisk prøve i språkkunnskap

Du vil bli prøvd i grunnleggande språkkunnskap, knytt til emne som begynnaropplæring i lesing og skriving og elevtekstanalyse.

Obligatoriske munnlege framføringar

Du skal presentere munnleg eit emne for medstudentane dine og faglærar, med utgangspunkt i emne frå teoripensum eller erfaringar frå praksis. Minst ei munnleg framføring vert lagt til 1.semester og minst ei til 2.semester.

Obligatorisk skrivedag

Det blir arrangert ein obligatorisk skrivedag i løpet av studiet. Denne blir vurdert til bestått/ikkje bestått.

Godkjent fleirfagleg prosjekt

Godkjenning av arbeidsmappe

Dei tekstane du skriv i løpet av studiet samlar du i ei arbeidsmappe som må godkjennast for å få ei sluttvurdering 2.semester. Semesterplanen ved studiestart gir nærmare presisering av innhaldet i arbeidsmappa. Tre fjerdedelar av mappetekstane skal vere på den målforma du ikkje vel til skriftleg sluttprøve.

Vurderingsformer

Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet – ei undervegsvurdering og ei sluttvurdering. Undervegsvurderinga er den fortløpande vurderinga du vil få, i form av tilbakemeldingar på munnleg og skrifleg arbeid. (Sjå under Organisering, dokumentasjon og arbeidskrav)

Sluttvurderinga etter 2.semester omfattar:

- ei individuell, skriftleg prøve (6 timar)

- ei individuell, munnleg prøve

Begge desse prøvene tar utgangspunkt i emne frå pensum, frå godkjend arbeidsmappe og/eller ukjend tekst.

Karakteren du får på den skriftlege prøva tel 40% av sluttkarakteren, karakteren på den munnlege prøva tel 60%. Du får ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til E, der A er den beste og E den dårlegaste ståkarakteren.

Sjå elles føreskrifter om eksamen ved Høgskolen i Telemark.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Frode Evenstad <Frode.EvenstadSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Widar Madssen - 03.03.2008