911 Natur-, helse- og miljøvern - spesielt tilrettelagt for bioingeniører, master

Målgruppe og opptakskrav

Mastergradsstudiet er spesielt lagt til rette for personar som er kvalifisert for eller har erfaring frå arbeid som bioingeniør.

Opptakskrav
Bachelorgrad for bioingeniørar eller tilsvarande.

Mål for studieprogrammet

Siktemålet med denne varianten av mastergradsstudiet er å gi studentane gode fleirfaglege kunnskapar innan helse og miljø ved at dei får høve til fagleg fordjuping i korleis genetiske, mikrobiologiske og andre biologiske forhold verkar inn på mennesket si helse.

Det blir lagt stor vekt på at studentane arbeider kritisk og sjølvstendig. I særleg grad gjeld dette mastergradsoppgåva. Dei skal kunne forstå og vurdere kritisk informasjon, metodar og forskingsresultat. Studentane skal lære fleirfagleg samarbeid og kommunikasjon og korleis vitskapleg forsking og rapportering blir gjennomført.

Videre studiemuligheter

Mastergraden gir grunnlag for vidare forskarutdanning.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Masterstudium i natur-, helse- og miljøvern, tilrettelagt for bioingeniører
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
4301 Naturvitskaplege metodar 10,00 O 10      
4302 Genetikk 10,00 O 10      
4307 Anvendt mikrobiologi 10,00 V 10      
4313 Bioteknologi 10,00 O   10    
4315 Bioinformatikk 10,00 V   10    
4321 Samspill i kjemikalier og biologisk
skade
10,00 V   10    
4323 Vanntema 10,00 V 10      
4316 Særpensum 10,00 V   10    
4317 Mastergradsoppgåve 60,00 O     30 30
Sum: 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne


Obligatoriske emne
4301 Naturvitskapelege metodar, 4302 Genetikk og 4313 Bioteknologi er obligatoriske emne for alle mastergradsstudentar som tar dette mastergradsstudiet. Eit grunnlag i statistikk tilsvarande 10 sp er ein fordel. Dersom dette ikkje ligg inne i opptaksgrunnlaget, bør ein ta slike statistikkemne ekstra eller som del av masterstudiet (sjå nedanfor Godkjenning av bacheloremne)

Valemne
Atterhald: For at eit valemne skal bli gjennomført må det vere tilstrekkeleg mange påmelde studentar. Dette blir vurdert for kvart einskild emne. Dersom det er for få påmelde kan eit valemne bli utsett til neste studieår. I spesielle høve kan eit valemne gå ut. Dette vil eventuelt skje i samråd med studentane og på ein slik måte at det faglege nivået blir oppretthalde.
Mastergradsemne frå andre institusjonar kan bli godkjente dersom dei er relevante. Ein vil oppmuntre til at studentane utnyttar ordningar som omfattar opphald ved utanlandske universitet og høgskolar.

Godkjenning av bacheloremne
Inntil 10 studiepoeng med emne frå bachelornivå kan bli godkjent som del av mastergraden, dersom masteroppgåverettleiar tilrår dette for å styrke den faglege profilen knytt til oppgåva. Normalt gjeld slik godkjenning emne på 3. års bachelornivå. Vidare kan ikkje obligatoriske emne frå det bachelorstudiet som er grunnlag for opptaket, godkjennast.

Oppbygginga av studiet er slik:

Obligatorisk del, 30 stp.

Valfri del, 30 stp.

Masteroppgåve, 60 stp.

Plan for mastergradsstudiet
For kvar student blir det sett opp ein plan tidleg i studiet. Denne definerer studiesamansetting, tema for mastergradsoppgåva og eventuelle andre forhold som gjeld for den enkelte student. Masterplanen blir skriven på eige skjema, som finst utlagt på instituttets heimeside. Den skal underskivast av mastergradstudent, hovedrettleiear, eventuelle andre rettleiarar og instituttleiar. Sjå internettadr.: http://www.hit.no/main/af/natur_helse_miljoevern/studieinformasjon/skjema_for_masterplan_13_02_2006

Mastergradsoppgåver/framleggingar
Kvar student skal ha to framleggingar av mastergradsoppgåva i plenum for medstudentar og rettleiarar. Problemstillingar og framdriftsplan skal gjerast greie for tidleg i studiet, og mot slutten skal resultat og konklusjonar leggast fram.

Arbeids- og læringsformer

Praktisk undervisning
Studieprogrammet legg så langt mogleg stor vekt på laboratorie- og feltorientert undervisning. Det blir også sett store krav til sjølvstendig arbeid frå studentane si side, idet undervisninga i utstrakt grad er basert på presentasjonar, oppgåveløysingar og problembasert læring.

Periodisert undervisning
Så langt mogleg blir undervisninga i dei enkelte emna basert på vekesmodular. Det gir ein meir fleksibel studiesituasjon for studentane i høve til oppgåvearbeid og eventuell kombinasjon med jobb. Ein tek sikte på at studiemateriell blir lagt ut på nettet med passordvern.

Fråvær
Gyldig fråvær (sjukemelding) inntil 20% frå ein obligatorisk del av eit emne vil bli akseptert. Ved fråvær større enn 20% vil ikkje studenten få godkjent denne delen av emnet. Studenten vil i så fall ikkje ha krav på fortrinnsrett til plass på felt/laboratoriekurset neste gongen det blir sett opp.

Vurderingsformer

Munnleg sluttprøve
Mastergradsemna får sjølvstendige karakterar som blir ført på vitnemålet. For vurderingskriteriar, sjå dei enkelte emneomtalane. Etter at mastergradsoppgåva er levert og vurdert, blir det halde munnleg sluttprøve knytt til oppgåva. Karakteren på oppgåva blir justert ved den munnlege prøva, og ein samla karakter blir ført på vitnemålet.

Studentar som legg opp særpensum skriv ei semesteroppgåve om dette. For desse blir det gitt ein sjølvstendig karakter som blir ført på vitnemålet.
I tillegg til mastergradsoppgåva blir sluttprøvene for mastergradsemna evaluert individuelt ved ekstern sensor saman med rettleiar ved Institutt for natur-, helse- og miljøvernfag.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Anette N. Fredly <Anette.N.FredlySPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 16.12.2008