Feltarbeid med rapport P3307
Læringsmål
Studenten skal tileigne seg grunnleggjande metodisk og praktisk kompetanse i til dømes organisering, prosessleiing og evaluering innanfor kulturfeltet. Studenten skal kunne førebu og gjennomføre eit feltarbeid i ein organisasjon/institusjon innan offentleg eller privat sektor. Studenten skal på bakgrunn av praktisk erfaring og datagrunnlag kunne analysere prosessar han/ho har delteke i, styrt eller vore vitne til og framstille dette i ein skriftleg rapport.
Innhold
Kurset er sett saman av følgjande komponentar:
Innføring i metode
Frå ide til praksis; prosjektomtale
Førebuing og tilrettelegging for praksis/feltarbeid
Feltarbeid 8 veker i vårsemesteret
Frå data til tekst; rapportskriving
Tilhøvet mellom teori og praksis
Det er ikkje høve til feltarbeid der studenten sjølv har ei kunstnarleg rolle.
Organisering
Forelesingar, skrivegrupper, individuelt (og eventuelt gruppebasert) arbeid med prosjektinformasjon, feltarbeid i 8 veker og analytisk rapport. Tre obligatoriske seminar i vårsemesteret. Studenten må rekne med utgifter i samband med feltarbeidet.
Vurderingsformer
Prosjektbeskrivelse (2-3 sider) som blir vurdert med stått/ikkje stått, og analytisk rapport (om lag 25 sider). Gradert karakter på grunnlag av den skriftlege rapporten. Munnleg framlegging (open) som kan justere karakteren. Arbeidskrava må vere stått for å få gå opp til eksamen. Alle eksamensdelar skal vere bestått for å få bestått karakter i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 26.05.2009