Norsk 2 30NORSK2
Læringsmål
I Norsk 2 vektlegg vi emne som er særleg relevant for ungdomssteget, men studiet vil gi godt grunnlag for arbeid i grunnskolen generelt.
Viktige målsetjingar er å:
* styrkje teorigrunnlaget for å kunne formidle litteratur
* utvikle didaktisk og analytisk kunnskap om tekstarbeid
* utvikle forståing av språk som eit dynamisk og sosialt fenomen
* tileigne seg kunnskap om og skaffe seg praktisk erfaring med fagleg og fagdidaktisk bruk av digitale verktøy
Innhold
Fellesdel
Fellesdelen skal i omfang utgjere om lag to tredjedelar av den totale arbeidsmengda. Denne delen er ei teoretisk og didaktisk utdjuping av studiet frå Norsk 1. Norsk 2 er først og fremst eit tekststudium og vil bestå av dei tre hovedemna som er skisserte under.
Studiet vil hovudsakleg ha ein litterær profil der litteraturdidaktikk, sjangerkunnskap, teoretisk og didaktisk refleksjon knytt til den andre lese- og skriveopplæringa, vil vere gjennomgripande. Teoridelen skal gi grunnlag for å bli ein meir reflektert lesar og ein god formidlar av litteratur. Ungdomslitteraturen vil få spesiell vekt.
Den språklege delen har ei sosiolingvistisk orientering, det vil seie at fokuset er på språkbruk som sosialt fenomen.
I kurset vil arbeid med samansette tekstar vere viktig i alle dei tre hovudemna.
1. Litteraturhistorie
Hovudemnet litteraturhistorie kviler på det fagdidaktiske synet at teksten som storleik, både peikar inn mot tida og perioden den blei til i, og ut mot eleven og klasserommet.
Med utgangspunkt i dei litteraturhistoriske termane opplysningstid, romantikk og modernisme les ein fiksjons- og fagtekstar i eit litteraturhistorisk, tekstanalytisk og didaktisk perspektiv. I tillegg til tekstarbeidet vil desse spørsmåla knytt til litteraturhistoria bli behandla:
- Litteraturhistorisk oversyn med vekt på opplysningstid, romantikk og modernisme
- Kanoniseringsspørsmålet (legitimering av klassikarane i skolesamanheng)
- Periodiseringsspørsmålet
- Tilhøvet tekst – litteraturhistorie i eit didaktisk perspektiv
2. Ungdomslitteratur
I dette hovudemnet vil du få kjennskap til ungdomslitteraturen ut frå ulike innfallsvinklar: som skjønnlitterære uttrykk og som bilete på ein sentral periode i menneskelivet. Synet på ungdom har endra seg, noko som blir tydeleg dersom ein ser ungdomslitteraturen i eit historisk perspektiv.
Dette emnet skal gi eit teoretisk grunnlag for pedagogisk bruk av litteratur for ungdom og for didaktiske refleksjonar om ungdoms leseinteresser og mediebruk.
- Ungdomslitteraturen i eit historisk perspektiv
- Lesing, identitet og danning
- Faglitteratur for ungdom
- Ungdomskulturelle uttrykk (tekstar skapt av og for ungdom)
- Intertekstualitet og adaptasjon til andre medium (samansette tekstar)
3. Språkleg utvikling og mangfald
I dette hovudemnet vil du bli kjent med sosiolingvistikk som fagområde. Her vil du få innsikt i korleis historiske, politiske, geografiske, sosiologiske og teknologiske prosessar påverkar språkbruken vår, haldningane våre til språk og språket som system. Fordi slike faktorar påverkar språket, blir språket ein viktig identitetsmarkør og ein vesentleg maktfaktor. Dette finn ein gode døme på i den unike norske språkhistoria og i dagens språksituasjon i Norge med, mellom anna, dialekt- og språkmangfaldet og påverknaden frå engelsk og ulike minoritetsspråk.
- Språk og identitet
- Språkhaldningar
- Skriftkultur og normering
- Norsk som andrespråk
Individuell del
Den individuelle delen består av ei sjølvvalt bacheloroppgåve. Bacheloroppgåva skal ha eit spesifikt norskfagleg og/eller fagdidaktisk emne.
Organisering
Norsk 2 er lagt over eit halvt studieår (vårsemesteret) og gjev 30 studiepoeng.
Undervisinga vil skifte mellom førelesingar, seminar, gruppeaktivitet og studentframlegging av stoff. Opplegget føreset at ein er til stades på den timeplanlagde undervisinga. Nokre tema vil krevje obligatorisk frammøte. Kva dette er, vil gå fram av semesterplanen. Namneliste, opprop og notat frå lærar skal utgjere dokumentasjonen for obligatorisk frammøte. Fråver utover 20% vil resultere i at studenten ikkje får gå opp til avsluttande eksamen.
Digitale verktøy vil stå sentralt i studiet både som fagleg emne, som læringsstøttesystem (Fronter) og som hjelpemiddel i det skriftlege arbeidet, i rettleiing og vurdering.
Arbeids- og undervisingsformer:
Førelesingar, seminar, gruppeaktivitet, studentframlegging av stoff, rettleiing og sjølvstudium.
I læreplanane er det å arbeide med digitale verktøy lagt fram som ei av dei fem grunnleggande ferdigheitene, samtidig som arbeid med samansette tekstar har blitt eit hovudområde i norskfaget. Difor vil også Norsk 2 leggje vekt på bruk av digitale verktøy i skaping av samansette tekstar. Dette arbeidet kan for eksempel dreie seg om å lage ei digital tidslinje som skal illustrere litteraturhistoria, å løyse språklege eller litterære oppgåver ved hjelp av både tekst, lyd og bilde (bildeforteljingar) eller å skrive ein såkalla ”fagblogg”.
Forholdet mellom teori/praksis:
Studentar som tar faget som del av allmennlærarutdanninga, har skolepraksis iflg praksisplanen ved Efl. Studentar med godkjend lærarutdanningspraksis skriv ei fagdidaktisk oppgåve i skolepraksisperioden.
Du får skolepraksis etter eigen praksisplan; rettleiinga i praksisperiodane har som før øvingslæraren hovudansvaret for.
Vurderingsformer
Du vil møte to former for vurdering i studiet – undervegsvurdering og sluttvurdering.
Undervegsvurderinga består av tilbakemeldingar på ein refleksjonstekst knytt til bachelor-oppgåva og ei munnleg framføring, i tillegg til meir uformelle tilbakemeldingar.
Refleksjonsteksten skal leverast inn tidleg i semesteret og er ein tekst der du reflekterer over problemstillinga i bacheloroppgåva. Den blir vurdert til bestått/ ikkje bestått og er eit obligatorisk arbeidskrav og eit vilkår for å bli oppmeldt til eksamen. Du vil få nærmare retningslinjer for teksten.
Den munnlege framføringa blir vurdert til bestått/ ikkje bestått og er eit obligatorisk arbeidskrav og eit vilkår for å bli oppmeldt til eksamen.
Sluttvurderinga består av ei bacheloroppgåve som tilsvarar om lag 10 st poeng og ei skriftleg sluttprøve.
Bacheloroppgåva skal ha ei vitskapleg utforming, og du kan velje mellom eit norskfagleg/ norskdidaktisk emne. Oppgåva skal vere på om lag 20 sider (skriftstorleik 12, linjeavstand 1, 5). Du får rettleiing undervegs. Du må møte rettleiaren mint tre gonger, og du skal i desse møta dokumentere progresjon i skriveprosessen. Bacheloroppgåva tel 40% av sluttkarakteren. Viktige krav til bacheloroppgåva er blant anna dette:
· vitskapsteoretisk basis
· bruk av relevant fagdidaktisk teori
· presisjon og fokus i problemstillinga
· sjølvstende, utval, relevans, kritikk og problematisering når det gjeld kjeldebruk
· metodisk klargjering
· litteraturliste, noteapparat, tilvisingar
· innhaldsliste
Skriftleg sluttprøve. Målet med denne prøva er å måle dei norskfaglege kunnskapane og ferdigheitene som du har tileigna deg i studiet. Prøva vil bli organisert som ein vanleg eksamensdag på 6 timar. Denne prøva tel 60% av sluttkarakteren.
Krav til målform. Bacheloroppgåva og refleksjonsteksten skal skrivast på den målforma du ikkje nyttar på sluttprøva.
Du får ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter. Du må ha bestått både bacheloroppgåve og sluttprøve for å få ein samla karakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Frode Evenstad <Frode.EvenstadSPAMFILTER@hit.no>,Kirsti-Nina Frønæs <Kirsti-Nina.FronasSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Widar Madssen - 03.03.2008