885 Norsk 2
Innledning
Norsk 2 byggjer på Norsk 1. Teori og fagperspektiv er utvida ved at vi arbeider meir med dei historiske dimensjonane i faget og styrkjer tekst- og teoriforståinga. Studiet vil hovudsakleg ha ein litterær profil. Fagplanen har to delar, ein fellesdel og ein individuell del. Den individuelle delen skal vere ei bacheloroppgåve som består av eit større sjølvvalt fordjupingsarbeid.
Målgruppe og opptakskrav
Opptakskrav: Norsk 1
Mål for studieprogrammet
Viktige målsetjingar er å:
- styrkje teorigrunnlaget for å kunne formidle litteratur
- utvikle didaktisk og analytisk kunnskap om tekstarbeid
- utvikle forståing av språk som eit dynamisk og sosialt fenomen
- tileigne seg kunnskap om og skaffe seg praktisk erfaring med fagleg og fagdidaktisk bruk av digitale verktøy
Videre studiemuligheter
Master i engelsk og norsk - fagdidaktisk retning. Planlagt oppstart: studieåret 09-10
Krav til opptak: 60 sp. norsk (Norsk 1 og Norsk 2) + 30 sp. engelsk
(eller 60 sp. engelsk og 30 sp. norsk)
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Obligatorisk emne
|
I Norsk 2 vektlegg vi emne som er særleg relevant for ungdomstrinnet, men studiet vil gi godt grunnlag for arbeid i grunnskolen generelt.
Som nemnt over, består Norsk 2 av ein fellesdel og ein individuell del. Fellesdelen skal i omfang utgjere to tredjedelar av den totale arbeidsmengda og består av tre hovudpunkt: Litteraturhistorie, Ungdomslitteratur og Språkleg utvikling og mangfald.
Studiet vil i hovudsak ha ein litterær profil og skal gi grunnlag for å bli ein meir reflektert lesar og ein god formidlar av litteratur.
Den individuelle delen består av ei bacheloroppgåve som skal ha eit norskfagleg og eller norskdidaktisk emne.
Arbeids- og læringsformer
Undervisinga vil skifte mellom førelesingar, seminar, gruppeaktivitet, studentframlegging av stoff, rettleiing og sjølvstudium. Nokre samlingar vil vere obligatoriske.
Digitale verktøy vil stå sentralt i studiet både som fagleg emne, som læringsstøttesystem (Fronter) og som hjelpemiddel i det skriftlege arbeidet, i rettleiing og vurdering.
Forholdet mellom teori/praksis
Studentar som tar faget som del av allmennlærarutdanninga, har skolepraksis iflg praksisplanen ved Efl. Studentar med godkjend lærarutdanningspraksis skriv ei fagdidaktisk oppgåve i skolepraksisperioden.
Vurderingsformer
Studiet har to former for vurdering: undervegsvurdering og sluttvurdering.
Undervegsvurderinga består av tilbakemeldingar på ein refleksjonstekst knytt til bacheloroppgåva og ei munnleg framføring. Begge blir vurdert til bestått/ikkje bestått og er obligatoriske arbeidskrav og eit vilkår for å bli oppmeldt til eksamen.
Sluttvurderinga består av ei bacheloroppgåve som tilsvarar om lag 10 sp og ei skriftleg sluttprøve. Sluttprøva blir organisert som ein vanleg eksamensdag på 6 timar og tel 60% av sluttkarakteren. Bacheloroppgåva tel 40% av sluttkarakteren.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kirsti-Nina Frønæs <kirsti-nina.fronasSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Kjetil Tømmer - 26.04.2008