Praktisk spansk II med didaktikk 2304
Læringsmål
Dette kurset legg også vekt på den praktiske delen av spansk. Hovudmålet med dette kurset er at studenten skal oppnå dei nødvendige ferdigheiter i munnleg og skriftleg spansk på nivå B2 etter Det europeiske rammeverket for språk. Fagdidaktiske emne vil bli lagt inn i undevisninga, slik at kunnskapane skal kunna nyttast i undervisningssamanheng. |
Innhold
Kurset krev aktiv deltaking frå alle studentane, både i debattar i timane, individuelt og i gruppearbeid. Gjennom aktuelle tema og med bruk av multimedia skal studentane oppnå nødvendige ferdigheiter i språket. Studenten skal vere i stad til å delta i enkle diskusjonar om enkle emne. Oversetting av tekst og oppgåver om morfologi og syntaks vil bli brukt for å forsterke læringskvalitet. Studenten skal få forståing av spansk språk og kulturelle forskjellar mellom Norge og spansktalande land og forskjellar spansktalande land imellom. Studenten skal ha forståing av ein formell og uformell samtale i det spanske språket. Studenten skal ha dei nødvendige kunnskapane om spansktalande land sine kulturar og kommunikasjonsnormer, både skrivne og uskrivne, slik at han/ho kan få mest mogleg utbytte av dialogar på spansk. |
Organisering
Førelesingar i språk, med tilknytte øvingar i grammatikk og norsk-spansk og spansk-norsk omsetjing. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga. Vurderingar av nivå og progresjon vil bli gjort med jamne mellomrom. Undervisninga går føre seg på spansk. |
Vurderingsformer
Eksamenen er todelt: |
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 15.08.2009