114 Geografiske informasjonssystemer, fordypning

Målgruppe og opptakskrav

GIS er eit reiskapsfag som høver i kombinasjon med andre studium og fag. Målgrupper kan såleis vere:

  • Studentar med utdanning frå tverrfaglege studium som natur-, helse og miljøvern, økonomi og administrasjon, kultur eller idrett/friluftsliv.
  • Studentar som tek sikte på bachelorgrad og/eller vidare studium, der GIS-studiet kan gå inn som ei årseining.
  • Tilsette i privat eller offentleg verksemd som ønskjer etter- eller vidareutdanning i GIS. Så langt det er laboratoriekapasitet for det, vil også einskildemne frå GIS-studiet kunne brukast som valemne i andre studium.

Studiet er eit tilbod til studentar med 2 års høgare utdanning, med til saman 15-20 studiepoeng i matematikk, statistikk og informatikk. Søkjarar med relevant praksis og kortare utdanning blir vurderte individuelt.

Mål for studieprogrammet

Gjennom studiet blir det gitt eit breitt grunnlag for bruk av GIS i næringsliv, forvaltning, undervisning og forsking i Noreg og internasjonalt. Vidare skal studentane sjølve gjennom forlesingar og øvingar bli operative i bruk av GIS innafor område der dei gjennom utdanninga elles har sitt faglege fundament, og kunne stå for innføring av GIS i ein organisasjon.

GIS blir teke i bruk på stadig fleire felt. Studiet gir eit breitt grunnlag for arbeid med GIS i næringsliv og forvaltning.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Ny fagblokk
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
5700 Digitale geodata 10,00 O 10  
5701 Kart og landmåling 10,00 O 10  
5602 Databaser I 10,00 O 10  
5702 Geografisk analyse 10,00 O   10
5705 Prosjektarbeid i GIS 10,00 O   10
5703 GIS, samfunn og planlegging 10,00 V   10
5704 Fjernanalyse 10,00 V   10
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Studiet er eit påbyggingsstudium med normert studietid på 1 år.

Studiet er delt opp i emne som til vanleg går over eitt semester. Heile studiet er på 60 studiepoeng fordelt med 30 studiepoeng på kvart semester.

Alterneringsemne (det blir undervist i eitt av desse kvart vårsemester):

5703 GIS, samfunn og planlegging, 10 stp.
5704 Fjernanalyse og terrengmodellering, 10 stp.

Det blir tatt atterhald om endringar i studieplanen.

Arbeids- og læringsformer

  • Forelesingar
  • Eit større prosjektarbeid i grupper med rettleiing
  • Mindre prosjektoppgåver integrerte i ordinære emne
  • Sjølvstudium

Vurderingsformer

Kandidatanes kunnskapar innanfor alle emne i studiet skal evaluerast. Aktuelle evalueringsformer går fram av emneomtalene.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ralph Ingemar Stålberg - 12.06.2008