504 Nordisk historie , fordypning

Målgruppe og opptakskrav

Nordisk historie er eit påbyggingsstudium som bygger på kunnskapar i historie, eller nærskylde humanistiske og/eller samfunnsfag. Kunnskapar i norsk historie som om lag svarar til årsstudium i historie, må reknast som naudsynt startgrunnlag

Heile eller delar av studiet kan kombinerast med andre studium ved høgskolar og/eller universitet i ein bachelorgrad. Saman med praktisk-pedagogisk utdanning eller innpassing i fireårig allmennlærarutdanning, gir historiestudia kompetanse for undervisning i skoleverket. Historiefaget høver òg godt innanfor ei medieutdanning, t.d. saman med journalistutdanning eller anna medieutdanning. Saman med andre samfunnsfag, kulturfag eller økonomiske fag kan historiefaget gje arbeid innanfor offentleg og privat administrasjon. Går ein vidare i historiestudiet til mastergrad (tidlegare hovudfag), har ein ei sjølvstendig historieutdanning på høgt nivå som kan høve for undervisning, arbeid i museum, arkiv o.l., og i andre samanhengar. Forskarutdanning i historie byggjer på mastergrad.

Mål for studieprogrammet

Historieforskinga i dei nordiske landa har tradisjonelt vore mest oppteken av nasjonalstatane. Halvårsstudiet tek utgangspunkt i at Norden kan oppfattast som ein heilskap med kulturelle, sosiale og politiske særdrag. Studiet vil lyfte fram det nordiske perspektivet, og gje innsyn i kva den nordiske samanhengen har hatt å seie i historia, og i korleis vi kan forstå viktige forskjellar og likskapar mellom dei nordiske landa. Studiet vil vidare gjere studentane kjende med historisk arbeidsmåte og grunnlaget for historisk kunnskap.

Videre studiemuligheter

Årsstudium i historie saman med minst 20 sp frå Nordisk historie fyller fordjupningskravet i ein bachelor i historiske fag. Kombinasjonen oppfyller òg kravet til den spesifikke historiedelen i ein bachelorgrad for dei som ønskjer å gå vidare til eit masterstudium i historie ved eit av universiteta.
Ein kan likeeins nytte studiet i ein bachelorgrad med fagleg fordjuping i historie som grunnlag for hovudfaget i kulturstudiar ved Høgskolen i Telemark.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Nordisk historie
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H)
3508 Nordisk historie oversyn 10,00 O 10
3511 Nordisk politisk kultur og 'den nordiske
modellen'. Tida etter ca midten av
1800-talet
10,00 V 10
3509 Politisk kultur, normer og sosial
kontroll i Norden 1500-1800
10,00 V 10
3510 Unionar, skandinavisme og nordisk
samarbeid frå 1300-talet til vår tid
10,00 V 10
Sum: 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Kvart av emna er på 10 studiepoeng. Dei kan utgjere fordjupinga i historie i ein bachelorgrad med minst to av dei til saman fire emnene. Emnet Nordisk historie oversyn må vere eit av dei. Studiet kan og vere eit sjølvstendig ½-års studium med minst 3 av emnene.

Tilbodet av emne vil kunne variere frå det eine året til det neste.
Oversynet og emna kan innpassast enkeltvis som del av ein bachelorgrad.
Om emna, sjå nedanfor.

Tilbodet av emne vil kunne variere frå det eine året til det neste.
Det er høve til å velje individuelle pensa eller pensumdelar som alternativ i samråd med faglærar(ar).

Arbeids- og læringsformer

Undervisningsformene vil veksle mellom forelesingar og seminar. Undervisninga er i regelen ikkje obligatorisk, og i slike høve kan studentane melde seg opp til eksamen utan å ha følgt undervisning. Ein rår likevel til at undervisninga blir følgt regelfast. Dersom delar av undervisninga er obligatorisk, vil dette gå fram av semsterplanen.
Studentar som ikkje følgjer undervisninga (heilt eller delvis), kan få pålegg om ei eller fleire oppgåveinnleveringar som obligatoriske arbeidskrav og vilkår for å gå opp til eksamen (sjå nedanfor). Faglærar er ansvarleg for slike pålegg. Normal frist for innlevering av oppgåver vil vere om lag to veker.
Ved sida av undervisninga vil studentane ha stor nytte av å samtale om pensum og studieproblem i eigne kollokviegrupper.

Det kan bli fastsett obligatoriske arbeidskrav, m.a. innlevering av oppgåver, som gjeld alle studentane. Opplysningar om slike krav vil ein finne i semesterplanen for historie. Oppfylling av obligatoriske arbeidskrav er eit vilkår for å gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav vert ikkje evaluerte i eksamenssamanheng og kjem i tillegg til obligatoriske heimeoppgåver som inngår i eksamen/evaluering.
Faglærar kan kalle studenten inn til samtale før endeleg godkjenning av innleverte oppgåver.
I tillegg til undervisninga på høgskolen vil studiet omfatte ein ekskursjon på 4-7 dagar. Ekskursjonen vil normalt kome i oktober. For studentar som tek minst 20 sp er ekskursjonen obligatorisk, og studentar som har grunnar til ikkje å vere med, må søkje fritak frå dette tidleg i semesteret.

Studentane må gjere seg kjende med og rette seg etter dei opplysningane som kjem i studieguide/semesterplan om emneregistrering, oppmelding til eksamen, krav om pensummelding, innlevering av oppgåver o.l.

Vurderingsformer

Det blir heimeeksamen i eitt av emnestudia i slutten av semesteret (heimeoppgåve på to veker pluss munnleg prøve). Heimeoppgåva blir gitt av faglærar/ar og skal ha vere nær knytt til undervisninga. I tillegg til pensum i emnet kan òg annan relevant litteratur (t.d. ein artikkel) og/eller kjeldestoff dragast inn. Slike tillegg får studenteane utlevert i kopi. Heimeoppgåva kan vere knytt til berre det eine av emnestudia, avgjort etter loddtrekning. Den munnlege prøva supplerar den skriftlege. Berre studentar som har bestått den skriftlege prøva bli innkalla til munnleg prøve. I emnet som ikkje blir uttrekt til heimeeksamen, blir det arrangert skoleeksamen på 4 timar.

Kontinuasjonseksamen
Kontinuasjonseksamen vert berre halden for studentar som hadde gyldig forfall eller ikkje bestod eksamen siste semesteret. Det er eit vilkår for kontinuasjon at studenten oppfylte alle obligatoriske arbeidskrav, og også leverte heimeoppgåva (med mindre det låg føre gyldig forfall).

Kontinuasjonseksamen vert halden som ein skoleeksamen på 6 timar (utan munnleg prøve)


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 03.03.2008